(Bilde: Sony)

Ambisiøst bilspel har fått dato

DriveClub let deg frese gummi til hausten.

Eit av spela som opprinneleg skulle lanserast samtidig med PlayStation 4 i fjor haust var bilspelet DriveClub frå Motorstorm-studioet Evolution Studios. Slik blei det derimot ikkje, og det var nok med eit par bitre tårer at spelet blei utsett til 2014. Etter utsetjinga har det vore usikkert når spelet ville dukke opp, men i dag har Sony Worldwide Studios-president Shuhei Yoshida via PlayStation-bloggen kunngjort at DriveClub blir lansert til hausten. Nærare betsemt 8. oktober.

Yoshida forklarar utsetjinga på følgjande vis:

«Vi hadde planlagt å ha spelet klart tidleg i 2014, og har forplikta oss til å innfri dei ambisiøse løfta om å lage eit verkeleg innovativt og sosialt racingspel. Problemet med å vere ambisiøs er at du må vere førebudd på å akseptere at utfordringar vil dukke opp etter kvart. Det vi tilbyr med DriveClub har ikkje blitt gjort før i denne sjangeren, og difor trengde vi litt lengre tid for å gi dykk spelet de har venta på.»

Ny regissør

DriveClub byr på mange lekre bilar.
DriveClub byr på mange lekre bilar.

I tillegg til å avsløre når DriveClub blir tilgjengeleg, har Yoshida fortalt at utviklinga sidan februar har blitt leia av Paul Rustchynsky. Han har tidlegare kosa seg i regissørstolen under utviklinga av Motorstorm RC.

DriveClub vil i motsetjing til Evolutions Studios sin Motorstorm-serie la deg køyre på vegar. Det sosiale aspektet til spelet kjem inn ved at spelarane kan danne klubbar saman. Gjennom desse kan dei gjennomføre løp saman eller individuelt, slik at gruppa tener poeng og klatrar på rangstigen.

DriveClub blir ikkje det einaste lekre bilspelet til hausten. Slightly Mad Studios fortalde nyleg at deira Project CARS vil dukke opp i november.

Kommentarer (17)

Forsiden akkurat nå

Til toppen