Anmeldelse

A Game of Dwarves

Dvergar frå Sverige prøvar å ta opp arva etter Dungeon Keeper.

Kven har vel ikkje kosa seg med Dungeon Keeper ein gong i tida? Dette fagre spelet som let deg byggje ein leir under jorda der alle dine vonde tankar kunne få fritt spelerom. Eit spel der du kunne byggje alt frå torturkammer til gamblingrom for å blidgjere dine undersåttar. Dungeon Keeper sette sine preg på verda, og sjølv om det har kome eitt og anna spel i ettertida som har prøvd å gjere liknande ting, har vi aldri fått ein verkeleg tronarving.

Svenske Zeal Game Studios ser i alle fall ut til å prøve på akkurat det. Med A Game of Dwarves må du under gjorda, byggje deg eit rike, trene opp dvergar, og kome deg til botnen der magiske krystallar ventar på deg. Det er ein god idè, og det er ikkje utan optimistisk iver ein kastar seg på utfordringane.

Når du bommar på treningsdokka seier det sitt.
Når du bommar på treningsdokka seier det sitt.

Sjarmlaust troll

Med så mykje potensiale som dvergar fører med seg er det ganske skuffande at A Game of Dwarves er såpass visuelt tamt som det er. Det er null sjarme her, null liv, og eg er rimeleg sikker på at eg kan koke opp meir spenstige dvergar på kort tid om eg får ein blyant. Zeal har valt den enklaste og mest generiske løysinga dei kunne ha valt. Vi får servert ei rekke små dvergar som alle har lange skjegg, runde magar, og det er eigentleg alt vi får. Nokre kjem med øks og hjelm, andre med hakker, men dei manglar identitet. Det er ingenting ved dvergane i A Game of Dwarves som skil seg frå dvergane i ei tilfeldig barnebok. Humoren er flat, påtatt og billegg. Du ler aldri, men klikkar deg berre forbi all tekst slik at du kan kome i gong.

Ikkje at dette nødvendigvis har noko å seie for kvaliteten, men det viser seg kjapt at denne mangelen på visjonar gjer seg gjeldande for mesteparten av spelet. Dei uinspirerte dvergane lev i ei uinspirert og sjarmlaus verd, og det set sitt preg på timane som går med til å grave jordgrotter.

Kvart nivå byrjar rett under jordskorpa der du har ein liten base. Herifrå kan du grave deg utover for å gjere komplekset større. Ganske kjapt endar vi opp med å bu i ei ganske svær og brun verd. Du kan dekorere dei ulike romma med både tre- og steingolv, veggpynt og statuer, og dette blir du til ei viss grad nøydt til å gjere. Skal du halde dvergane dine motiverte og glade må dei like heimen sin, og då nyttar det ikkje å traske i sand og jord.

Den beste tida du har i A Game of Dwarves er som regel heilt i starten. Då er det lett å sjå moglegheiter. I motsetning til spel som Dungeon Keeper grev du ikkje berre i vidda. Her kan du grave nedover òg. Du kan grave ut enorme rom, leggje stein langs golv og veggar, og setje opp enorme søyler som strekkjer seg over fleire etasjar. Det er lett å la arkitekten ta over, og ideane lev sitt eige liv ei god stund.

Diverre endar det meste raskt opp med å sjå hakket for likt ut. I motsetning til dei fleste andre spel i sjangeren byggjer du ikkje spesielle rom for å trene opp ulike yrke. Her har alle rom same funksjon, det vil seie ingen. Dei er berre rom. Med mindre du sjølv går inn og dekorerer dei individuelt, blir dei sjåandes temmeleg like ut. Skal du trene opp krigarar, eller hyre inn ein alkemist til å forske på ny teknologi plasserer du berre det nødvendige utstyret der det passar seg. Unntaket er gartnerane som berre kan jobbe på grøne flekkar du må finne medan du grev ut grottene dine.

Frodig jord dukkar ikkje alltid opp på dei meste praktiske stadane.
Frodig jord dukkar ikkje alltid opp på dei meste praktiske stadane.

Saknet etter fleire jobbar for dvergane dine gjer seg raskt gjeldande. Alt du har er krigarar, gravarar, byggmeistrar som set opp søler, kister og bord, forskarar, og gartnarar. Med så få roller endar mykje av spelet opp med å gjere dei same tinga om igjen, variasjonen uteblir.

Vertikale utfordringar

Det heile fungerer likevel glimrande ei stund. Du grev ut store, flotte område, plasserer breie trapper, og byggjer det heile nøyaktig slik du vil ha det. Å kunne grave i tre dimensjonar gjev deg sjansen til å byggje eit dvergrike berre fantasien set grenser for. Brått møter du derimot på utfordringar. Ein gravar grev seg gjennom jorda og fell brått nedover. Under deg ligg opne rom, leirar for orkar, og andre trugslar. Stort sett har du ein peikepinn på kvar opne rom er gjennom svirrande spørsmålsteikn i det fjerne, men ikkje alltid. Brått blir det fine rommet ditt øydelagt av eit hol ned i avgrunnen, og desto lengre ned du kjem, desto oftare blir planane dine spolerte av nye oppdagingar.

Det er på ingen måte ei krise. Du kan byggje klossar og bruer som set på plass golvet igjen, men om du er tidleg i spelet kan det å finne ein leir kan kjapt øydeleggje heile basen din. Har du ikkje nok krigarar, eller ikkje godt nok trena krigarar kan du brått stå ovanfor fiendar langt over det du er i stand til å handtere.

Skulle dette skje er det berre å krysse fingrane for at du har hugsa å lagre nyleg. I så fall er det berre å starte derifrå og trene opp soldatane skikkeleg. Alternativet er å starte heile nivået på ny. Fiendane drep ikkje berre dvergar, dei øydelegg alt du har bygd òg, noko som kan bli veldig dyrt for pengebingen din.

Ei lita hær er det uansett lurt å ha. Etter kvart som du grev deg nedover i jorda møter du stadig fleire fiendar. Dei blir aldri ei enorm utfordring, og du møter sjeldan mange om gongen, men å ha nokre godt trena krigarar er heilt essensielt for å handtere eventuelle situasjonar som skulle dukke opp.

Å finne opne rom er meir bry enn stas.
Å finne opne rom er meir bry enn stas.

Arkitektonisk kaos

Fiendar er ikkje det største problemet med å oppdage nye område etter kvart som ein grev seg nedover. Det som omsider blir spelet sitt aller største problem er at heile greia utan unntak blir forferdeleg uoversiktleg. Der du byrjar med å metodisk grave ut flotte rom og avdelingar til det som skal bli ein flott heim for dvergar, mistar ein motivasjonen i større og større grad etter kvart som ein mistar kontrollen over korleis det heile skal sjå ut.

Du kan sno deg rundt det ved å plassere trapper, stigar og dekorasjonar, men kvart nivå blir etter kvart så enormt at det blir vanskeleg å ha kontroll på det heile. Eg har kontinuerleg merka at engasjementet for å dekorere og leggje golv minkar for kvart lag eg grev meg nedover. Eg går tom for inspirasjon. Det blir alt for mykje arbeid, og alt for lite løn for strevet.

Dette er likevel ikkje den einaste grunnen til at interessa forsvinn. Der du i starten må grave og utforske for å få råd til den minste ting, vil du etter kvart ha så fulle kister at den einaste måten å få brukt alt på er ved å kjøpe alle dei dyraste tinga du kan få. Det blir for enkelt.

Samtidig er det banalt lett å knekkje dette spelet fullstendig. Så snart du hyrer inn nokre forskarar får du gradvis poeng du kan bruke på å låse opp fleire gjenstandar, og oppgraderingar til både riket og dvergane dine. Etter kvart som du blir rik hyrer du gjerne inn fleire, og før du er halvvegs i til ditt endelege mål har du oppgradert alt, og er uslåeleg. Di einaste utfordring gjennom store delar av spelet blir å grave deg nedover kjapt nok til å bli ferdig. Merkeleg nok får du tilgang på all teknologi og alle gjenstandar for heimen din frå første brett så lengje du forskar nok. Du har ingenting å sjå framover mot, ingenting å oppnå på å halde fram utover enda ein jordflekk som skal bli eit massivt underjordisk steinpalass.

Ikkje at det på nokon måte går fort. Dette er eit uhyre tidkrevjande spel, og sjølv om du garantert vil finne mange ting å setje fingeren på, vil du merke at timane flyg unna i eit livsfarleg tempo.

Krystallen er i hus, endeleg ferdig.
Krystallen er i hus, endeleg ferdig.

Konklusjon

Om du er på jakt etter ei erstatning for Dungeon Keeper er A Game of Dwarves eit farleg val. Det et opp timar som kakerlakkar med ADHD, og underheld ei stund. Spelet er derimot heilt blotta for sjarme. Det er ingenting å feste auga på, alle forsøk på humør fell flate mot jorda. Eg kunne eigentleg ikkje brydd deg mindre om dvergane eg liksom skal hjelpe fram.

Mekanikkane for å byggje er heilt greie, men etter kvart som du grev deg nedover i jorda blir spelet gradvis meir og meir uoversiktleg. Der ein først planleggjar alt ned til minste detalj i iver etter å byggje noko du stolt kan lene deg tilbake med, endar ein med tida opp med å ikkje bry seg stort om korleis ting ser ut. Det einaste som tel noko er å kome seg lenger ned slik at du kan finne det målet du er på jakt etter. Samtidig er mekanikkane mangelfulle og lette å utnytte. Du får alt servert med ein gong, og det er nesten ingen langsiktige mål å strekkje seg etter.

Hadde Zeal Game Studios jobba litt hardare med presentasjonen, tona ned det vertikale aspektet ein del, og gjort det heile litt meir utfordrande, kunne dette raskt ha blitt mykje betre. A Game of Dwarves er veldig dyktig på å ete tida di, så mykje anna får ein derimot ikkje ut av det.

Vurdering

A Game of Dwarves

A Game of Dwarves Windows Windows 5/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 23. oktober 2012
  • Plattform: Windows
  • Sjanger: Strategi
  • Utgiver: Paradox Entertainment
  • Utvikler: Zeal Game Studios

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Dette gjør brukerne nå

Alle brukere
Til toppen