Aliens: Colonial Marines blir større

Skandalespelet lev framleis.

Ein årets aller største kalkunar er utan tvil Aliens: Colonial Marines. Mange venta på skytespelet frå Borderlands-utviklarane hos Gearbox i håp om at det ville bli eit spel som verkeleg sette oss inn i Aliens-universet på ein like intens måte som filmane det hentar inspirasjon frå. Det vi fekk var derimot eit uferdig spel som knapt makta å underhalde på nokon måte.

Dette ser derimot ikkje ut til å stoppe utviklarane for å halde fram støtta for spelet i ettertid. Eurogamer har fått nyss om at ei utviding er på veg, sidan PlayStation 3-trofe for ein historiebit som går under namnet Statis Interrupted har dukka opp på nettet.

Utvidinga har enno ikkje fått ei formell kunngjering, men slike trofedata er som regel ein solid indikasjon på at ei lansering ikkje er langt unna.

Alt det som aldri var.
Alt det som aldri var.

Trøblete utvikling

Aliens: Colonial Marines har hatt ei dyster historie i tida etter lansering. Utvikarane har blitt saksøkt, ein av medutviklarane har gått konkurs, og det har over det heile vore mykje fram og tilbake rundt korleis spelet blei til.

Hos oss fekk spelet ein laber 3-ar på skalaen, og Magnus var på ingen måte overbevist:

«Dei underhaldande augneblinka er der, men dei er få, og for langt frå kvarandre. Dei til tider forferdelege latskapsfeila gjev hele pakka ei frynsete og uferdig kjensle, og kjernemekanikkane i gameplayet er alle gjort før, og dei er alle gjort betre. Trass glimtvis ok-heit, er resultatet svakt, og du underhaldast berre av og til i korte utbrot, heilt til du går lei av den monotone gnaginga. Det beste med Aliens: Colonial Marines er at du slepp trynet til Sigourney Weaver.»

Les også: Anmeldelse: Borderlands 2
Les også: Anmeldelse: Duke Nukem Forever

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen