(Bilde: Running With Scissors)

12 år etter lansering har Postal 2 fått nytt innhald

Den kontroversielle kultklassikaren har fått nytt liv.

I 2003 blei Postal 2 lansert verda over til stor fanfare for alle som var glade i valdelege og ufine spel. I spelet tek vi på oss rolla som Postal Dude, og får diverse oppgåver som må løysast i løpet av ei veke.

Oppgåvene er som regel greie nok i seg sjølv, men spelet har ein tendens til å likevel kaste deg inn i situasjonar som alle endar med vald. På toppen av dette hersar spelet med så og seie alt og alle, og er ikkje redd for å sparke verken høgt eller lågt.

I ei fersk pressemelding får vi no vite at utviklarane hos Running With Scissors 12 år etter lanseringa av spelet har produsert fram nytt innhald, og det er ute no.

Gjensyn med gammal helt

To våpen er betre enn eitt.
To våpen er betre enn eitt. Bilde: Running With Scissors

I Postal 2: Paradise Lost møter vi atter ein gong Postal Dude, og utviklarane har hyra inn den originale skodespelaren Rick Hunter for å gjenta rolla si. Fleire andre kjende figurar frå spelet skal òg vere tilbake.

Vi får ei nye veke å bryne oss på, og denne gong ser målet ut til å vere å finne ubrukt toalettpapir. Naturlegvis vil vi få ei rekke måtar å løyse denne oppgåve på, om den så kjem gjennom skyting, tramping, eldbomber eller urinering. Utvidinga skal i tillegg by på nye vêrsoner og moglegheiter for å bruke to våpen samtidig.

Postal-serien har vore svært kontroversiell opp gjennom åra, og andre utviklarar har blitt inspirerte av spelet. Eit nyleg døme er det polske spelet Hatred som vekte sterke reaksjonar då det blei kunngjort i fjor haust. I dette spelet finn vi ikkje humoren til Postal, men i staden eit fokus på hat og å drepe for drapa si skuld. Spelet har enda opp med å få den strengaste aldersmerkinga i USA, og blei ei stund utestengt frå Steam.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen