Anmeldelse

Brütal Legend

Metal til folket

Spelet for deg som alltid har lurt på meininga med livet.

1: Side 1
2: Side 2

Eddie Riggs er ein roadie, ein av desse karane du kanskje har sett på ei scene ein gong. Dei spring fram og tilbake og stemmer gitarar, legg ned kablar, og sørgjer for at alt går som det skal. Som Eddie sjølv seier: Ein roadies jobb er å få nokon andre til å sjå bra ut, og sjølv vere anonym og usynleg.

Han er kanskje vand med å vere anonym der han står i skuggane bak ei scene, men dette er ein livsstil som brått får ei totalrenovering. Etter å ha redda eit bandmedlem i det elendige bandet han jobbar for, endar han sjølv opp med å «døy». Han endar opp i ei anna verd der all symbolikk og alle kjenneteikn frå rockens – eller rettare sagt metallens – lange historie, er ein fysisk del av verda. Store sverd flerrar jordskorpa, enorme steinar viser hornteiknet i lufta, ein gigantisk gitar strekkjer seg mot himmelen, og blant vulkanar og lynstormar gliser eit demonisk andlet mot deg gjennom skyene.

Eit nådestøt

Sjølv utan å bry seg med kvaliteten på spelmekanikkane, er Brütal Legend eit nødvendig innkjøp for alle som treng tunge riff, hylande gitarsoloar, og det eg personleg likar å kalle balleklem-vokal i musikken sin. Spelet tek alle klisjear, alle stereotypar, og alle kjenneteikn. Det tek alt det gode, og alt det teite, og lagar eit spel som gjennom eit skeivt blikk på situasjonen, fortel deg at metal er livet. Eller rettare sagt, eit liv utan metal er ikkje eit liv verdt å leve.

Om du ikkje har rocken i deg, og du heller høyrer på Lady Gaga og kjønnsorganskatt-dokker, kan du like godt leggje deg ned for å døy. Du har ingenting å leve for, du har ingen ekte gleder i livet, og alt det du smiler for kvar dag, er påmåla og falskt. Du er ikkje eit menneske, du er ein tanketom sau som velvillig følgjer flokken i retning næraste dyretransport.

Om du derimot likar gitarar, trommer, og bass, men kanskje ikkje likar alle sjangrar som held seg til den litt hardare måten å bruke slike instrument på, kjem du til å endre meining. Lydsporet i Brütal Legend er så sinnssjukt bra sett saman at om du ikkje likte Accept og Apostasy før du byrja å spele, kjem du til å gjere det etterpå. Du kjem til å få songar som «Destroy the Orcs» av 3 Inches of Blood, og «Die For Metal» av Manowar på hjernen, og du kjem til å innsjå at det knapt nok finnest meir passande musikk for store slag enn den Dimmu Borgir leverer. Lydsporet er stappfullt av industriell metal, tung metal, svart metal, død metal, tradisjonell metal, morbid metal, og litt god gammaldags rock som Black Sabbath for å gjere det heile komplett.

Brütal Legend er ein grunnleksjon i alle ting som har med rock og metal å gjere, og det finnest så langt ingenting der ute som på ein betre måte forklarar deg kvifor denne musikken er så fordømt tøff.

Redde rocken, død eller levande

Etter kvart som Eddie Riggs blir komfortabel med sitt nye liv, viser det seg raskt at ting ikkje er heilt i si beste forfatning. Vi møter ei motstandsrørsle som kjempar mot undertrykking frå den forferdeleg ekle glamkongen Lionwhyte, ein fyr som lett kunne fått 70-talets David Bowie til å revurdere livsvala sine.

For å gå til krig, må du helst ha ei hær (frå no av tiltala som band) først, og det er her Eddie kjem inn i biletet. Eddie er ikkje sjefen her, han er ikkje den store leiaren. Han er den som får ting gjort, og veit korleis dei skal gjerast. Dette betyr at du får jobben med å samle saman det som kan krype og gå av forskjellige folk som er villige til å krige for ei god sak. Det startar forsiktig med headbangerar og groupies, og utviklar seg gradvis til å inkludere Lemmy frå Mötorhead som spelar bass for å halde folk friske, og ein baron med stemma til Rob Halford frå Judas Priest (ja, han spelar seg sjølv).

Sakte, men sikkert byggjer du opp eit band, og du legg ut på turné for å redde verda frå glamrockens tyranni, passande sett til tonar av Mötley Crüe.

Eit roadieliv

Medan du rekrutterer nye krigarar, får du samtidig ei innføring i korleis alt i spelet fungerer. Brütal Legend er i korte trekk eit spel med ei opa verd. Du kan reise dit du vil, når du vil. Historia er derimot fullstendig lineær, men du vel sjølv om du vil ture på, eller ta deg ekstra god tid med å utforske landskapet. Det er noko å sjå overalt, og det er mange skjulte godsaker å finne i Brütal Legend.

Du kan leite fram forskjellige monument for å låse opp nye songar, redde steindragar frå fangenskap, lære om historia til metalverda, eller utføre varierte former for sideoppdrag. Nokre døme på dette er å angripe fiendar, skyte litt med kanon, eller frakte øl til ein fest før tida går ut. Eventuelt kan du teste farten på kjerra di i nokre løp mot ei padde med eksospotter i kjeften. Variasjonen er ikkje den største, men det held deg gåande.

Ein del tid vil garantert gå med til å utforske verda. Berre det å cruise rundt i kjerra di er nok til å la tida fly. Denne kjerra kjem seg over det meste av terreng, og den har ein radio som spelar gjennom dei hundre songane spelet byr på. Det er ganske fett å høyre på Slayer der du fresar fram gjennom eit skoglandskap der trea er forma av enorme eksospotter og kjettingar deler landskapet i to. Ein av Enslaved sine få rolege melodiar passar på si side ekstremt godt til eit kaldt, kjøleg og hjarteskjerande deprimert islandskap.

Tradisjonell kamp

For å kome deg nokon veg i spelet blir du nøydt til å slåst. Dette gjer du ved hjelp av ei skarp øks, og ein bokstaveleg talt elektrisk gitar. Med desse to våpna kan du variere mellom forskjellige angrep, og du utløyser forskjellige komboar. Det er eit veldig typisk og godt testa system som engasjerer og underhaldar utan å nå dei heilt store høgdene.

Øksa og gitaren blir raskt nyttelause når du endar opp i større kampar der du ikkje er aleine mot fienden. Då blir du i staden nøydt til å sjå til at alle dei andre i bandet får gjort jobben sin. Dette kan du gjere ved å dra forskjellige gitarsoloar. Med desse kan du gjere alt frå å gi bandet ditt glødande våpen og ei solid dose ekstra styrke, til å gjere stygg skade på fiendane. Det må nemnast at alt er bokstaveleg i dette spelet, så når vi snakkar om ein «facemelting solo», er det nøyaktig det vi får.

Du må ikkje tru at du berre får desse soloane ved å vere snill. For å få tilgang på dei mest øydeleggjande soloane må du pent finne deg i å setje deg bak rattet i kjerra di for å utforske verda. Som du kanskje har skjønt er ikkje dette noko du kjem til å ha vondt av. Du kan derimot få litt vondt av det om du ikkje utforskar spelet på eige initiativ. Om du berre susar gjennom historia, kan du lett bli ferdig på seks eller sju timar, noko som eigentleg er hakket for lite for eit spel med ei så stor verd som dette.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden