Amerikanske spel til PSN

Sony har bestemt seg for å rive ned regionsperrene.

Livet i Europa var ganske hardt før i tida. Om dine yngre år var sterkt prega av maskiner som Super Nintendo og PSOne – og du samtidig følgde litt med på kva utviklarane jobba med – har du garantert felt ei tåre her og der i det du innsåg at ditt lenge etterlengta spel ikkje ville kome her til lands.

Betre seint enn aldri heiter det, og no har Sony bestemt seg for å gjere PSN så og seie like regionfritt som maskina sjølv. Sjølv om ingen datoar er klare, vil Sony no gjere det mogleg for både amerikanske og japanske PSOne-spel å bli tilgjengeleg på PSN i Europa. Den europeiske PlayStation-bloggen fortel litt om prosessen spela må gjennom før dei blir tilgjengelege for sal.

Først og fremst må utgjevarane sjølv kome med spela dei vil sleppe ut i Europa, og etter det må alle spela få seg ei europeisk aldersmerking. Utover dette vil alle spela bli køyrde i 60 Hz, noko som kan by på problem om du har ein TV produsert før HD-bølgja for over oss. Akkurat det siste punktet her er ganske den største nedturen, sidan eldre spel har ein tendens til å sjå ganske mykje betre ut på eldre TV-ar.

Kva spel som vil dukke opp er enno ikkje kunngjort, men i følgje PlayStation-bloggen er fleire utgjevarar allereie i gong med å få spela sine kvalitetssjekka. Kva spel det dreiar seg om vitast ikkje, men du skal ikkje sjå bort frå at fleire store klassikarar frå PSOne-åra for første gong vil bli tilgjengelege i Europa. Square-klassikarar som Chrono Cross og Parasite Eve blei til dømes aldri lansert her.

Det er likevel ei ørlita hake ved det heile. Spel basert på utgåtte lisensar vil av naturlege grunnar ikkje kunne lanserast her. Om du derimot har nokre tankar og idear om kva spel som bør bli tilgjengelege på PSN oppmodar Sony om at du lagar litt lyd.

Kva spel ynskjer du skal få ei veldig forseinka lansering i Europa?

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden