– Å ikkje lage Assassin's Creed kvart år ville vere dumskap

Ubisoft vil produsere fleire leigemordarspel så lenge folket vil ha dei.

I løpet av den førre konsollgenerasjonen bygde Assassin's Creed-serien seg raskt opp til å bli ein av Ubisofts viktigaste seriar. Etter lanseringa av Assassin's Creed II i 2009 har det kome minst eit nytt spel i serien kvart, og dette ser ikkje ut til å endre seg med det første.

I eit intervju med Edge fortel Lionel Raynaud frå Ubisoft at dei er i stand til å lage eit nytt Assassin's Creed-spel kvart år fordi det er det folk vil ha:

«Så lenge dette behovet er der, ville det vere dumskap å ikkje tilfredsstille det, men det skapar eit stort trykk på oss for å ikkje skuffe.»

Han fortel vidare om kva som er viktig for å halde serien vital i ein stadig meir utfordrande marknad:

«Spela må halde seg til seriens kjerneverdiar, og vi må sørgje for at vi fullt ut forstår kva det vil seie å vere ein leigemordar. Vi må passe på å kunne by på ei betre oppleving kvar gong, og samtidig tilby noko nytt spelarane ikkje har sett før.»

Fleire spel til førre generasjon

Assassin's Creed Unity ser ut til å bli lekkert.
Assassin's Creed Unity ser ut til å bli lekkert.

I intervjuet fortel Raynaud òg at Ubisoft på ingen måte er ferdige med PlayStation 3 og Xbox 360. Dei vil tilby noko nytt i år, og sannsynlegvis i åra som kjem. Han meiner skiftet til ein ny konsollgenerasjon berre vil bety positive ting for spela som vil kome til PlayStation 3 og Xbox 360:

«Om vi bestemmer oss for at den nye generasjonen er hovudplattforma for eit spel, seier vi berre at versjonane til den tidlegare generasjonen kanskje ikkje vil få alt, men vil likevel vere eit betre spel enn kva vi er vande med frå den generasjonen. Vi har ikkje latt vere å gjere noko med Assassin's Creed og Watch Dogs berre fordi vi har ein annan generasjon å tenkje på.»

Ubisoft kunngjorde nett deira første Assassin's Creed-spel som droppar PlayStation 3 og Xbox 360, og utelukkande dukkar opp på PlayStation 4, Xbox One og PC. Det har fått namnet Assassin's Creed Unity og tek plass i Frankrike under den franske revolusjonen. Rykta har i tillegg svirra og gått om eit nytt Assassin's Creed til PlayStation 3 og Xbox 360. Kommentarane til Raynaud ser ut til å i alle fall delvis stadfeste at dette er tilfelle.

Kommentarer (15)

Forsiden akkurat nå

Til toppen