– Wii kan selje meir enn PS2

Nintendo-president Satoru Iwata har stor tru på Wii sitt potensiale.

I eit intervju med Gamesindustry.biz har Satoru Iwata sagt at han er sikker på at Wii kan selje meir enn PlayStation 2, og ende opp som den mest populære konsollen nokonsinne. Gjennom deira fokus på andre marknadar enn dei som tradisjonellt sett har spel som hobby, har Nintendo prestert å auke andelen jenter og pensjonistar som spelar, to grupper som tradisjonelt sett ikkje er like interessert i spel som unge menn.

– Vi har enno ikkje nådd dei tala PlayStation 2 har, men om vi held fram med å utvide den befolkningsandelen som spelar spel, er eg sikker på at vi kan overgå dei salstala, fortel han til Gamesindustry.biz.

Det neste leddet i Nintendo si satsing på å få alle til å spele spel, er Wii Fitness, eit spel som praktisk talt vil fungere som ein personleg trenar. Samtidig held dei fram med å produsere spel for den tradinsjonelle gamer. Det er blant anna stilt svært høge forventningar til Metroid Prime 3: Corruption og Super Mario Galaxy, to komande stortitlar frå Nintendo.

Det er ikkje til å kome bort frå at Nintendo har hatt enorm suksess med Wii. Problemet deira har ikkje vore å selje nok maskiner, men heller å få ut nok maskiner til butikkane, slik at alle som vil ha ein Wii kan få kjøpt ein.

Siste fra forsiden