Anarchy Reigns får dato

Nyåret startar med eit solid basketak.

Kunne du nokon gong ha tenkt deg å vise fingeren til den lange rekka med med skytespel som tvingar deg til å leve i ei verd der å snu eit hjørne er synonymt med ei kule mellom auga? Vil du vakne i ei verd der du kan kaste ut kulene og automatriflene, og erstatte dei med nevar av stål?

I så fall kan du glede deg til 11. januar. Då får omsider det nettbaserte actionslåssespelet Anarchy Reigns frå actionekspertane i Platinum Games si lansering her til lands, får vi vite via Twitter-kontoen til Platinum.

Du har kanskje spelt eit slåssespel på nettet før, men ikkje på denne måten. Om du kunne tenke deg å bruke kampsystem liknande dei vi finn i spel som Devil May Cry, Ninja Gaiden og Bayonetta for å denge lause på venene dine, har du kome til rett arena.

Det passar med litt fyrverkeri på nyåret.
Det passar med litt fyrverkeri på nyåret.

I spelet får du velje mellom kjende Platinum Games-figurar som Jack frå MadWorld, Bayonetta, og mange nye figurar designa for spelet. Med dei kan du møte folk frå heile verda for å ta del i massive slagsmål der både knyttnevar, spark og eit og anna oljefat kan brukast for å leggje motstandarane i bakken.

Om du ikkje likar å spele mot andre vil Anarchy Reigns likevel by på ein om lag ti timar lang einspelarkampanje. Anarchy Reigns har fått ein europeisk pris på berre 20 pund, og endar såleis opp i budsjettklassen.

Les også: Bayonetta er tilbake
Les også: Sniktitt: Anarchy Reigns

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen