Anmeldelse: Dynasty Warriors 7

Som mygg skal opposisjonen skvisast. PS3 / X360

Øystein Furevik, 15. april 2011 20:29Laster kommentarer

Annonse

Du er så flink du! Du er håpet som skin som ei fager sol i det fjerne. Dette vakre lys som dreg oss mot seg. Eg skal gjere mitt beste for å vere som deg. Du motiverer meg til å bli betre. Eg ser deg, og alt eg tenkjer er: Slik vil eg vere. Du får meg til å utfordre mine eigne grenser. Om igjen og om igjen. Mitt liv blir aldri det same.

Kva skal dette vrøvlet bety? Vel, for å seie det enkelt, Dynasty Warriors 7 er nær ved å vere den største pep-talken eg nokon sinne har vore i kontakt med. Eller, det er ikkje heilt sant. Samtlege andre Dynasty Warriors-spel har vore gedigne pep-talks, men det slår meg likevel kvar gong, og denne gongen kjende eg eit kall etter å dra det fram som introduksjonen for eit spel alle andre enn meg ser ut til å hate. Eg blir betre av dette spelet, OK? Eg blir eit betre menneske. Der kvardagen er lang, grå, slitsam og ikkje gjer stort anna enn å drukne meg i panikkframkallande stress, får Dynasty Warriors 7 meg til å innsjå at joda, eg har verdi.

For kvar vesle ting eg gjer får eg ein kommentar frå ein alliert som løftar meg opp til nye høgder. Om den allierte spring ved mi side eller kjempar for seg sjølv fleire kilometer unna betyr ingenting. Dei rosar deg for alt. Heile tida. Eg blir glad.

Tid for ein oppvask
Tid for ein oppvask

Kvestemaskin

Min teori er at dei som meiner Dynasty Warriors-serien er søppel eigentleg ikkje likar å ha det moro. Dynasty Warriors-serien handlar om å ha det moro. Det handlar om å kjenne umåteleg kraft suse gjennom kroppen der du svingar ditt våpen frå høgre til venstre, opp, ned og rundt deg i ein tornado som får Katrina til å sjå ut som ein sval bris. I dette spelet drep du ein fiende praktisk talt berre ved å sjå på han, og den store gleda kjem gjennom korleis du måkar dei ned for fote.

Eg kan ikkje sjå føre meg mange spel som klarar å skape ei større kjensle av makt.

For ein serie kjend for å kome med små endringa i kvar utgåve, tek Dynasty Warriors 7 temmeleg store steg. Om du ikkje kjenner serien vil nok alt sjå rimeleg identisk ut med dei seks føreståande utgåvene, men om ein pirkar litt under topplokket ser ein raskt at dette er eit ganske anna beist enn kva vi tidlegare har fått servert frå dei herlege japanarane i Tecmo Koei.

Først ut er ein ny historiemodus som sjokkerande nok presenterer ei historie det er mogleg å følgje med på. Som vanleg får vi ta del i gammal kinesisk historie, og atter ein gong er det sagaen om dei tre kongedøma som står for tur. Presentasjonen denne gong er derimot av ein veldig annan natur enn før. I staden for å følgje ein helt gjennom eit forvirrande og oppstykka lappeteppe av brødsmular, får vi servert ei solid historie som er overraskande engasjerande. I likskap med Warriors: Legends of Troy byter spelet på kven du speler med, og dette sørgjer for at du får sjå historia frå forskjellige vinklar heile vegen gjennom. Ikkje nok med det, du har heile fire fraksjonar å spele som, så det er nok å ta av.

Bowling blei først ein populær sport etter at kinesarane droppa handtaket.
Bowling blei først ein populær sport etter at kinesarane droppa handtaket.

I tillegg til historia kan du hive deg ut på «Conquest». I motsetning til historiemodusen spelar du her berre som ein krigar av gongen, det skal godt gjerast å bli fort ferdig sidan det er over 60 av dei. Her er ikkje historia viktig, og satsar heller på å ta over den eine delen av Kina etter den andre gjennom eit heksagonalt rutenett. Om du vil kan du til og med spele saman med ein ven lokalt eller over nett, men akkurat denne biten har eg diverre ikkje fått sjekka ut.

Ein ting er uansett sikkert. Det er ekstremt mykje innhald i dette spelet, og du kan lett vie hundrevis av timar til det om du så vil. Dette er både positivt og negativt. Med alle dei krigarane du kan kjempe med gjennom dei to modusane, skal det noko til å kome seg gjennom alt spelet har å by på. Du kan seie det slik at det nesten er litt for mykje av det gode.

Gjennom kamp skal du herdast

I Dynasty Warriors 7 spring du så og seie aleine på slagmarka, i den forstand at du er den einaste som er i stand til å gjere nemneverdig med skade. Du har dine allierte heltar, og drøssevis med allierte soldatar, men skal noko gjerast, må du gjere det sjølv. Dette gjeld for dei fiendtlege soldatane òg. Dei er som nikkedokker å rekne, og dei utgjer knapt nokon trussel. Det handlar meir om å reinske kartet for raude prikkar enn om å møte reell motstand, sjølv om fiendane av og til kan finne på å slå tilbake.

Utfordringa kjem gjennom fiendens generalar. Dei dukkar opp med jamne mellomrom, og du må til kamp mot store mengder av dei gjennom spelet. Å ta ned generalane krev god bruk av kontrollsystemet, men kven av generalane på kartet du skal gå etter krev strategisk tenking. Du får til dømes kontinuerleg oppdatert informasjon om kva som skjer, og nokre gongar må du gjere vanskeleg val. Du kan springe mot eit aktuelt mål, eller du kan prøve å reinske området du er i først. Kva du gjer kan få moralen til å svinge både opp og ned, og dette kan bety meir eller mindre arbeid for deg. Skulle fienden til dømes klare å ta alle dine allierte generalar, vil fiendane flokke seg om deg i hopetal.

Dette blir ei stygg landing, men krig har sine offer.
Dette blir ei stygg landing, men krig har sine offer.

For å kome seg heilskinna gjennom alt dette er det sjølvsagt viktig å gjere ein god jobb med dei våpna du får tildelt, og akkurat her har det òg skjedd nokre endringar sidan sist. Kvar helt har no med seg to våpen i kamp, og du kan skifte mellom dei på brøkdelen av eit sekund. I tillegg har tempoet gått opp eit par hakk, noko som sørgjer for at kampane får eit herleg tempo der du ser fiendane flyge om kapp med kvarandre. Stor strategisk tenking blir ikkje ofte nødvendig midt i kampens hete, men kløktig bruk av kampsystemet kjem godt med når du møter ein eller fleire generalar.

Kampsystemet er bygd opp gjennom den standardiserte formelen med sterke og svake angrep, og du kan flette desse saman på forskjellige vis. Felles for kva du enn måtte gjere er at du til slutt når enden på ein kombo, og om du skiftar våpen på rett tidspunkt kan du slå fienden opp i lufta slik at du berre kan halde fram med fleire komboar. Dette kan du fortsetje med fram med til fienden er død, eller du kan avslutte med eit gedigent Musou-angrep som drep det meste i nærleiken.

Det er ikkje eit ekstremt djupt og avansert kampsystem, men det er moro.

Utvikling og tilbakegang

Etter kvart som du kjempar deg gjennom dei forskjellige nivåa sankar du erfaringspoeng. Dette er ikkje eit ekstremt djupt system, men det er smart nok til at alle poeng samlar seg i ein pott du kan fordele på heltane etter tur. Har du til dømes sanka mange poeng med ein helt, vil dei poenga du har igjen etter nokre oppgraderingar kunne brukast på den neste helten du spelar med. Det er eit godt system som let deg oppgradere både kor mange angrep du kan utføre, samt forskjellige bonusar som rekkevidda på angrepa dine, eller kor mange Musou-angrep du har.

Forskjellige eigenskapar får du òg gjennom våpna du brukar. Ingen helt er låst til spesifikke våpen, men dei har forskjellige våpentypar dei er gode på, og typar dei er mindre flinke med. Alle heltar har samtidig ein våpentype som let dei utføre «EX»-angrep – spesielle komboar som er uhorveleg kraftige – og kan jamne det meste du ser på skjermen med jorda.

Skulle du vere sugen på å vite meir om tidsepoken spelet er basert på får du eit lite leksikon emd på kjøpet.
Skulle du vere sugen på å vite meir om tidsepoken spelet er basert på får du eit lite leksikon emd på kjøpet.

Dette bringer oss diverre over på spelets mindre gjennomførte element. Kva du ser på skjermen er ikkje alltid heilt representativt for kva som faktisk er der. Først og fremst har spelet trass sin lunkne grafikk ei ganske elendig synsvidde, og fiendar dukkar opp frå tynn luft 10-20 meter frå deg. Samtidig kan spelet vere utfordrande for dei som skal ta kvar bidige lus av ein soldat. Er det berre ein eller to soldatar igjen kan dei vere ekstremt vanskelege å få auge på sidan dei mikroskopiske helselinjene deira er nesten usynlege når du er omringa av allierte soldatar. Dette er veldig frustrerande heilt til du lærer deg å bruke minikartet som kan zoomast inn på ditt nærliggjande område. Då ser du lett raude prikkar som svirrar rundt deg, og her og der endar auga opp med å feste seg meir på kartet enn på kva skjermen elles viser.

