– Alle EA-spel får mikrotransaksjonar

Spelgiganten meiner folk likar å opne lommeboka.

I ein industri som ser stadig større kostnadar er det ikkje rart at spelselskapa ser seg rundt etter nye måtar å tene pengar på. Denne generasjonen har til dømes gjort nedlastbart innhald til noko ein nesten forventar. Samtidig har fleire og fleire MMO-spel har gått over til gratismodellen der du kan spele grunnspelet utan å betale, men må punge ut for å låse opp meir innhald.

EA kasta seg på trenden med Dead Space 3. Der kan du bruke pengar for å kjøpe ressursane du treng for å skru saman nye våpen. Det er på ingen måte eit krav å bruke pengar for å få fullt utbytte av spelet, men det er ein økonomisk modell der utviklarane kan tene pengar på å gjere spelet lettare for spelaren.

Pengane eller livet!
Pengane eller livet!

Dette har tydelegvis vore ein suksess, for no har EA planar om å inkludere mikrotransaksjonar i alle framtidige spel, fortel Eurogamer. Blake Jorgensen, som er finanssjef hos EA, hadde blant anna dette å seie under Morgan Stanley Technology, Media & Telecom Conference:

«Vi byggjer moglegheiter for å kjøpe ting som høgre erfaringsnivå, nye karakterar, bilar, våpen og meir inn i alle framtidige spel. Forbrukarane likar det og har teke godt i mot denne forretningsmodellen.»

Tidlegare har EA hyra inn eksterne bedrifter for å ta seg av denne biten, men vil no gjere alt sjølv. For EA handlar dette derimot ikkje om å tvinge folk til å bruke pengar for å kome forbi umoglege utfordringar, fortel Jorgensen:

«Det er ein subtil psykologisk invitasjon. Det er som ei moglegheit, ein boks med sjokolade som er akkurat innanfor rekkevidde.»

Kva meiner du om mikrotransaksjonar? Er det ein kynisk måte å tene pengar på, eller eit naturleg steg vidare for industrien?

Les også: – Jeg liker å tro at det er skummelt
Les også: MMO-abbonnement er på vei ut

Kommentarer (73)

Forsiden akkurat nå

Til toppen