Anmeldelse

8BitBoy

Langdryg Mario-kloning som manglar særpreg.

Den teknologiske utviklinga me har sett dei siste femten-tjue åra har vore enorm – ikkje berre innan spelutvikling, men på generell basis. På spelfronten har dette mellom anna gitt seg utslag i stadig meir røyndomstru og detaljert grafikk, stadig meir påkosta spelmotorar og større produksjonar. Men dei siste par åra har me òg sett ei enorm utvikling av alternativ distribusjon av spel, og bruken av kanalar som Steam, GOG.com og liknande har skote i veret. Dette har gjort livet lettare for mange mindre utviklarar, som ikkje kan slå i bordet med dei same teknologiske ressursane som dei store aktørane, og som dermed må spele på andre premissar – dette til stor glede for mange av dei som har Duck Hunt og Super Mario Bros. blant sine første spelminne.

Sjølv veit eg òg å setje pris på retroflotte spelopplevingar, så sant dei byr meg på noko nytt og friskt, eller gjer det same, gamle på ein eksepsjonelt overtydande måte. 8BitBoy er eit spel som ved første augekast ser faretrugande ut som ei regelrett kloning av Super Mario anno NES. Og kva er det eg som møter meg på heimesida til den ein mann sterke, danske utviklaren Awesome Blade Software? Jo, lovnadar om 12 til 16 timar lang historiedel! Eg kjenner ein groande skepsis – kan ein skarve retroplattformar, utvikla av éin enkelt person, verkeleg klare å halde på interessa så lenge?

Eg er alltid open for å ta feil, og med dei fleste fordommar trygt plassert i passasjersetet, klikkar eg på «New Game». Aller først blir eg introdusert for rammehistoria: Ein 32 år gammal arbeidslaus og frustrert type, som rotar fram den gamle spelkonsollen sin, og finn eit mystisk spel som ser flunke nytt ut i haugen av gamle, slitte kassettar – eit han aldri kan hugse å ha sett før. Kva kan dette vere, tenkjer han, og startar det opp – og brått dukkar ein 8-bits-versjon av mannen på magisk vis opp på skjermen. Denne visstnok dels sjølvbiografiske introduksjonen er diverre ikkje spesielt godt presentert, verken visuelt eller språkleg, men med litt godvilje kan eg gå med på at det finst eit snev av sjarm her. I alle tilfelle lar eg det passere, for no er eg endeleg klar til å kome i gang med spelinga.

Game of Clones

Det er ikkje til å kome utanom, så det er like greitt å få det ut av vegen: 8BitBoy er ekstremt likt Super Mario Bros. og dess like. Omgjevnadane manglar stort sett berre dei grøne røyra for å vere nær identiske spela til Nintendos italienske bartefrans. Mekanikken verkar òg nesten ubehageleg velkjent: Ein hoppar oppå fiendane for å drepe dei, og ein dør hvis ein kjem borti dei på noko anna vis; ein hoppar opp og slår boksar som heng i lufta for å få myntar (og gjett om 100 myntar gir eit ekstraliv); ein plukkar opp «power-ups» frå boksar med eit plussteikn på, og desse har òg så godt som same funksjon som i Mario, sjølv om dei ser annleis ut: I staden for ein sopp som gjer 8-bitsguten hakket større, får han eit symbolsk skjold som gjer at han toler å kome borti fiendane ein gong før han dør, og i staden for Marios kjente og kjære eldblome, får han eit raudt eller grønt bær til å skyte med – det raude skyt éi kule om gongen, det grøne to.

Du lurer kanskje på om det her og der veks opp bønnestenglar frå boksane, slik at ein kan klatre opp i sky å hente fleire myntar? Jepp. Hemmelege boksar som dukkar opp frå lause lufta, sa du? Check.

Ok, så oppfører 8BitBoy seg veldig likt noko me alle har spelt i hel frå før av. Men det kan jo vere bra for det? Nja. Vel, det finst faktisk enkelte nyvinningar her som tener til å minne meg på at dette ikkje er Mario. Lagringssystemet, til dømes, verka først som ein riktig fiks idé, men utvikla seg snart til å bli mest av alt frustrerande: Det finst éin lagringsmynt i kvart brett, som ikkje berre lagrar kva brett du er komen til, men òg kor mange myntar og liv du har. Denne løysinga er interessant, fordi ho krev at ein faktisk tenkjer seg litt om før ein tar denne mynten. Ein må rett og slett vere litt strategisk. Fint og flott, altså, heilt fram til ein innser at når ein dør på eit brett der ein allereie har funne lagringsmynten, så er det lurare å gå ut i hovudmenyen for så å laste inn spelet frå førre lagring, enn å spele vidare med eitt liv mindre å rutte med. Legg så til at desse myntane ofte er svært vanskelege å finne, faktisk at det å finne dei gjerne beror på reine tilfeldigheitar, så har du oppskrifta på eit frustrerande system.

Mange brett, mykje frustrasjon

Spelet består av fem forskjellige verder, med ni brett samt ein boss i kvar verd. Utviklaren uttaler sjølv at han ville lage eit fullstendig spel, heller enn ein simpel app, og det står det respekt av – men dette er rett og slett for mykje. Etter om lag fem brett merkar eg at eg byrjar bli lei, og gjerne vil sjå nye omgjevnadar, eller i det minste få prøve meg mot ein boss. Men nei, eg er enno berre halvvegs. Og når ein er lei halvvegs fram til den første av fem bossar, som i praksis vil seie ti prosent ut i spelet, då skjønar ein fort kor det heile ber. Då skal bossane vere heilt eksepsjonelt gode for å gjere det heile verdt strevet. Eg skal ikkje seie at heile tv-spelhistoria ikkje er i stand til å diske opp med så gode bossar, men 8BitBoy er rimeleg langt unna.

Alt i alt heile 45 brett pluss fem bossar, altså. Dette faktum, kombinert med det som for meg framstår som ein nokså høg vanskegrad, samt eit kontrollsystem som ikkje alltid er heilt på stell, utgjer alt i alt eit ganske solid grunnlag for unødig frustrasjon. Ikkje for det, altså, eg er heilt for at spel skal kunne leike seg med temperamentet mitt – men eit spel skal like fullt vere ei positiv oppleving. Ein skal, ein eller annan stad langt, langt inni seg, ha det gøy. 8BitBoy er vanskeleg på ein måte som sjeldan er spesielt gøy, og som altfor ofte kjenst ganske tilfeldig, noko som grunnar i både kontrollsystem og leveldesign. Tar ein då utgangspunkt i at dei fleste ikkje er verdsmeistrar i plattforming, og derav vil måtte bruke ein del tid og forsøk på å runde både det eine og det andre brettet, så er det ikkje til å unngå at det heile blir svært langtekkjeleg.

Konklusjon

Det er utvilsamt ambisiøst å lage eit todimensjonalt plattformspel med så mange, og relativt vanskelege, brett – men det er ikkje nødvendigvis lurt. Rett nok finst det folk der ute som er heilt ekstremt gode på denne typen gammaldagse plattformspel. Viss dei legg prestisjen i det, så kan det godt hende dei vil ha mykje «moro» med 8BitBoy. For det er utvilsamt ei betydeleg utfordring berre å runde dette spelet. Problemet er at eg er redd dei vil gå lei undervegs. For dette er eit spel som er, på nesten alle relevante punkt, svært likt eit spel som noko rundt 100 % av målgruppa allereie har spelt til døde og vel så det.

Utviklar AwesomeBlade Software nemnar sjølv ei rekke plattformspel som inspirasjonskjelder for 8BitBoy (deriblant Super Mario Bros.), men dei legg til at dette «ikkje kjenst heilt som nokon av desse spela». Det har dei for så vidt rett i, i den forstand at 8BitBoy meir enn noko anna framstår som ein på dei aller fleste måtar underlegen, og altfor langdryg kopi av sine inspirasjonskjelder. Eg kan gå så langt som å seie at 8BitBoy isolert sett nok kunne vore eit heilt greitt spel, men denne sjangeren har blitt gjort så mange gongar og såpass godt før. Det skal derfor veldig mykje til for å klare å utmerke seg. Og viss ein skal klare det, nyttar det ikkje å lage ein blåkopi av dei gamle heltane. Då må ein enten gjere det same betre – ei mildt sagt vanskeleg oppgåve – eller gjere noko nytt. Diverre klarer ikkje 8BitBoy verken det eine eller andre med noko som minner om bravur.

8BitBoy er i sal via det offisielle nettstedet. Utvikleren har også sluppet en gratis demoversjon av første brett.

Vurdering


Windows
Nokså dårlig

8BitBoy Windows Windows 4/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 28. november 2012
  • Plattform: Windows
  • Utvikler: AwesomeBlade

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen