Ambisiøs miks av TV-serie og MMO får slippdato

Defiance gjer seg klar til krig.

Før eller sidan måtte det skje. Vi har sett filmar basert på spel, og vi har sett eit mylder av spel basert på filmar. Ei direkte blanding av dei to media har vi derimot hatt til gode å kunne ta del i. Det er snart i ferd med å endre seg. Den nye SyFy-serien Defiance startar på amerikanske skjermar den 15. april. Knapt to veker før kan du derimot hive deg på MMO-spelet med same namn som som no har fått lanseringsdatoen 2. april, får vi vite via Eurogamer.

I Defiance har jorda endra seg dramatisk frå slik vi kjenner den i dag. Liv frå det ytre rom er ikkje lenger noko ein spekulerer i, men har blitt ein hard realitet sidan mange ulike rasar lev side om side med menneska.

Vil du drepe dei sjølv, eller er det nok å sjå det skje på den vesle kassa?

Slikt blir det naturlegvis konfliktar av, og der TV-serien vil ta seg av det meste av historia, vil du òg kunne ta del i den og mange livlege kampar via MMO-spelet. Både serien og spelet vil i følgje utviklarane ha innverknad på kvarandre. Hendingar i serien vil bli reflekterte i spelet, og det som skjer i spelet – med eller utan di hjelp – vil i tur endre kva kurs historia i serien tar.

Hovudsakleg vil dette seie at store og viktige hendingar vil dukke opp samtidig i både spelet og TV-serien. Når Første sesong av serien er over, vil derimot spelet bli hovudfokuset, og kva som skjer i spelet før sesong to av TV-serien startar, kan få mykje å seie for handlinga.

Vi tok ein kikk på spelet på tampen av fjoråret. Vår mann var ikkje heilt overbevist, og tippa at den eigentlege innverknaden spelarane vil ha på historia er heller liten.

Skulle du vere nysgjerrig på om Defiance er noko du bør bruke tida di på kan du melde deg på fase to av betatesten no. Den set i gong fredag 8. februar.

Defiance kjem i sal for PC, PlayStation 3 og Xbox 360 2. april.

Les også: Nye nedbemanninger hos Funcom Les også: No kan du melde deg på Final Fantasy XIV-betaen

Siste fra forsiden