Alice-skaparen kansellerer Kickstarter-kampanje

Droppar Oz til fordel for å kjøpe filmrettane til Alice-universet.

For nokre veker sidan lanserte mannen bak Alice-spela ein Kickstarter-kampanje for eit nytt forvrengt eventyr. Med OZombie ville American McGee øydeleggje alle dine gode minne frå Trollmannen frå Oz-universet for å lage eit uhyggjeleg eventyr i det.

Den kampanjen gjekk ikkje heilt den rette vegen. Ikkje ein gong å omdøype spelet til prosjektnamne Oz Action Adventure såg ut til å få fart på ting. Eitt av problema til kampanjen var at eitt av strekkmåla var å skaffe filmrettane til Alice-universet for skarve 200 000 dollar, noko som skapte ei konflikt mellom det å lage eit spel, og det å skaffe filmrettar.

American McGee og studioet hans Spicy Horse prøvde å lausrive strekkmålet frå kampanjen, men til inga nytte sidan Kickstarter berre tillet deg å køyre ein kampanje om gongen. Sidan oppkjøp av desse rettane har Spicy Horse valt å avslutte kampanjen for Oz Action Adventyre, til fordel for å lansere ein kampanje for å kjøpe rettane til å lage filmar basert på Alice-universet.

Alice på spasertur i London.

Kortfilmar om Alice

Om Den nye Kickstarter-kampanjen blir ein suksess vil Spicy Horse i samarbeid med diverse animasjonsstudio produsere fleire animerte kortfilmar som tek føre seg livet til Alice etter spelet Alice: Madness Returns. Filmane vil leggje handlinga til London i 1875, ei tid då byen var full av kjende personar som har fått mykje å seie for ettertida.

Med sine nye evner kan Alice klatre inn i sinnet til andre personar, og dei kan vere alt frå Jules Verne, Darwin og Jack the Ripper. Naturlegvis vil det heile ha nokre solide konspirasjonar som bakteppe.

Hovudmålet ser likevel ut til å bli ein serie med filmar som vil prøve å kaste lys på opphavet til psykologisk horror, samt ein kikk på korleis eit samfunn kan vere årsak til mental sjukdom.

Om du vil sjå Alice-serien halde fram i filmformat har du 19 dagar på deg før kampanjen stenger. Venta du på Oz-spelet må du derimot smøre deg med tolmod. Spelet er ikkje kansellert, men er for tida nedprioritert til fordel for Alice.

Les også: Kickstarter-suksess for indie/JRPG Les også: Utforsk gigantisk øy i frontiers

Siste fra forsiden