Alien-regissøren produserer Halo-film

Vil bli lansert digitalt mot slutten av året.

Microsoft viser ingen teikn til å ville tone ned frekvensen på nye produkt i Halo-universet. Sidan lanseringa på Xbox i 2001 har Halo vore den viktigaste spelserien til Microsoft, og opp gjennom åra har vi fått både spel, teikneseriar, bøker og ein episodisk oppdelt film i form av Forward Unto Dawn.

Microsoft har kunngjort at Alien- og Prometheus-regissør Ridley Scott skal produsere det Microsoft kallar ein digital feature, får vi vite via Eurogamer. Nøyaktig kva Microsoft meiner med digital feature er ikkje klart, men vi skal ikkje sjå bort frå at prosjektet vil bil levert i same stil som Forward Unto Dawn. Historia vil handle om ein spartansoldat, men ikkje Master Chief, og vil bil lansert før året er omme.

Battlestar-veteran i registolen

Ridley Scott har lang erfaring med science fiction-sjangeren. Sist i storfilmen Prometheus.

Ridley Scott er ikkje den einaste profilerte personen innvolvert i prosjektet. Regien skal Sergio Mimica-Gezzan stå for, og han har tidlegare regissert fleire episodar i Battlestar Galactica-serien, The Pillar of the Earth og Falling Skies.

Manuset skal Paul Scheuring stå for. Han er best kjent for å ha skapt TV-serien Prison Break som gjorde stor suksess i fire sesongar.

Microsofts Halo-studio 343 Industries vil naturlegvis vere involvert i prosjektet.

Det ser ut til at Microsoft satsar stort på å skape eit mykje større publikum for Halo. Då dei avduka Xbox One under eit pressearrangement i fjor vår kunngjorde dei samtidig at Steven Spielberg skal produsere ein Halo TV-serie.

Om du treng ei umiddelbar dose Halo, blei stikkeskytaren Halo: Spartan Assault nett lansert på Steam.

Siste fra forsiden