Anmeldelse

Brütal Legend

Metal til folket

Spelet for deg som alltid har lurt på meininga med livet.

1: Side 1
2: Side 2

Tidenes show

Etter kvart som bandet ditt veks, er det tid for å dra i gang eit show. Alle store og avgjerande slag i Brütal Legend skjer gjennom at to motståande sider set opp kvar si scene, og kjempar om å kapre fansen. Fans er enkle sjeler, og du må hjelpe dei å knyte sterke band til deg ved å selje dei drit dei vil ha. Dette gjer du ved å byggje båsar som sel T-skjorter og anna merch, samtidig som du må kveste fienden sine båsar med alle midlar.

I desse slaga dukkar det opp eit viktig strategisk element som tidvis er eit så gedigent mageplask at ein lett kan riste på hovudet. Slaga er underhaldande, ikkje misforstå, men den kontrollen du får over det som skjer er mangelfull på sitt beste. Du manar fram den eine bølingen med krigarar etter den andre, men du har null oversikt over kven av soldatane dine som lev eller dør.

I tillegg er den generelle fysiske kontrollen du har over soldatane svært tvilsam. Du kan setje ned eit punkt dei automatisk skal gå til, og du kan gi dei forskjellige ordre, men det er aldri godt nok. Kampane er ofte eit fullstendig kaos der du er nøydt til å berre handle på impuls, sidan kontrollane aldri gir deg sjansen til å ha noko som kan minne om kontroll over situasjonen. Du kan gi individuelle ordre til forskjellige soldatar, men om du gir til rett soldattype i kampens hete er ofte basert på flaks når fleire soldattypar står nær kvarandre.

Redninga kjem ofte gjennom effektiv bruk av eit par venger Eddie etter kvart blir eigar av. Ved å fly over slagmarka kan du lettare sjå kva som skjer, og kvar du må setje inn folk. Den mangelfulle kontrollen blir ikkje fullt så ille når du raskt kan fly frå ein stad til ein annan, og be alle krigarane dine kome dit før du kastar deg ut i nokre soloar som forhåpentlegvis gjer kål på fienden. Du må likevel vere forsiktig, for Eddie tek skade medan du trykkjer inn knappar for å spele soloen, og det har skjedd meg meir enn ein gong at Eddie fell død til jorda etter ein solo. Noko som eigentleg er litt passande, sidan det er ganske metal å hoppe ut i ein solo med livet som innsats.

Den essensielle innpakkinga

Sjølv om slaga kan blir temmeleg frustrerande i sitt uendelege kaos, er dette berre éin del av eit spel som byr på mykje variasjon. Det er riktig nok ganske mange av desse slaga, men dei byrjar i det små, og dei første slaga går veldig greitt, sidan det er mindre å halde styr på.

Det er likevel alt det som ligg rundt desse slaga, som gjer Brütal Legend til eit bra spel. Blant anna har vi ei historie i god Tim Schafer-stil, og vi får absolutt levert varene. Dialogen er god, dei tallause metal-referansane sit som eit skot, og skodespelet er noko av det beste og mest kreative eg har høyrt på ei stund. Dette er ikkje berre fordi Jack Black spelar Eddie, men óg fordi spelet ikkje nyttar dei typiske stemmene vi finn i ørten andre spel.

Det er særpreg ved kvar person, og når dei hentar inn folk som Lemmy, Rob Halford og Ozzy Osbourne, samt Tim Curry som ein demonisk herre, kan du berre ikkje trå feil. Kombinert med veldig god ansiktsanimasjon får vi eit spel som verkeleg fortel ei historie på ein vanvittige levande måte vi sjeldan ser i spel.

Det einaste som eigentleg plagar meg med historia er at det blir gjort nokre litt mislukka forsøk på å få litt drama og romantikk inn i biletet, og det fungerer ikkje heilt saman med resten av innpakninga. Eg blir litt forvirra over kva Tim Schafer eigentleg vil. Det er ikkje dramatisk nok til at eg tar det alvorleg, ei heller ironisk nok til at eg ser humoren i det. Det høyrer heldigvis til den minimale minoriteten, men av og til blir historia litt tynn.

Konklusjon

Om du har venta deg eit spel som skal revolusjonere alt, både spelindustrien og verda generelt sett, er eg redd du ikkje får det du vil ha. Brütal Legend er eit bra spel, men det er på ingen måte eit spel som gjer noko ingen har gjort betre før. Kampsystemet er bra, men eg har sett betre. Dei store sceneslaga er ein spenstig idé, men gjennomføringa er mangelfull. Det som verkeleg fungerer er utforskinga, og den gode spelkjensla du får av å la metallens verd trenge inn i deg.

Brütal Legend vil ikkje bli hugsa om ti år for kor bra det er. Det vil bli hugsa for den makelause måten det hyllar rock og metal. Det vil bli hugsa for den uendelege kjærleiken som er lagt inn i oppbygginga av verda, samansetninga av lydsporet, og skrivinga av historia. Ein kjærleik for rock, metal, halvnakne damer, piggar, hornteikn, og enorme eldsprutande monster med horn i panna.

Brütal Legend kunne definitivt ha vore betre, men du kjem likevel garantert til å ha det veldig moro i rocken og den hylande metallens verd.

Brütal Legend kjem i sal 15. rocktober, for PlayStation 3 og Xbox 360 (testet).

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden