Alien-gjenforening til hausten

Skodespelarane frå den første filmen samlast igjen i Alien: Isolation.

Spel baserte på dei populære Alien-filmane har ikkje alltid vore like vellukka. Kvalitetsmessig har det gått både opp og ned, og i fjor gikk det heilt skeis då uferdige Aliens: Colonial Marines landa i butikkhyllene med eit nesten makabert mageplask.

Seinare i år er det klart for eit nytt Alien-spel, og forhåpentlegvis går det betre denne gongen. Spelet hentar det meste av inspirasjonen sin frå den første Alien-filmen, og i spelet trer vi inn i rolla som Amanda Ripley, dottera til seriens hovudperson Ellen Ripley. I spelet reiser ho ut på ei nifs reise for å finne ut kva som skjedde med mora.

Gjenforening på veg

Snart kan du få spele som legendariske Ripley.
Snart kan du få spele som legendariske Ripley.

I ei pressemelding frå Sega i dag får vi vite at Amandas eventyr er langt frå alt vi får erfare i Alien: Isolation, i alle fall om du er villig til å ta sjansen på å førehandsbestille spelet. Alle som kjøper spelet før lansering vil få laste ned to ekstra episodar utan ekstra kostnader. I desse møter vi Ellen Ripley, samt fleire av personane frå den første Alien-filmen.

Om dette luktar billeg marknadsføringsstunt er det verdt å merke seg at skodespelarane som originalt vekte desse personane til live er tilbake for å vekkje dei til live igjen. Sigourney Weaver er tilbake i rolla som Ripley, Tom Skerritt som Dallas, Veronica Cartwright som Lambert, Harry Dean Stanton i rolla som Brett, samt Yaphet Kotto som Parker. Ian Holm blir nemnt i pressemeldinga, men ordlyden gjer det noko uklårt om det er han eller ein imitator som spelar inn dialogen. John Hurt glimrar med sitt fråvær.

I den første av dei to episodane får vi ta på oss rolla som enten Ripley, Dallas eller Parker rett etter at Brett har blitt sendt til etterlivet av Alien-beistet. I den andre episoden må Ripley kome seg tilbake til Nostromo for å aktivere sjølvdestruksjonsmekanikken.

Om du vil vite meir om Alien: Isolation bør du få med deg vår ferskaste sniktitt, samt ta ein kikk på vårt intervju med utviklarane bak spelet.

Alien: Isolation kjem i sal for PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360 og PC 7. oktober.

 

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen