Anmeldelse

Castlevania: The Adventure ReBirth

Klassisk og nostalgisk plattformaction anno 1989.

Castlevania-serien handlar i all hovudsak om den stadig gjentakande striden mellom Grev Dracula og vampyrjegerane i Belmont-klanen: Om lag kvart hundrande år står greven opp frå dei vandøde, og like ofte dukkar det opp ein Belmont som reddar dagen. Premissen i The Adventure ReBirth er i så måte representativ, der ein startar eventyret utanfor porten til Draculas slott, i skikkelsen til vampyrjeger Christopher Belmont.

Nygammelt spel

Det er verdt å merke seg at dette ikkje er eit heilt nytt spel i serien, men heller ein del av M2 og Konami (høvesvis utviklar og utgjevar) sin nostalgiframkallande ReBirth-serie, der dei gir ut eit utval klassiske «old school»-titlar i ein slags nygammal utgåve – i same stil som dei originale spela, men med ein del nye element innlemma.

Utgangspunktet for dette spelet er 1989-utgjevinga Castlevania: The Adventure til Game Boy. For ordens skuld: Eg har ikkje sjølv spelt originalen, og kan dermed ikkje signere for kor store endringar som er gjort sidan den gong, men eg kan seie så mykje som at i sin essens er dette framleis eit spel frå 1989 – både på godt og på vondt.

Her må ein altså stille sin indre gamer om lag 20 år tilbake i tid: Ta éin del Super Metroid, éin del Bowser-nivå frå Super Mario Bros., to dropar Prince of Persia i original utgåve, og la det heile trekkje i transylvansk Dracula-mytologi – voila! Gitt tidsaspektet er det kanskje ikkje å forvente at den narrative presentasjonen er like storslått i forma som i dagens tungt påkosta utgjevingar, men her er likevel eit ørlite tilslag av rammeforteljing. Før ein svingar pisken får ein nemlig fire kjappe, historieintroduserande avsnitt som i stor grad summerer opp den nemnde premissen: Dracula er tilbake, og eit medlem av Belmont-klanen har tatt det på seg å kverke han. Det er altså deg, Christopher Belmont.

Så står du der, på døra til sjølvaste Dracula, klar til å slå deg veg innover i slottet, gjennom seks nivå fylt med hordar av monster av ymse slag. Som sedvanleg i Castlevania-serien er det pisken som er ditt viktigaste hjelpemiddel, supplert av oppgraderingar som kjetting og ildkuler, samt eit og anna sekundært våpen som er å plukke opp undervegs – det vere seg øks, kniv, bomerangkors(!) eller vievatn. Men eit våpen gjer ikkje jobben åleine, for sjølv om dei fleste fiendane ein får bryne seg på ikkje tåler meir enn maks eit par-tre piskeslag, så er det ikkje alltid like lett å få inn desse slaga; ein må evne å føresjå bevegelsesmønsteret til monsteret.

Her er me inne på eit nøkkelpunkt for underteikna, som langt på veg avgjer om eg tykkjer spelet er utfordrande eller frustrerande: Når karakteren min dør skal eg kunne sjå at det var min eigen feil, og at eg kan gjere det betre neste gong ved å justere mi eiga tilnærming til problemet. Her har M2 heldigvis gjort mykje rett, for når ein kjem til dei høgare nivåa er det ikkje slik at fiendane tåler så innmari mykje meir enn tidlegare – det er heller vanskelegare å føresjå korleis ein skal angripe dei, og korleis ein skal forsvare seg mot dei. Dette betyr at keisam knappegrinding åleine ikkje fører fram når ein skal ta ned dei vanskelegare bossane; ein må også studere og observere for å finne rett framgangsmåte. Det er sjeldan enkelt, men det kjenst heller aldri fullstendig uoverkomeleg.

Uten lagring

Noko som derimot kan kjennast frustrerande, er den manglande mogelegheita for lagring. No er jo dette spelet utvikla med tanke på at ein skal kunne klare å runde det heile utan å lagre, og derav er det heller ikkje større enn at ein fint klarer å køyre gjennom heile sulamitten i løpet av eit par timar – etter at ein først har brukt oppimot det tidobbelte på å dø i forsøka. I så måte er det kanskje eit større problem at ein gjerne går litt lei dei første nivåa, eller den første halvdelen av dei vanskelegare nivåa, som ein må spele seg gjennom om og om igjen.

Men sjølv om dette var ei standard løysing då spelet kom i original utgåve i 1989, må ein i det minste til ein viss grad vurdere spelet opp imot ein meir moderne standard når valet først er teke om å gi det ut i 2010. Til utviklarane sitt forsvar kan ein faktisk sjølv velje kor mange liv ein startar med, samt at spelet sjølvsagt innehar eit godt, gammaldags continue-system. Og det er vel og bra, men ein mogelegheit til å lagre toppscoren kunne dei vel i det minste ha ordna med?

Ein må altså pent finne seg i å spele dei same nivåa mange gonger, men det finst likevel mogelegheiter for variasjon i programmet om desse nivåa blir for einsformige for deg. Her og der vil ein nemleg kome over meir eller mindre subtilt skjulte sidevegar, som igjen skjuler alternative, tidvis endå vanskelegare ruter mot det respektive nivået sin boss. Dette gir ein heil del ekstra motivasjon for dei av oss som likar å utforske spelverda, og er for meg eit nokså overraskande pluss i eit spel som i utgangspunktet ser ut som om det er rimeleg låst til éi enkelt rute.

Konklusjon

Castlevania: The Adventure ReBirth er utan tvil eit spel for deg som saknar actionplattformsjangeren slik han var for om lag tjue år sidan. Men det er meir enn det: Det er eit spel som har eit bevisst forhold til nostalgi. Som spelmeldar meiner eg at nostalgi er noko eg sjølv bør ha eit bevisst forhold til, at det er noko som helst ikkje bør spele ei for stor rolle i min dom over eit gitt spel. Men no er det slik at ReBirth er ein spelserie som i stor grad er skapt nettopp for den nostalgiske gameren.

Sjølv om eg plar stå nokså hardt på at eit spel som blir gitt ut i 2010 skal og må bli vurdert opp mot si samtid, er eg ikkje blind for at det nok finst ting som kan ha gått tapt i den enorme utviklinga ein har sett i spelbransjen dei siste tjue-tretti åra. Ein serie som ReBirth – og meir spesifikt, eit spel som Castlevania: The Adventure ReBirth – har faktisk sin rettmessige plass i spelåret 2010. Ikkje berre fordi det er eit underhaldande og utfordrande spel i seg sjølv, men også fordi det trassar den nemnde utviklinga, ved å påstå at det som var gøy for tjuefem år sidan, ja, det er faktisk framleis ganske gøy. Og det er jo heilt sant.

Castlevania: The Adventure ReBirth er i sal gjennom Wiiware.

Castlevania: The Adventure ReBirth Wii Wii 7/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 26. februar 2010
  • Plattform: Nintendo Wii
  • Utgiver: Konami
  • Utvikler: M2

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen