(Bilde: TREK Industries)

Activision har fått ORION fjerna frå Steam

Utviklar TREK Industries skal ha stole grafikk frå Call of Duty-spela.

27. juni blei skytespelet ORION fjerna frå Steam, etter at Activision skulda dei for brot på amerikansk opphavsrett. Utviklar TREK Industries skal ha brukt delar av våpen frå Call of Duty: Black Ops III og Call of Duty: Advanced Warfare i sitt eige spel.

Her er våpna.
Her er våpna. Bilde: Reddit-brukar GameksTastik

Her kan ein sjå ein detaljert samanlikning. Våpendelane er like, men om dei er direkte kopiert kan ein ikkje vite sikkert. Activision meiner å ha bevis for at dette har skjedd.  

Utviklaren har tidlegare vore i vinden for å ha brukt bilete dei ikkje eigde til Steam-prestasjonar.

Nekta fyrst alle anklagane

I fleire innlegg på Facebook, Twitter og YouTube har TREK Industries sagt at Activision tar feil. Det fyrste me fekk høyre om saken kom frå TREK Industries si side, der dei gjekk ut på sosiale media med krass kritikk mot Activision, og skulda dei for løgn.

Her er videoen som TREK Industries la ut.

I fylgje grunnleggjaren av TREK Industries, David Prassel, har ikkje Steam fått noko kopi av saksdokumenta frå Activision. Dette gjer at spelet blir tilgjengeleg igjen innan ti verkedagar etter dei fekk DMCA-førespurnad, viss Activision ikkje sender noko direkte til Steam. Prassel er heller ikkje einig i at dei har direkte kopiert noko frå Call of Duty-våpna, og meiner brot på opphavsrett ikkje gjeld grafikkressursar som bare har ein viss likskap. 

– Activision har vondsinna og feilaktig brukt ein DMCA-førespurnad for å aggressivt angripe eit lite, uavhengig utviklarselskap i løpet av det største Steam-salet i året, seier TREK Industries i ein YouTube-video.

Utviklaren er i stor grad avhengig av inntektene frå sala på Steam, og ønskjer å gå til sak mot Activision for å få tilbake pengane dei har tapt.

Utviklaren ville fjerne våpna 

ORION-hagla skal ha henta grepet frå Call of Duty-hagla.
ORION-hagla skal ha henta grepet frå Call of Duty-hagla. Bilde: TREK Industries

Etter at bilete av likskap mellom våpna blei lagt ut på reddit, innrømma utviklaren at det var visse likskapstrekk, men bare på eit sikte som er inspirert av ei M1 Garand-rifle. 

– Siktet på våpenet er den einaste likskapen me kan sjå. (…) Activision er eit milliardselskap som nedkjempar eit spel som for augneblinken kostar fire kroner, utan å kontakte oss eller gi nokon peikepinn på kva våpenressurs det var snakk om i byrjinga, seier utviklaren. Dei meiner Activisions bruk av DMCA ikkje er i tråd med lovverket.

I etterkant har TREK Industries sagt til Steam at dei gjerne kunne fjerne våpna det var snakk om for å få spelet inn på plattforma, men at Steam ikkje godtok dette. Dei vil likevel endre nokre av våpna det var snakk om. 

– Det at me er villige til å fjerne innhaldet er bare for vår eigen del. Me er ein liten utviklar, og kvart minutt som spelet ikkje er tilgjengeleg på sumarsalet er eit hardt slag for selskapet, seier Prassel via YouTube

Enda meir krangling

Etter dette igjen har David Prassel starta ein eigen indiegogo-kampanje for å støtte spelet, som han visstnok har donert 500 dollar til sjølv. 

På Reddit har han også sagt at Activision har brukt Photoshop på bileta av våpna. I fylgje Prassel var det ikkje han sjølv som sa dette, og meiner Reddit-kontoen hans blei stolen, men dette møtte motstand frå andre Reddit-brukarar. På Facebook har David Prassel også gått vesentleg lengre mot Activision kvelden 28. juni, med formuleringar som strengt tatt ikkje kan gjengis her. 

Heile farsen enda tilsynelatande med at David Prassel utestengde seg sjølv frå Steam-forumet, for å hindre at han sa noko meir som kunne skade selskapet. 

Til høsten får vi eit gjensyn med eit sjangerdefinerande spel.
Sjå det nye klippet fra Call of Duty: Infinite Warfare »

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen