Activision gir ikkje opp Wii U

Call of Duty: Ghosts kjem til Nintendo-konsollen.

Det har ikkje gått heilt rett veg for Nintendo etter at dei i fjor lanserte Wii U. Dei store salstala har uteblitt, og i tillegg til å miste eksklusive titlar, har giganten EA droppa all støtte for konsollen sidan marknadsandelen er alt for låg.

Eit selskap som ikkje har planar om å ignorere Nintendo er Activision. I løpet av hausten vil dei gje ut seks spel til Wii U, fortel Eurogamer.

Det blir skyting på Wii U i år og.

For store og små

Den største og utan tvil viktigaste av desse titlane er naturlegvis Call of Duty: Ghosts. Det førre spelet i serie greidde aldri heilt å etablere eit solid spelarsamfunn på Wii U, og tida vil vise korleis det går med Call of Duty: Ghosts eitt år seinare.

Dei andre titlane Activision har på plakaten for Wii U siktar seg mot eit ganske anna publikum. Wii U-eigarane vil få tilgang på to Angry Birds-pakkar med Angry Bids Trilogy og Angry Birds Star Wars. Eit spel i den populære Skylanders-serien er på veg i Skylanders: Swap Force.

Eit par spel basert på TV-seriar vil òg dukke opp på Nintendos konsoll når Wipeout Creat & Crash og SpongeBob SquarePants: Plankton's Robotic Revenge blir lanserte seinare i år.

Les også: Activision Blizzard skiller seg fra Vivendi Les også: Activision gir bort 21 millioner kroner til soldater

Siste fra forsiden