Andeleg oppfølgjar til Banjo-Kazooie knuser Kickstarter-mål

Ein knapp time var nok for Rare-veterananes nye eventyr.

Playtonic Games

Vi har visst ei stund at ei rekke tidlegare tilsette hos Donkey Kong Country-, Banjo-Kazooie- og Conker-studioet Rare hadde rotta seg saman for å lage eit nytt spel i god, gammal Rare-stil. I februar fekk vi dei aller første detaljane om studioet, men kva spelet deira som då gjekk under namnet Project Ukulele ville handle om, var framleis hemmeleg.

I dag har Rare-veteranane hos Playtonic Games lansert ein Kickstarter-kampanje for Yooka-Laylee, eit plattformspel i tilsynelatande nøyaktig same stil som Banjo-Kazooie. Kampanjen har gjeve utviklarane 46 dagar på å nå målet sitt på 175 000 pund, men nådde dette målet etter under ein time.

Plattform av den gamle sorten.

Yooka-Laylee blir eit plattformspel i klassisk stil.
Playtonic Games

I Yooka-Laylee møter vi kameleonen Yooka som har flaggermusa Laylee sitjande på sine skuldrar. Saman vil dei kunne reise rundt i ei fargerik verd full av samleobjekt. Utviklarane fortel på Kickstarter-sida si at dei ville finne to heltar som ville passe perfekt for artige gameplay-element, og Laylee kan til dømes bruke sonar for å slå fiendar tilbake, eller for å dra Yooka med seg gjennom lufta. Yooka kan på si side bruke tunga si som eit farleg våpen.

Spelet får eit stort fokus på å samle diverse samleobjekt. Desse kan spelarane bruke for å utvide dei ulike verdene til enda større nivå. I tillegg vil du kunne modifisere spelet til å passe deg betre. Blant vala du vil få er å springe raskare, slå hardare, eller fly lengre.

I av verdene i Yooka-Laylee.

Playtonic Games er eit britisk utviklarstudio stifta av fleire av dei viktigaste utviklarane hos Rare då det no Microsoft-eigde studioet produserte fleire av sine viktigaste spel. Mannen som skapar figurane i spelet er Steve Mayles som tidlegare stod for karakterdesign i Donkey Kong Country, og skapte Banjo og Kazooie. Med seg på laget har han folk som både har bygd og designa nivåa i fleire av Rares beste spel.

Som om det ikkje var nok har Playtonic huka tak i Donkey Kong Country-komponist David Wise, Banjo-Kazooie-komponist Grant Kirkhope og Banjo- og Conker-lydmann Steve Burke.

Yooka-Laylee blir utvikla for Windows, Mac, Linux, PlayStation 4, Xbox One og Wii U. Planen er å lansere spelet i oktober neste år.

Rare har sidan Microsoft kjøpte dei utvikla seg til å bli eit ganske annleis studio enn dei var i storheitstida. Der dei først og fremst blei kjende for suverene plattformspel, har dei i løpet av dei siste åra stort sett jobba med Kinect Sports-spel. Kva dei jobbar med akkurat no er uvisst.

Siste fra forsiden