Age of Mythology får HD-versjon

Strategiklassikaren får seg ein finpuss og nylansering neste månad.

Hugsar du Age of Mythology? Dette strategispelet frå 2002 gav oss grunnmekanikkane frå Age of Empires-serien i ei heilt ny setting. I staden for å basere seg på hendingar frå verdshistoria fekk vi eit spel der vi kunne kjempe mot mytologiske beist og andre overnaturlege skapningar.

I spelet får vi spele som egyptarar, vikingar, grekarar eller ta styringa over folk frå Atlantis. Spelet fekk svært god mottaking, og blei i vår vurdering krona til det beste spelet i «Age»-serien.

I dag har Microsoft via Age of Empires-nettsidene kunngjort at Age of Mythologies er tilbake. Vi får ikkje eit heilt nytt spel, men i staden ein HD-versjon ikkje heilt ulik HD-versjonen av Age of Empires II. Versjonen har fått namnet Age of Mythologies Extended Edition, og kjem i sal for Windows gjennom Steam tidleg i mai.

Grafiske forbetringar

Sjøen har fått seg ein finpuss.
Age of Mythology med nye effekter på plass..

Dei mest merkbare endringane i denne nye versjonen av Age of Mythology vil vere grafiske. Utviklarane skryt over mykje betre vatn, nye lyseffekter, og full støtte for widescreen, noko som på ingen måte var sjølvsagt då spelet opprinneleg vart lansert.

I pakka får du både Age of Mythologies, samt ekspansjonspakka The Titans. Spelet får full støtte for Steamworks, samt Twitch. Ein forbetra observatørmodus skal òg vere på plass.

Om du er på jakt etter eit nytt strategispel medan du ventar på Age of Mythologies Extenden Edition, kan kanskje Alpha Centauri-inspirerte Pandora: First Contact vere noko for deg.

Kommentarer (24)

Forsiden akkurat nå

Til toppen