Actionfylt strategispel kjem til PlayStation 4

Kingdom Under Fire II er framleis i live.

For nesten seks år sidan kunngjorde BlueSide det massivt nettspelet Kingdom Under Fire II. I motsetning til kva namner seier så er dette langt frå det andre spelet i serien. Det heile starta med eit strategispel for PC i 2001. Deretter tok serien turen over til den originale Xbox-konsollen der vi fekk to spel, før actionrollespelet Kingdom Under Fire: Circle of Doom dukka opp på Xbox 360 i 2008.

I det første Xbox-spelet Kingdom Under Fire: The Crusaders møtte vi eit heilt anna spel enn det tradisjonelle strategispelet serien starta med. I staden for ordinær strategi i sanntid fekk vi ei blanding mellom action og strategisk krigføring som fekk svært god mottaking her hos oss.

Kingdom Under Fire II lovar å by på heftig strategisk action, men når?

Du styrte ein helt, men hadde samtidig kontroll over store hærar som kunne vere samansette av infanteri, kavaleri og katapultar for å nemne noko. Når dei ulike hærane braka saman skifta spelet fokus til å la deg angripe fiendar i ein stil som kan minne mykje om Dynasty Warriors-serien.

Til PlayStation 4

Med Kingdom Under Fire II vil dei koreanske utviklarane ta det heile eit massivt steg vidare. I staden for å primært vere eit spel du spelar aleine, vil hovudfokuset i det nye spelet liggje på å møte andre spelarar på nett. Som med andre massive spel på nett kan du skru saman din eigen helt, men i tillegg til dette vil du setje saman dine eigne hærar.

I desse dagar boltrar utviklarane seg på Gstar 2013-messa i Sør-Korea, og der har dei i følgje den offisielle Kingdom Under Fire II-Twitter-kontoen kunngjort at spelet kjem til PlayStation 4. Denne kjem i tillegg til dei allereie kunngjorde versjonane for PC og PlayStation 3.

Nøyaktig når spelet vil dukke opp ser det derimot ikkje ut til at utviklarane har sagt noko om. Kingdom Under Fire II har allereie vore under utvikling i veldig mange år utan at vi har sett mykje til det, men vi får krysse fingrane og håpe vi får servert meir konkret info snarleg.

Siste fra forsiden