Angry Video Game Nerd blir spel

Den sinte spelnerden skal skyte seg gjennom møkka.

I rolla som Angry Video Game Nerd (eller AVGN) har James Rolfe skapt eit fenomen på nettet. Konseptet går ut på at han spelar gjennom gamle spel av laber kvalitet, og blir sint medan han spelar. Så enkelt kan ein skape ein hit, og frå å utelukkande angripe gamle Nintendo-spel, gjekk han gradvis over til å slakte spel på andre plattformer.

No blir AVGN spel, får vi vite via GameTrailers. I The Angry Video Game Nerd Adventures vil den sinte nerden og venene hans skyte seg gjennom eit actionfylt plattformeventyr basert på nettserien. Vi blir lova ti nivå med 2D-action inspirert av spel som Mega Man og Castlevania. Vi får spele som fleire ulike figurar.

Korleis skal dette gå?
Korleis skal dette gå?

Nøyaktig korleis utviklarane har tenkt at den sinte nerden skal hakke laus på dårlege spel utan å kome i alvorleg klammeri med lisensinnehavarane av dei potensielle offera for harmen hans, har vi så langt ikkje fått vite noko om.

Om du synest The Angry Video Game Nerd Adventures høyrest ut som verdifullt tidsfordriv kan du klikke deg vidare til spelets Steam Greenlight-side for å gi det tommelen opp. Den første traileren kan du sjå nedanfor.

For ein som er best kjend for å trekkje fram alle dei dårlege elementa i mange spel, bør dette bli bra.

Les også: Fez kommer til andre plattformer
Les også: Anmeldelse: Rayman Origins

http://www.gametrailers.com/shows/angry-video-game-nerd

Kommentarer ()

Forsiden akkurat nå

Til toppen