Sniktitt

Age of Conan: Hyborian Adventures

Vi har vore på monsterslakt i dei idylliske fjellandskapa hos Funcom.

Det er ein liten ting som er veldig viktig å presisere før ein seier noko som helst om Age of Conan: Hyborian Adventures. Uansett kor mange videoar og bilete du har sikla over, gjer ingen av dei rettferd ovanfor kor vakkert dette spelet er.

Se trailer fra spillet

Vis større

Trailer: Age of Conan #2

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • age of conan
  • Conan
  • rollespill
  • online
  • nettspill


For å vere heilt ærleg: eg synest Funcom har gjort noko så merkeleg og i strid med normen, som å framstille spelet som svakare grafisk enn kva det i realiteten er.

Dette er ikkje berre det penaste massive onlinerollespelet så langt, det er frå ende til anna eit ubeskriveleg vakkert spel. Du kan sei alt du vil om dei tekniske prestasjonane, og eg skal seie meg einig, men det er likevel ikkje der magien ligg. Funcom har trylla fram ei verd du faktisk trur på når du tek dine steg inn i den. Overalt er det fullt av små detaljar som pustar liv inn i det som raskt kunne blitt ei statisk og uinteressant verd om lisensen hadde hamna i feil hender.

Men sidan vi har snakka om dette før i vår snikkikk, er det noko anna vi skal gå inn på no. Som ein av dei første i verda, utanfor Funcom si hardkokte kjerne av testarar, har eg fått lov til å prøve spelet. Saman med ei lita gruppe norske journalistar blei eg kasta ut i kamp mot pictar, livsfarlege tre, og eit og anna flygande beist.

  • Se også del 1 og del 2 av vårt omfattende leserintervju med Funcom

Gutta på tur

Dessverre var ikkje Funcom snille nok til å la oss skape ein karakter sjølv, og vi fekk heller ikkje bestemme klasse. Vi var alle ein soldat på nivå ti, og alt vi fekk lov til var å trykke på ein knapp for å tilfeldiggjere ansiktet på personen, noko som eigentleg var god underhaldning i seg sjølv. Resultatet ble ein gjeng på seks identisk kledde personar med vidt forskjellige ansikt, men alle med same stemme sidan det i essensen var same person med forskjellige ansikt. De forsikret oss imidlertid om at stemmene blir meir varierte i butikkutgåva.

Vi entra eit område, og ved inngongspartiet stod det nokre personar vi kunne snakke med. Dette utløyser noko som er på høg tid i MMORPG-verda: Kjensla av at du spelar deg gjennom eit eventyr – og ikkje ei evig jakt på erfaringspoeng – er der umiddelbart. Du har nokre samtaler der du får sjå eit nærbilete av personen du snakkar med, samtidig som personane for ein gongs skuld har stemmer. Det kan i stor grad samanliknast med korleis samtaler fungerar i spel som Jade Empire, bortsett frå at det er mykje mindre tekst å pløye gjennom her.

Etter ein kort prat med desse var det berre å kaste seg ut i kamp. I utgangspunktet kan du gjere dette på to måtar. Du bevegar deg med eit typisk WASD-oppsett, men kampsystemet er noko for seg sjølv. Nederst på skjermen ligg det ein sirkel som signaliserar angrepa dine. Du kan angripe framover, samt høgt og lavt frå høgre og venstre. Dette gjer du entan ved å klikke på kvart angrep sitt symbol med musa, eller ved å trykke inn knappar for kvart angrep på tastaturet. I tillegg kan du bruke gamepad, men dette fekk ikkje vi prøve. I oppsettet vi spelte med var angrepa lagt rett over WASD, slik at du kun treng flytte fingrane dine nokre korte cm for å angripe. For å velge ut ein fiende flyttar du karakteren i retning av den du vil dele i to.

Dette medfører ei stor forandring for sjangeren. Typisk sett vel du deg ein fiende, låsar deg fast, og angrip til den er død. I Age of Conan angrip du den fienden du peker mot. Flyttar deg mot ein anna fiende, vil du angripe den. Dette åpnar for mykje større dynamikk i kampane, men du blir samtidig nødt til å halde auga på skjermen i større grad.

Du vil også bli stilt ovanfor dilemmaet om korleis du skal angripe. Om du kun kjempar mot ein fiende, er det lurt å bruke angrepet som slår rett fram, sidan dette gir retningsbestemt skade. Om du slår diagonale slag, vil ikkje desse gi like mykje skade på ein person, men om du har fleire fiendar rundt deg, vil du kunne skade alle samtidig.

Les også
Demonisk action med Painkiller-teknologi

Engasjerande kampar

Vårt besøk hos Funcom enda opp som ei litt kaotisk affære. Når du befinn deg i lag med fem andre soldatar som alle slår mot den same gjengen med fiendar, blir det mange kroppar på ein stad. Ein mistar litt oversikt over kva ein eigentleg skal angripe, i forhold til kva ein vil få når ein har eit godt samansett gruppe av forskjellige klassar. Men engasjerande var det, i enormt mykje større grad enn kva eg kan innrømme at eg blir av den typen kampsystem du finn i omlag alle MMORPG-spel til no. Det er som eit action-eventyr der du får lov til å spele med andre.

Funcom har som mål å skape eit kampsystem som får fram barbariet og brutaliteten i Conan si verd, og eit ledd i å gjere kampane enda meir engasjerande, har vi eit solid og lettfatteleg kombosystem. Ved sidan av angrepsringen vil du finne symbol for dei forskjellige komboangrepa. På nivå ti hadde vi tilgong på to angrep til ei kvar tid, og du får sjå på kampringen kva du kan trykke på for å utføre dei. Det var ingen avanserte komboar tilgjengeleg på dette nivået, og det var nok å trykke inn to knappar etter kvarandre for å utføre eit angrep.

Du vil sjølvsagt få eit gradvis større utval av komboangrep, og åtte aktive angrep er maskgrensa. Du kan når som helst skifte kva angrep du vil bruke ved å dra dei frå ein enkel meny, og ned til angrepsringen. Det er forøvrig ei lita ventetid etter eit komboangrep før du får bruke det igjen.

Funcom vil lage eit spel for vaksne (slik som teikneserien har vore merka som teikneseriar for vaksne) og eit ledd i dette er at komboangrepa gjerne får kroppsdelar til å fly i mykje større grad enn kva normale angrep vil gjere.

Skjoldbruk

I Age of Conan vil fiendane tilpasse seg korleis du angrip. Om du til dømes alltid går etter sverdarmen til ein fiende, vil han prøve å beskytte denne, noko som vil tvinge deg til å forandre taktikk om du vil vere effektiv. Dette bringer fram eit spørsmål om korleis skjoldbruk vil fungere. Eit uunngåeleg problem som forsinkelse vil gjere det vanskeleg å få inn eit presist system for å bruke skjoldet skjølv. I staden veljer du korleis karakteren din skal prioritere skjoldbruken. Du kan velje kva delar av kroppen din du vil beskytte, og la spelet ta seg av dette, medan du fokuserar på å angripe.

Ein stor og viktig del av spelet vi ikkje har fått sjå nærare på, er dei store slaga med krigsmaskiner og festningsverk. Dette er noko vi må vente på, men det lovar å by på ei unik utfordring. Saman med lauget ditt kan du i spesielle områder bygge opp festninger. Her gjeld det å vere først til mølla, sidan det er begrensa med plass, noko som garantert vil skape konfrontasjonar mellom laug som gjerne vil ha ein heim å kalle sin eigen. Om du er redd for at nokon skal angripe fortet ditt medan du er ute og solar deg i sola, treng du heller ikkje fortvile. Fienden må avtale tidspunkt for eit angrep, og dette vil gi begge parter nok av tid til å planlegge større kampar. Du kan riktignok ikkje nekte alle angrep, og med jamne mellomrom du takke ja.

Resten av områdene i Hyboria vil ha fokus på eventyret du har framfor deg, eller vanleg strid mellom spelarar. Funcom har bygd spelet rundt forskjellige soner, som de mener er dei mest interessante områda i Conan si verd. Du får altså ikkje lov til å vandre gjennom heile den langstrakte verda til Robert E. Howard. Alle områdene er heller ikkje tilgjengeleg umiddelbart, flere områder vil låses opp over tid. Alle landskapene og områdene i Age of Conan er handlagde. Alt du ser er plassert for hand, og det er ikkje snakk om å generere ting automatisk og samtidig miste truverd. For å få til noko slikt skal det ganske mange mannstimar til, og då blir det raskt forståeleg kvifor Funcom ikkje har gått i gong med å realisere kvar vesle avkrok av Hyboria.

Konklusjon

Age of Conan: Hyborian Adventures skal ut i gameplay-betatest om ikkje alt for lenge, og då kan ein endeleg få sjå alt Funcom har jobba med dei siste åra. Dette er eit spel som raskt kan kome til å revolusjonere sjangeren. Vi har sett avanserte kampsystem og flott design før, men i online-verda har vi enno ikkje sett noko på nivå med det Funcom jobbar med. I Age of Conan tek du verkeleg stega inn og er ein krigar, i staden for å ha gi ordrer til ein person på skjermen. Du får oppleve alt frå tropiske junglar og nordiske skogar, til langstrakte sandsletter og eldgamle temple i eit slåande vakkert spel. Mine gratulasjonar er på veg til dei 100 som vann betanøkkel, dei har noko å glede seg til.

Age of Conan slippes for PC 30. oktober. Ein Xbox 360-utgåve er og i utvikling, men har ingen lanseringsdato.

Siste fra forsiden