Aliens: Colonial Marines-utviklar begjært konkurs

Nedturane berre ballar på seg i kjølvatnet av kalkunspelet.

Årets største skuffelse så langt er utan tvil Aliens: Colonial Marines. Dette spelet som blei hausa opp til å bli det definitive Aliens-spelet feila på alle punkt. Etter lanseringa blei det klart at det hadde vore mykje rot under utviklinga som Borderlands-studioet Gearbox hadde ansvaret for. Ikkje mindre enn fire ulike studio var involverte i utviklinga, og i dette høvet var det tydeleg at fleire kokkar betydde meir søl.

Eitt av desse studioa var TimGate Studios som tidlegare har stått bak det labre skytespelet Section 8. Det har på ingen måte gått bra med dei etter lanseringa. Tidlegare i år blei det kjent at dei måtte seie opp fleire tilsette, og no har dei begjært seg sjølve konkurs sidan dei ikkje er i stand til å betale pengar dei skuldar, får vi vite via Polygon.

Det er ikkje berre xenomorphar dette spelet har tatt livet av.
Det er ikkje berre xenomorphar dette spelet har tatt livet av.

Blant selskapa TimeGate skuldar pengar finn vi blant anna Epic Games, SouthPeak Games og attpåtil ei lokal pizzasjappe.

I fleire relaterte Aliens: Colonial Marines-nyhende blei det i går kjent at ein forsmådd spelar saksøkte Sega og Gearbox Software for å ha levert noko heilt anna enn dei lova. Bakgrunnen for dette er at Gearbox tidlegare har vist fram eit svært så polert spel som har sett veldig lovande ut. I det ferdige produktet har den grafiske kvaliteten gått ned mange hakk, og mange effektar som tidlegare var på plass er borte. I tillegg er spelet rett og slett dårleg.

Kor vidt dette søksmålet når fram er eit ope spørsmål.

Les også: Hva skjedde med Aliens: Colonial Marines?
Les også: Wii U-versjonen av Aliens er død

Kommentarer (13)

Forsiden akkurat nå

Til toppen