Anmeldelse

Borderlands 2

Dette er den saftigaste kaka du har smakt på mange år.

Så var vi her. Det er nesten vanskeleg å forstå at det har gått heile tre år sidan Borderlands regelrett tok oss på senga med sin vanvittige kombinasjon av absurd humor, karismatiske område og det mest eksentriske våpenarsenalet nokon sinne. Likevel er vi no i mål. Gearbox har gjort det einaste fornuftige. Dei har gjort alt større. Variasjonen er større, arsenalet er større, områda er større, og underhaldningsverdien er imponerande nok større òg.

Borderlands 2 treff blink med ein gong. Utviklarane har sikta på den gyldne regelen med umiddelbar moro, og det tek ikkje mange sekunda frå du har valt ein karakter, til du ser fiendar etse bort i ein foss av grøn syre. Du spring rundt som ein lenge innestengd fange som endeleg er fri. Endeleg kan du gjere akkurat som du vil, og du kastar deg ut i gladvald, romsterer gjennom alle dei skinande våpna som ligg strødd som konfetti på bakken, og ler av alt skitsnakket som skjer over radioen.

Dette min ven, er berre starten.

Ein ny start

I Borderlands 2 reiser vi igjen tilbake til planeten Pandora. Nokre år har gått sidan førre gong, og vi får velje mellom fire svært forskjellige heltar. Vi finn ein kompakt villmann som kan hente fram to våpen samtidig når han blir ekstra sint, ein spinkel fyr som kosar seg med både snikskyttarrifle og katana, ein kommandosolat som kan kaste ut ein stasjonær kanon, samt ei spretten dame som kan låse fast fiendar for effektiv avretting.

Nokre av dei kan minne om gjengen frå Borderlands, men forskjellane viser seg ganske kjapt. Først og fremst gjeld dette gjennom korleis du vel å byggje opp dei ulike karakterane. Kvar helt har tre kategoriar du kan oppgradere dei i etter kvart som du sankar inn erfaringspoeng. Du kan blande og kombinere som du sjølv vil, men for å få tak i dei heftigaste eigenskapane må du spesialisere deg. Skulle du velje feil kan du likevel betale ein liten sum for å fordele alle poenga dine på ny.

Eit tydeleg døme på kor ulike to variantar av den same karakteren kan bli kjem gjennom leigemordaren Zer0. Med han kan du velje å fokusere på å bli så livsfarleg som mogleg med rifle og pistol, eller du kan fokusere på nærkamp. Vel du det siste kan du etter kvart stupe framover som ein vind for å massakrere alt i din veg. I motsetning til originale Borderlands kan to eller fleire spelarar no ende opp med heilt ulike krigarar sjølv om dei hadde identisk utgangspunkt.

Andre former for spesialisering kjem gjennom ulike modifikasjonar. Desse fann vi òg i det første Borderlands-spelet, og dei fungerer på same måte her. Ulike modifikasjonar kan gjere deg sterkare i alle moglege felt, og å velje den riktige er ikkje alltid like lett. Spelar du saman med andre kan det til dømes vere lurt å velje modifikasjonar som gjev bonusar til alle spelarar.

I tillegg til dette har Gearbox no bygd opp eit nytt system som let deg oppgradere alle karakterane dine samtidig. I Borderlands fann vi mange forskjellige utfordringar du kunne løyse. Desse kunne vere alt frå å skyte så og så mange av ein spesifikk fiende, til å blant anna bruke ein type våpen mykje. Før fekk du vanlege erfaringspoeng for desse, men no får du poeng i det nye «Badass»-systemet. Eitt nytt poeng her vil gi deg ein liten bonusprosent på alt frå rekyl, helse, til skjold og skade. Det er eit smart lite system som gjev deg enda litt motivasjon for å gå ut og drepe fleire fiendar.

Nøkkelen til ein kvar suksess er samarbeid.

Ein ting eg saknar er derimot våpenspesialiseringa frå det første spelet. Der blei du betre i kvart våpen etter kvart som du brukte det, men slik fungerer det ikkje lenger. No er du teknisk sett like god i kvart våpen. Skal du bli betre i eit våpen må du bruke poeng når du går opp i erfaringsnivå. På sett og vis er det positivt sidan du no står heilt fritt, men det er likevel lett å kjenne eit sakn etter å stadig sjå korleis du blir betre med eit våpen.

Saman mot røkla

Du kan spele Borderlands 2 aleine eller i grupper på opp mot fire spelarar. Det herskar ingen tvil om at Borderlands 2 kjem til sin fulle rett når du spelar saman med andre, og denne komponenten er hakket betre enn i forgjengaren. Frå noko så enkelt som at oppdraga blir fortalt gjennom uttalt dialog slik at du slepp å bruke tid på å lese mykje tekst, til korleis ein kan kombinere ulike våpen, har alt blitt tilrettelagt for at du skal ha enda meir moro.

Lat oss ta eit enkelt døme. Du møter ein sterk fiende med kraftige skjold som spring mot deg i høgt tempo. Ein spelar kan skyte skjolda av han med eit elektrisk våpen, medan den andre skyt med det nye elementet «Slag» som gjer fienden meir sårbar. Til slutt kan ein tredje spelar fyre laus med ei sniper rifle som skyt fem eldkuler samtidig. Du finn nye våpen heile tida, og alle byr på noko nytt. Hagler skyt elektriske kuler i alle retningar, granatar deler seg i mange bitar og spreiar syre, medan skjolda dine kan setje fyr på alle som slår deg. Det tek aldri slutt. Borderlands 2 berre gir og gir.

Om ein slår seg skikkeleg saman kan ein oppnå vanvittige resultat, og ein skal ikkje spele lenge før det blir veldig tydeleg at dette er eit spel der samarbeid betyr mykje meir enn å vere to eller fleire spelarar.

Som i det første spelet blir pengane delt mellom spelarane, men i motsetning til enkelte andre rollespel får ein ikkje individuelt byte, noko som kan vere ein nedtur. Kva nye våpen ein får tak i er avhengig av kven ein spelar med. Nokon spring rundt og plukkar opp alt utan tanke for sine allierte, noko som kan gjere det heile noko ubalansert. Det beste kan raskt vere at ein inngår ei uskriven avtale om kven som brukar kva våpentype, og sorterer våpna deretter.

Møt Sir Hammerlock, min andre far.

Latteren heng laust

Humor har vore ein vital ingrediens i Borderlands-universet heilt frå starten. Når ein ser tilbake blir det likevel tydeleg at denne humoren vaks etter kvart som Gearbox blei meir kjende med det dei hadde skapt. Om vi ser på ekspansjonspakka The Secret Armory of General Knoxx ved sidan av spelet vi fekk i boksen, har det vore ei dramatisk utvikling. Absurditeten over det heile har blitt større, dialogen har blitt betre, og vitsane i seg sjølv treff mykje betre. Det vitnar om forfattarar som har blitt trygge på seg sjølv, og veit kva som passar og ikkje passar.

Borderlands 2 er det naturlege steget vidare. Heilt frå start møter vi eit herleg persongalleri som kan sende deg ut i spontan gapskratting. Vi møter tidleg den halvt mekaniske Sir Hammerlock som med sin fisefine britiske aksent får meg til å tru han kan ha same skodespelar som den kunstige intelligensen i Defense Grid, utan at eg har vore i stand til å stadfeste dette.

Den rake motsetning til Sir Hammerlock er vår store fiende i spelet, Handsome Jack. Denne mannevonde og sjølvopptekne kleggen er på jakt etter eridium, ein svært edel ressurs. Han har ei overdriven tru på seg sjølv, og eg blir ikkje overraska om han har franske kyss med sitt eige spegelbilete kvar gong han er på badet. Dialogen sit som eit skot, og er framført av skodespelarar som heilt tydeleg har det svært moro med rollene sine.

Det er ikkje berre korleis dei ulike karakterane er skrudd saman og forfatta som får det heile til å fungere. Den totale pakka er ulikt noko anna. Det som blir sagt, korleis det blir sagt, kven som seier det, og verda det blir sagt i er så gjennomført at det skal godt gjerast å finne noko betre. Sjølv om Pandora er ei farleg og skiten verd, er den så lett å bli glad i at ein får lyst til å flytte dit.

Variasjonen er større og betre enn før.

Ei massiv verd

Pandora er ei større verd denne gongen. Ei større og meir levande verd med ein langt større variasjon. Det første ein merkar er et vi no ikkje berre vandrar rundt i eit tørt ørkenområde. Eventyret byrjar i eit kaldt og ugjestmildt islandskap, før vi gradvis vandrar vidare inn i varmare strøk. Det er ei naturleg utvikling over det heile, sjølv om min aversjon mot is og snø gjev meg ei kjensle av at det kanskje tek litt vel lang tid før fargane får lov til å sleppe til.

Å sjå korleis verda utviklar seg og opnar seg opp etter kvart som timane går er derimot upåklageleg. Nivådesignet overgår stadig seg sjølv. Kvart nye område du går inn i gjev deg ein umiddelbar iver etter å utforske, og du berre veit at dette blir moro.

Det følest meir som ei verd ein kan tru på denne gong. Sjølvsagt finn vi store sletter med bølgjande dalar der du kan suse rundt i kjerrer som ikkje set seg fast i småstein, men no byr spelet på så mykje meir. I det fjerne ser vi fjell, klipper skyt opp frå bakken, og i kvar krik og krok skjuler det seg noko spanande. Du kan finne nye sideoppdrag på alle tenkjelege og utenkjelege plassar, og dei byr på minst like mykje moro som historia i seg sjølv.

Å halde seg til historia er forferdeleg vanskeleg i Borderlands 2. Ein blir hekta på å gjere absolutt alt, og når ein omsider bestemmer seg for å finne ut kva som skjer vidare kan ein lett ha brukt mange timar på små sideoppdrag som er heilt valfrie. Når ein tenkjer på alle dei feite våpna ein kan ende opp med, og dei hysteriske situasjonane ein kan stå ovanfor, er det vel verdt det.

Du blir glad i Pandora, men ikkje i denne skitsekken.

Konklusjon

Med Borderlands 2 får vi akkurat det vi kunne ha håpa på. Etter suksessen med Borderlands er det lett å sjå at Gearbox har brukt tida på å gjere alt det som ikkje kunne gjerast i første omgang. Verda er større, den er penare, den er meir underhaldande, og den byr på mykje meir moro. Variasjonen er mange gongar større, og om ein skulle gå lei av dei brune landskapa i det første spelet får du i pose og sekk no.

Pandora er ei verd ulikt noko anna. Frå den grafiske stilen som bryt brutalt med alt anna på marknaden, til den fengjande musikken som glir over frå klaustrofobisk western til industrielle rytmar sterkt inspirert av Nine Inch Nails, har Gearbox bygd opp ei verd som overbeviser på alle punkt.

Når du først set føta på bakken i dette spelet, er tanken på å gjere noko anna uhyre krevjande. Du vil ikkje bort, du vil ikkje gjere noko anna. Du vil vere her i denne dysfunksjonelle verda der dei mest dramatiske situasjonar blir snudde på hovudet av ein vulgær robot som etter alt å døme vil kopulere med eit sikringsskap.

Borderlands 2 kjem i sal fredag 21. september for Xbox 360 (testa), PlayStation 3 og PC (testa).

Siste fra forsiden