Spelet har i tillegg enda fleire problem med å vise deg kva som skjer. Dynasty Warriors 7 har eit ganske dårleg kamera, og sjølv om masseslagsmål av denne sorten ikkje er like avhengig av eit godt kamera som mange andre actionspel, byr det på sine problem. Vinklane endrar seg brått, og om ein fiende brått hamnar bak deg er du nøydt til å manuelt vri på kameraet, eller berre feste auga på minikartet i staden. Om du kunne låst deg på fiendar hadde dette raskt blitt mykje betre, men den gong ei.

Slike irritasjonar kan nok av mange oppfattast som graverande feil, og det er det på sett og vis òg, men sidan fokuset først og fremst ligg på å ta mange fiendar om gongen, lærer ein seg lett å leve med det. Eg tenkjer berre over det ein og annan gong, sidan alt går i eit så stort tempo uansett at ein knapt får tid til å bry seg.

Konklusjon

Dynasty Warriors 7 er tanketom moro av beste sort, og alle dei irritasjonar som no og då skulle dukke opp forsvinn når du ser kva som skjer kvar gong du slår eit slag for fridom og fred. Kampsystemet er betre enn nokon gong, og det er ei sann fryd å høvle gjennom den eine skvadronen etter den andre medan dine allierte generalar hyller deg opp i skyene som om du var ein nyfødt Messias. Dynasty Warriors 7 er spel slik spel skal vere; pur underhaldning.

Grei oversikt over kva våpen som duger, og kva du bør styre unna.
Grei oversikt over kva våpen som duger, og kva du bør styre unna.

Det herskar likevel liten tvil om at Dynasty Warriors 7 kunne ha vore eit betre spel. Det kunne hatt eit betre kamera, det kunne hatt betre oversikt, og det kunne kanskje hatt meir variasjon for å overtale deg til å prøve ut alle dei forskjellige krigarane. Det er ekstremt mykje innhald her, men etter hundre timar har eg litt vanskeleg for å finne motivasjonen til å spele i hundre til.

Spørsmålet er derimot om ein har nokon grunn til å klage når ein allereie har kosa seg nok til å spele så mykje.

Annonse:

Boksbilde
Sjanger
Action
Plattform
PlayStation 3
Slippdato
15. april 2011
PEGI
16+
Utvikler
Omega Force
Utgiver
Tecmo Koei
Nettsted
Besøk »
Priser for ps3
229,- hos Coolshop.com
398,- hos Gamezone.no
399,- hos Coolshop.com

Se flere priser »
Spillsamling


Annonse

Siste på forumet

  1. Gamer.no trenger flere spillskribenter
    for elleve minutter siden
  2. ShootMania Storm kommer i år (PC)
    for tolv minutter siden
  3. Capcom setter opp farten (PC)
    for 16 minutter siden
  4. Diablo III knuser salgsrekorder (Mac, PC)
    for 18 minutter siden
  5. Spel From Dust i Chrome (PC)
    for 19 minutter siden
  6. Rangering av lag i Fifa 12
    for 25 minutter siden
  7. – Neste generasjons konsoller er uinteressante (PS3)
    for 49 minutter siden
  8. Company of Heroes 2
    for en time siden
  9. Tera Online tråden
    for over en time siden
  10. World of Tanks
    for over en time siden
  11. Space Quest-skapernes neste spill (Android, iPad, Mac, PC)
    for over en time siden
  12. FIFA 13 - Den Gigantiske Tråden
    for under to timer siden
  13. Shadow of the Colossus går til filmen (PS3)
    for under to timer siden
  14. Nintendo sin E3 pressekonferanse 2012
    for to timer siden

Besøk forumet

Siste fra twitter

  1. Diablo III knuser salgsrekorder. Flere millioner skaffet seg spillet den første dagen. http://t.co/s7wuXuvq » [ for over fire timer siden ]
  2. RT @Sincus: VentureBeat har en bra artikkelserie gående: Tøffe spillbilder til din Facebook-side. Nå har de kommet til indiespill. http: ... » [ for over fire timer siden ]
  3. Se skytespillet til TrackMania-skaperne. Nadeo avslører spillscener, redigeringsverktøy og betatest i ny video. http://t.co/yRoQUOhR » [ for fem timer siden ]
  4. Det musikalske kampsportspillet KickBeat er kunngjort for PS Vita. http://t.co/Ki5d0obz » [ I går ettermiddag ]

Besøk Gamer.nos twitter