Angry Birds blir kart-racer

Enda eit spel om sinte fuglar er på veg.

Angry Birds er utan tvil blant dei aller største spelseriane som finnest. Med over 1,7 milliardar nedlastingar på diverse plattformer har finnane i Rovia hausta ein suksess få kan unnast. Den enorme populariteten til dei sinte fuglane som flyr mot sløvt samansette borger har enda opp med ei lang rekke produkt som leikety, film, og ikkje minst nye spelkonsept.

No har Rovio kunngjort kva det neste spelet i Angry Birds-serien blir, og dette blir ikkje eit vanleg Angry Birds-spel spleisa med eit anna konsept som det vi har fått i til dømes Angry Birds: Star Wars. Det nye spelet har fått namnet Angry Birds Go!, og blir ein kart-racer, noko som i korte trekk betyr at vi sannsynlegvis får ei Mario Kart-klone der vi i staden for å skyte skjel på motstandarane sender av garde sinte fuglar.

Kunngjeringa skjedde via eit bilete på den offisielle Facebook-sida til Angry Birds. I kommentarfeltet ser derimot folk ut til å vere meir opptekne av chemtrails i biletet enn det nye spelet.

Rovio har òg lagt ut ein liten video der dei prøvar seg på litt humor og fortel at Angry birds Go! fekk livets rett etter at studioet hadde prøvd seg på å lage eit Endless Runner-spel utan større hell.

Konkrete detaljar om spelet er så langt mangelvare, men Rovio lovar å vise fram spelet snart.

Les også: Temple Run 2 knabber rekord fra Angry Birds Space
Les også: Activision gir ikkje opp Wii U

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen