Anmeldelse: Tales of Vesperia

Kast frå deg alle tankar om sosialt liv, og bli med på ei eventyrleg reise i ei magisk verd. X360

Øystein Furevik, 25. juni 2009 09:43Laster kommentarer

Annonse

I Tales of Vesperia møter vi Yuri Lowell, ein ung mann som etter å ha gitt opp eit liv som soldat, tek seg av folks problem i underdelen av hovudstaden. Han er ein bitter og sarkastisk ung mann som ikkje har mykje til overs for styresmaktene, og måten dei held godane tilbake frå dei som treng dei mest. Med seg har han sin beste ven, Repede, ein piperøykjande hund som i følgje Yuri ikkje ser på seg sjølv som ein hund, men som ein person. Korleis Yuri eigentleg kan vite kva ein hund tenkjer, blir raskt tydeleg når Yuri byrjar å oversette Repede sine bjeff.

Gjennom den spede byrjinga følgjer vi radarparet gjennom ei oversvømmming, eit møte med ein gjeng udugelege knektar, samt eit påfølgjande opphald i fengsel. Det blir veldig tidleg klart at dette er ikkje din stereotypiske hovudperson frå Japan. Han er verken tenåring eller blåhåra, og han er ikkje ein sutrepave som legg ut på jordomsegling etter at foreldra døde. Eventuelt blir ein helt heilt utan ein god grunn, sidan han ikkje hugsar noko.

Yuri er ein umiddelbart engasjerande hovudperson som er ei drivkraft gjennom heile spelet. Han er ein gjennomført og truverdig person, som trass sin bitande sarkasme etter kvart veks og utviklar seg i takt med spelet, og dei nye følgjevenene han møter.

Saman mot alle

Som i dei fleste rollespel utviklar det seg kjapt frå å vere bortimot ei soloaffære, til å bli eit spel med mange hovudpersonar som alle har sine eigne mål og synspunkt. I motsetning til ein del andre japanske rollespel dei siste åra, får vi eit persongalleri du endar opp med å verkeleg bry deg om og bli glad i. Det er ein gjeng du ikkje vil seie farvel til. Dei er alle unike individ som bringer noko eige til gruppa, og etter kvart som du blir betre kjend med dei, blir dei forskjellige kommentarane dei kjem med enda meir slagkraftige. Det blir heile tida lettare og lettare å bli veldig engasjert, og tilsvarende spennende kvar spelet tar vegen.

Mykje av dette er takka vere eit varemerke for Tales of-serien. Gjennom heile spelet vil du på forskjellige tidspunkt kunne følgje med på Skits, små sekvensar der dialog over lett animerte profilbilete byggjer opp forholdet mellom personane. Desse går utanfor historia i spelet, og framstår lett berre som krydder for dei som bryr seg, men det er ein stor feil å hoppe over dei. Dei er så til dei grader underhaldande, at det tidvis blir hysterisk morosamt, noko som i stor grad er grunna det fabelaktige skodespelet.

Det er mykje overspeling i dialogen, som seg hør og bør innan animasjon, og det passar heilt perfekt til settinga. Tales of Vesperia er eit nydeleg og fargerikt spel som ofte ser ut som ein svært dyr anime. Skodespelet er deretter, og i staden for å ende opp med håplause stemmer utan innleving og truverd, er det lett å høyre at skodespelarane har det moro, og legg sjela si i å gjere ein god jobb. Heilt frå hovudpersonane og ned til uviktige personar som snakkar berre ein gong. Det er gjennomført heile vegen, og skodespelet får ikkje berre fram kven som snakkar, men samtidig kva slags person det er.

Musikken er på si side atter ein gong signert Motoi Sakuraba. Han har stått bak musikken i omlag halvparten av dei japanske rollespela denne generasjonen, men i Tales of Vesperia bryt han tydeleg frå formelen sin med dramatisk blåsarmusikk. Det er ein herleg variasjon i musikken som sender tankane tilbake på ei nostalgisk ferd til dagane før grafikken blei eit av dei desidert viktigaste hjelpemidla for å fortelje ei historie. Den byggjer opp om kvart område og kvar hending på ein eksemplarisk måte, og er i stor grad med på å å gje spelet ei heilt spesiell stemning.

Som seg hør og bør vandrar Yuri rundt aleine i alle områda du vitjar, før alle kompanjongane viser seg så snart ein kamp startar. Fire karakterar kan vere med i ein kamp, men det er ikkje alltid du endar opp med å slåst med den gruppa du har valt. Fiendane du møter er alle svært aggressive, og vil springe mot deg så snart dei ser deg. Om nokon skulle angripe bakfrå vil du ende opp med å måtte spele med alle dei som ikkje er med i gruppa.

Dette kunne raskt blitt katastrofalt om Tales of Vesperia gjor som andre spel, og berre gav erfaringspoeng til dei som var med i kamp. I staden får absolutt alle erfaringspoeng, uavhengig av om dei er med i kamp eller ikkje, og går opp i nivå på linje med dei andre krigarane. Dette er utruleg praktisk om du skulle kome til eit punkt der nokon du heile tida har brukt, får det føre seg at dei skal gå sin eigen veg.

Den som ventar

Tales of Vesperia er ikkje eit spel som umiddelbart viser kva det er godt for. Historia engasjerer umiddelbart, og tek seg god tid med å sakte, men sikkert gi oss små glimt av kva som eigentleg skjer. Oppbyggingen av kampsystemet tek derimot litt tid. Du byrjar med svært få triks, og det vil ta deg nokre kveldar med speling før det verkeleg byrjar å engasjere.

I starten er du låst til korte sekvensar med slag, og små kombinasjonar av angrep, noko som kan gjere kampane litt uengasjerande i lengda. Dette hadde ikkje vore noko problem om fiendane kom med gode mellomrom, men dette er absolutt ikkje tilfelle. Sjølv om du kan sjå alle fiendar før du hamnar i kamp, er det ikkje alltid like lett å unngå dei, noko som sender deg i kamp uavhengig av om du vil eller ikkje. Med eit magert kampsystem kan dette tære litt på tolmodet ei stund.

Etter kvart skjer det store ting som snur heilt opp ned på dette. Du får tilgang på heftige angrep og nye kombinasjonar, og det kampsystemet som i starten var oppstykka og mangla litt flyt, endar opp som eit av dei villaste og råaste kampsystema sjangeren har å by på.

Eit saleg lysshow

Du startar med enkle kombinasjonar av fysiske angrep, men etter kvart blir det heilt tydeleg at kampsystemet i hovudsak baserer seg på «Artes», eit anna varemerke for Tales of-serien. Artes er forskjellige spesialangrep som du legg til forskjellige retningar på analogstikka. Du har forskjellige typar av dei, og kva rekkjefølgje du vel å bruke dei i har mykje å seie.

Ved å starte med ein «Basic Artes», gjer du vegen klar for å følgje opp med «Arcane Artes», og ved å lenkje desse saman kan du oppnå vanvittige kombar som gir ekstremt med skade til fiendane. Du kan bruke «Arcane Artes» og «Basic Artes» uavhengig av kvarandre, men effekten blir på ingen måte den same.

Det er samtidig viktig å tenke på kva «Artes» du vel å bruke, i tillegg til kva type dei er. Forskjellige «Artes» er gode mot forskjellige ting, som til dømes element, eller fiendetype. Nokre er gode mot flygande fiendar, medan andre er håplause mot dei.

Difor er det smart å studere fiendane i området du er i, noko du kan gjere ved hjelp av eit forstørringsglas. Ved å vere klar for dei fiendane du møter, merkar du umiddelbart at utfallet blir deretter. Om du likevel ikkje skulle følgje med i timen, kan du når som helst stoppe ein kamp for å velje «Artes», eller skifte våpen om det skulle vere behov for det.

Om du har dei rette våpna, det rette utvalet med «Artes», og brukar dei skikkeleg, kan du ta det heile eit saftig steg lengre. Ved å dele ut store mengder skade, kan du få tilgang på «Fatal Strikes». Namnet seier alt, og desse angrepa (som du har ekstremt kort tid på å utføre), tek knekken på det meste med eitt enkelt slag.

I tillegg kan du skifte strategi, noko som kan kome godt med i visse situasjonar, sjølv om det er heller sjeldan. Du får etter kvart så pass mange eigenskapar og gjenstandar, at alt eit taktskifte er til nytte for, ordnar seg sjølv medan du spelar. Eit døme på dette er korleis du kan be krigarane om å ikkje bruke TP, poenga som krevst for å bruke «Artes». I starten kan dette kanskje vere av nytte, men etter kvart får du eigenskapar som byggjer opp TP av seg sjølv om du spelar bra, samt at du får igjen litt TP etter ein kamp, eller du kan koke mat for å gjere det same.

Ein dags arbeid

Det er mange element i Tales of Vesperia som vil vere godt kjende for alle som har vore borti serien før. Eit av desse er kokkekunsten eg nemnde ovanfor. Etter kvart som du utforskar dei slåande vakre områda i spelet, vil du finne gjenstandar som ikkje heilt passar inn. Dette er som regel ein kokk i forkledning, som kan lære deg ei ny oppskrift. Desse oppskriftene kan du bruke når det passar deg, med mindre du nett har laga mat og folk er mette. Maten du lagar kan gjere alt frå å gi TP-poeng til å få opp helsa, samt gi forskjellige bonusar før nesten kamp.

Ein anna svært viktig del av Tales of Vesperia, som óg handlar om handarbeid, er syntisering, eller å lage utstyr om du vil. Teknisk sett gjer du ikkje dette sjølv, men det blir di oppgåve å finne alle ingrediensane du treng, slik at du kan forbetre utstyret ditt, eller lage heilt nytt neste gong du vitjar ein butikk.

På denne måten får du heile tida nytt utstyr. Du kan sjølvsagt gjere det enkelt, og berre kjøpe nye ting, men du går samtidig glipp av mange godsaker. Visse utstyrskategoriar er i tillegg utelukkande tilgjengelege gjennom syntisering. Det er lett å gå seg litt vill i alt det nye utstyret, og difor gjere små feil. Eit døme på dette er korleis du kan oppgradere våpen. Umiddelbart blir du sjølvsagt freista til å gjere dette, men om du ikkje sjekkar om eigenskapane til våpenet endrar seg, kan du brått miste mykje arbeid.

Kvart våpen har forskjellige eigenskapar brukaren kan lære over tid. Etter kvar kamp vil du få poeng som går rett inn i å lære desse eigenskapane, og om du brått oppgraderar eit våpen, kan eigenskapane endre seg, noko som lett kan resultere i at den kombo-bonusen du har brukt lang tid på å lære deg, forsvinn rett før den er klar. Dette er uansett ei smal sak å hugse, og det ingenting å klage på korleis dette systemet fungerer. Du får heile tida nye eigenskapar, og det sørgjer for at vi får ein veldig god progresjon i korleis karakterane utviklar seg. Du står aldri stille, men blir heile tida betre og betre, og dette merkar du lett.

Konklusjon

Med Tales of Vesperia har Namco teke alle dei beste elementa frå Tales of-serien, fjerna dei dårlege, og laga eit fabelaktig eventyr som verkeleg får tankane til å surre tilbake til sjangerens glansdagar på nittitalet. Det er gjennomført engasjerande, morosamt, utfordrande og lett å bli glad i. Tidvis er det som å kome til rollespelhimmelen, der du fyrer laus ekstreme angrep, etterfølgt av ei herleg utveksling av ord mellom hovudpersonane. Det er til å få tårer i auga av. Dei tårene som kjem fram når du er i ekstase, og ikkje kan tenkje deg noko betre i heile verda. Eller eventuelt tårene du får når du ler.

Det er litt tregt i starten, sidan kampsystemet tek seg god tid med å kome i gong, men etter kvart vil Tales of Vesperia utvikle seg til å bli eit rollespel du vil hugse lenge. Det er eit spel med eit minneverdig persongalleri, som legg ut på ei reise saman, og tek deg med. Timane flyr, og strengt tatt kunne du ikkje brydd deg mindre om sommar, sol, og den potensielle badetemperaturen i vatnet.

Tales of Vesperia kjem i salg i morgon, 26. juni, kun for Xbox 360. Ein PlayStation 3-utgåve er i Japan til hausten, men europeisk dato er ikkje kjend.

Diskuter artikkelen i forumet

Annonse:

Boksbilde
Sjangre
Action, rollespill
Plattform
Xbox 360
Slippdato
Ikke fastsatt
PEGI
12+
Utvikler
Namco Bandai
Utgiver
Namco Bandai
Nettsted
Besøk »
Priser for x360
Ingen priser funnet
Spillsamling


Annonse

Siste fra twitter

  1. The Journey Down: Chapter 1 er starten på en ny, lovende eventyrspillserie. Les vår anmeldelse her. http://t.co/1ukyPipv » [ for over to timer siden ]
  2. Lyst på en tur til fotball-EM i sommer? Nå kan du vinne to billetter ved å delta i turneringen på @gamerspar. http://t.co/Q3TEwj32 » [ for åtte timer siden ]
  3. Max Payne 3 er et velolja maskineri med timesvis av moro å by på. Les vår anmeldelse her. http://t.co/3v4IxaiX » [ for 14 timer siden ]
  4. Øystein er svært fengslet av action-rollespillet Dragon's Dogma. Les vår anmeldelse her. http://t.co/DzwxMijx » [ I går ettermiddag ]

Besøk Gamer.nos twitter