Anmeldelse

Agatha Christie: Evil Under The Sun

I mange år har detektiven Hercule Poirot herja bok- og filmverda med fantastiske løysingar på intrikate gåter. Spelverda har på si side nettopp fått sin del av den kjende etterforskaren. The Adventure Company prøver å gi oss eit spel der vi verkeleg føler oss som Poirot og kan løyse avanserte gåter. Evil Under the Sun klarar ikkje å gi oss eit tilfredsstillande resultat.

Poirot i aksjon

Vis større

Trailer: Agatha Christie: Evil Under the Sun


Fisefin helt

Hercule Poirot har invitert ein ven over til sitt hus, midt under 2. verdskrig. Beskjeden som han er, vil Poirot fortelje ei historie om ei stor sak han løyste for nokre veker sidan. Ikkje nok med det, han skal fortelje historia så klart og tydeleg at det er omtrent som å vere der sjølv, meiner han. No skal vi endeleg få sjansen til å løyse ei ekte mordgåte.

Introen til spelet er ikkje forsiktig med lovnadene og allereie frå starten av skiljar historia seg ut som det aller beste elementet i spelet. Handlinga går føre seg på ei øy i Storbritannia. Poirot er tilfeldigvis på hotellet her då mistenkelege ting byrjar å skje. Vår helt merkar at det er ugler i mosen, og byrjar med ein gong etterforskinga.

Her byrjar eg å lure litt. Det er eit døgn til drapet skal skje, men eg har berre teke nokre få steg utanfor hotelldøra då spelet ber meg om å ta tida frå staden eg er på, til staden der mordet skal skje. Forvirra sit eg igjen og lurer litt på kvifor eg må etterforske noko som ikkje har skjedd endå. Ville ikkje det vore ei grundigare attforteljing av historia om Poirot ikkje visste heilt kva som gjekk føre seg?

Ein liten landsby
Ein liten landsby

Sida Poirot fortel deg historia frå framtida, får moglegheita til å kommentere absolutt alt du gjer, og han let ikkje den sjansen gli frå seg. Dette er til tider svært irriterande. For det første gjer han saka alt for enkel. Om du finn eit tilsynelatande viktig spor kan han fort røpe kva du skal gjere med det, og drepe litt av kjensla av å vere ein detektiv. Eg vil ikkje bli rettleia gjennom spelet, eg vil etterforske og tenkje sjølv. Han har òg ein tendens til å avgrense spelmiljøet. Om eg prøvar å klatre ned ein stige, fnys Poirot høgt i øyret mitt og seier til meg at dit ned skal han ikkje. Han kan jo bli skiten på hendene. Gud forby.

Mystisk øy

Evil Under The Sun er delt opp i sju akter, og kvar av dei finn stad på forskjellege tider på dagen. For kvar akt må du gjere absolutt alt spelet har planlagt for deg innafor dette tidsrommet. Om du for eksempel ikkje har plukka opp spaden som låg ved stranda, så kjem du aldri vidare i spelet før du har teke den med deg. Spelet gir deg heller ingen leietråd på kva du må gjere for å komme vidare. Kva er resultatet? Jau, eg vandrar rundt på slutten av kvar akt og gjennomsøkjer heile øya på jakt etter det eine sporet som sender meg framover. I staden for å føle at du gjer ein merkbar framgang i spelet, bremsar det opp og tvingar deg til å gå igjennom dei same områda om igjen og om igjen.

Sjølv om du nesten ser litt for mykje av den, er øya fint bygd opp med meir enn nok av stader du kan utforske. Fleire er verkeleg stemningsfulle, men nokre verkar unødvendige. Enkelte stader vert berre brukt ein gong i spelet og tener elles som oppfyllingsskjermar. Dette fører til at mesteparten av tida i Evil Under the Sun vert brukt til å sjå Poirot ta små musesteg over skjermen.

Stilfullt etablissement
Stilfullt etablissement

Grafikken er høgst variabel. Av og til ser den fin og flott ut, og av og til ser den ut som noko eg spelte for fem år sida. Mellomsekvensane liknar eit komisk dokketeater, figurane er uttrykkslause og omgivnadane er flate og kjedelege. Kameraet er låst til ein posisjon under speling og dette er nok den beste retninga for eit slikt spel. Her må du gå frå skjerm til skjerm, akkurat som i dei tidlege eventyrspela som Day of the Tentacle og Monkey Island.

Hercule Poirot, altmoglegmann

Sida du vert plassert på øya ca. eit døgn før mordet skjer, gir dette deg god tid til å bli kjent med øya, figurane og historia. Absolutt ein god idé. På denne måten kan du få dine teoriar allereie frå starten av, men når halvparten av spelet finn stad før mordet skjer vert det altfor mykje dødtid. Det meste du gjer før mordet har ingenting med saka å gjere. Finne forsvunnen post? Redde oljedekka fuglar? Er du Poirot, den verdskjende detektiven eller er du øyas trufaste vaktmeister?

Heldigvis er seksjonane der du får lov til å jobbe med mordsaka utført som dei skal. Her må du kople spora du har samla og så lenge stemma frå framtida held kjeft er det riktig spanande å etterforske og analysere alle personane som har motiv for å ta livet av nokon. Den siste delen av spelet, den etter mordet, er svært intens og bygg seg opp mot løysinga på mysteriet i ekte Poirot-stil. Difor er det synd at desse augneblinka er pakka inn mellom gjentakande leiting etter det siste objektet som sender deg vidare til neste akt.

Den kvite dressen er obligatorisk
Den kvite dressen er obligatorisk

Musikken er svært tilfeldig plassert inn i spelet. Under speling er det ikkje ei blokkfløyte å høyre, mens under mellomsekvensane får du høyre mystiske, fine melodiar spelt mot deg. Eg hadde ikkje hatt noko imot ein liten trall eller to under speling, for å forsterke kjensla av å vere ein del av verda vi ser på skjermen.

Konklusjon

Det beste du kan vente å komme over i Evil Under the Sun er kjensla av å leve i ei Agatha Christie-bok, men denne kjem i små porsjonar. Inn i mellom den håplause leitinga etter spor, flyttar spelet historia framover, men mistar flyten på same tid. At du må gjere så mykje anna enn å løyse hovudgåta plagar meg. Eg vil fokusere på mordsaka i større grad enn eg får lov til. Spelet vekkjer aldri den heilt store interessa før mot slutten, og du har slite deg igjennom litt for mykje dødtid før du endar opp der.

Spelet gjer nokre ting rett, og spesielt er historia så godt fortalt som eg kunne ynskje. Hadde det vorte fokusert meir på spelbarheita, kunne Evil Under the Sun enda opp med å bli eit skikkeleg flott mysterium. Dessverre vert dette eventyret litt svakt, så om du har lyst på ei skikkeleg Agatha Christie-gåte til påska, les boka.

Vurdering


Windows
Nokså dårlig

Agatha Christie: Evil Under the Sun Windows Windows 4/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 16. november 2007
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: JoWooD
  • Utvikler: AWE Productions

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen