Alan Wake's American Nightmare

Vår kjære forfattarven lyser seg veg inn i eit nytt mareritt.

Nær to år har passert sidan Remedy slapp laus sitt lenge etterlengta beist Alan Wake. Denne mørke perla sende tankar og nakkehår i retning Twin Peaks, samt resten av David Lynch sin lettare forstyrrande katalog, noko vi sette svært stor pris på. Det var eit spel som makta å krysse det intense ubehaget frå Silent Hill- og Resident Evil-spela med solid og gjennomført action, i tillegg til ei historie som faktisk var verdt å følgje med på.

Mykje kan endre seg på to år, og det har definitivt Alan Wake. Dei mørke skogane er borte, og er no erstatta av eit raudt ørkenlandskap ein stad i det sørlege USA. Frå å vandre gjennom store område, går du no rundt i konsentrerte soner der du har ein veldig klar agenda. Formatet har òg fått seg ei endring. Der det første spelet bydde på ei forteljing som gjekk i ei retning, har Alan Wake no enda opp med å bli hovudpersonen i det Twilight Zone-inspirerte TV-programmet Night Springs, som han sjølvsagt er forfattaren av.

Ut av dette kjem ei alvorleg tidsklemme der Mr. Scratch, alter egoet til Alan Wake, set alvorlege kjeppar i hjula for Alan ved å sende han tilbake til start kvar gong han trur han har nådd slutten på marerittet.

Eg skal kløyve deg i to, var det ei vis hyene som ein gong sa.
Eg skal kløyve deg i to, var det ei vis hyene som ein gong sa.

Forvirring og kaos

Å lage nedlastbare spel har både sine ulemper og fordelar. Spela blir uhyre lett tilgjengelege, og kan vere mindre og meir konsentrerte opplevingar som både tek færre ressursar å utvikle, samt at dei er billegare for kunden. Samtidig er det ei grense for kor store slike spel kan vere. Ein har berre så mykje plass til disposisjon, og dette er ei utfordring finske Remedy har løyst på ein modig måte. I Alan Wake's American Nightmare må vår helt utforske tre forskjellige område heile tre gongar, sidan historia denne gong leikar spark på boks med tida, og like godt skrur klokka tilbake når du trur du er ferdig.

Den første gongen eg enda opp med å kome tilbake til start må eg innrømme eg blei litt lang i maska, før ordet «seriøst?» slapp ut frå leppene mine. Det er lett å sjå på dette som kjipt og billeg gjenbruk som halar ut tida på kunstig vis.

Men når modellmassen ligg i dei dyktige hendene til gjengen i Remedy blir det gull av potensiell gråstein. Kvart område er fullt av ting å gjere, og kvar gong du returnerer skjer det noko nytt. Samtidig kan dei få personane du møter hugse at dette har skjedd før, og byrjar etter kvart å hjelpe deg, slik at du ikkje treng gjere ting om igjen. Det du først og fremst må tenkje på er kva du skal gjere denne gongen, og nøste saman dei bitane som trengst for å løyse situasjonen. Kvar gong du returnerer gjer du naturleg nok ting i eit mykje raskare tempo. Du veit nøyaktig kvar du skal, går dit, gjer ein forenkla versjon av det du har gjort før, og hastar vidare. Spelet byggjer opp ein solid driv som sender deg vidare med stort engasjement.

Ved sidan av at du gjer ting på forskjellige måtar kvar gong du reiser tilbake i tid, byr samtidig persongalleriet på nye tankar og idear. Dialogen i spelet er akkurat der den treng vere, er utført av dyktige skodespelarar, og er fullstendig valfri utover heilt essensiell informasjon. Valfridom er strengt tatt noko som går igjen i store delar av spelet, akkurat som med forgjengaren. Om du vil kan du slå på radioar rundt omkring for å få meg deg radioprogram som det er skummelt lett å bli ståande for, du kan slå på fjernsyn for å sjå Mr. Scratch snakke til deg, presentert gjennom ekte film, noko vi ikkje ser for ofte. Eventuelt kan du leite fram alle dei 53 manuskripta som ligg rundt omkring, og heldigvis sjeldan er plassert på så sadistiske måtar at du må gå ekstremt hardt til verks for å finne dei.

Berre vent til han blir sint, du vil ikkje like han når han blir sint.
Berre vent til han blir sint, du vil ikkje like han når han blir sint.

Felles for alle desse tre elementa er at dei varierer for kvar gong du vender snuten tilbake til ein stad du har vore før, og både radio og TV byr på noko nytt kvar gong. Samtidig er mange av manuskripta ikkje tilgjengelege med ein gong. Å samle manuskript er forresten veldig lurt, sidan du låser opp nye og kraftige våpen ved å samle dei.

Herlege kampar

Som med det første Alan Wake-spelet får du definitivt bruk for desse våpna. American Nightmare byr på eit stadig meir kreativt galleri av fiendar, og det er ikkje nok med bønder og brannmenn omringa av svart tåke. No kjem psykopatar som deler seg i to når dei kjem i kontakt med lys, enorme kjemper med motoriserte sagblad på slep, samt ein søt liten fyr som materialiserer seg ut av ein flokk kråker.

Det heile er med andre ord hakket meir «der ute» enn kva forgjengaren var, men det fungerer ypparleg saman med dei solide kampmekanikkane. Som før må du lyse mot fiendane for å prelle av dei den svarte røyken før du kan gjere skade. Deretter er det berre å hamre laus med alt frå handpistol til automatisk pumphagle. Du får heile tida tilgang på nye våpen, både med og utan manuskript, og det er ein svært god flyt i dette som gjer at du alltid får noko nytt å spanande å leike deg med.

American Nightmare har eit stort fokus på action, men gløymer likevel aldri å byggje opp ei tjukk atmosfære. Verda til Alan Wake er mørk og utriveleg, og lommelykta di fungerer eigentleg som ditt einaste håp. Sjølv om tematikken i American Nightmare er litt meir på kanten og humoristisk alt tatt i betraktning, fungerer både det visuelle og det svært stemningsfulle lydbiletet som eit herleg vindauge inn i denne litt skrudde verda.

Det går heller ikkje an å gløyme at dette spelet strengt tatt ligg mange hakk over kva ein forventar av eit XBLA-spel. Når ein spring rundt i marerittet til Alan er det veldig lett å gløyme at dette er eit «lite» nedlastbart spel, og ikkje eit spel du kjøpte fysisk i butikken.

Dei blir ikkje akkurat mindre med alderen desse gubbane her.
Dei blir ikkje akkurat mindre med alderen desse gubbane her.

Fokus på kamp

Ved sidan av ei historie som bør ta deg ein grei kveld å kome gjennom, byr Alan Wake's American Nightmare på ein arkademodus der Alan må kjempe mot fiendar i omlag ti minutt før sola står opp. Dette er på mange måtar Remedy sin versjon av Nazi Zombies, Horde og liknande modusar frå andre spel. På tre forskjellige nivå må Alan kjempe mot stadig større og farlegare bølgjer med fiendar, plukke opp våpen, og satse på at alt går seg til.

Det er både artig og utfordrande, og det stadige jaget med fiendar tvingar deg til å perfeksjonere din bruk av kampsystemet i enda større grad enn kva spelet elles gjer. Du lærer deg verkeleg å bruke alle funksjonar du har til disposisjon, og kan utvikle solide taktikkar som seinare kan brukast om du skulle farte gjennom historia ein gong til.

Når ein verkeleg kjem inn i det lett å opparbeide ein herleg rytme der ein plukkar ned den eine fienden etter den andre. Det kan lett bli overveldande mange av dei på same tid, og eit lett dukk til sida får deg ikkje berre til å sleppe unna eit angrep i sakte kino, men og ei verdifull oversikt over kva du har å hamle opp med før tida går tilbake til normalt tempo.

Den einaste verkelege nedturen med arkademodusen er at den ikkje støttar noko form for samarbeid. Det er godt mogleg det ikkje hadde vore like intenst, men når ein skal slakte fiendar er to alltid betre enn ein. Sjølv om du får leike deg med eit veldig solid kampsystem er det litt vanskeleg å halde seg engasjert over lengre tid med å utelukkande knerte fiendar.

Sjølvsagt møter vi ein edderkopp eller to.
Sjølvsagt møter vi ein edderkopp eller to.

Konklusjon

Alan Wake's American Nightmare er ikkje berre ein verdig oppfølgjar til Alan Wake, det er samtidig eit spel som utforskar nye idear i universet forgjengaren bygde opp. Det blir raskt tydeleg at dette er ei verd, ein hovudperson, og ein tematikk som kan brukast til ganske mykje forskjellig, og med American Nightmare viser Remedy at dei et vel i stand til å gjere akkurat det.

Dette er ikkje eit spesielt langt eventyr, men det er engasjerande, gjennomført, og held deg gåande utan å halde handa di frå ein stad til ein annan. Du blir fora diverse spor heile tida, og blir lokka inn i ei forførande verd av mange små, enkeltståande element du kan ta del i så mykje eller så lite som du berre vil.

Treng du noko litt meir sofistikert å drepe enn zombier, er Alan Wake's American Nightmare eit glimrande spel for seine kveldar.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen