Anmeldelse

Chasing Aurora

Vakker og flygedyktig, men innhaldet skortar.

Nyleg lanserte Wii U har fått mykje omtale for GamePad-en sin, som gir spelaren ein ekstra skjerm å rutte med. Dette opnar for ein heil del nye mogelegheiter for den fantasifulle utviklar, blant anna det ein gjerne kan kalle asymmetrisk fleirspelar: Gjennom å ha ein eigen skjerm i hendene, har den spelaren som sit med GamePad-en potensielt tilgang til annan informasjon og andre verktøy enn dei andre spelarane – dermed kan han eller ho òg ha andre mål.

I Nintendo Land har ein blant anna småspela Mario Chase og Animal Crossing: Sweet Day, som begge nyttar seg av denne metoden for å gi forskjellige mål til forskjellige spelarar. Desse er nok først og fremst forsøk på å gjere spelarane vane med denne måten å tenkje fleirspelar på, men kanskje er dei òg meint som inspirasjon til andre utviklarar.

Det har heller ikkje tatt lang tid før tredjepartsutviklarar byrja å ta etter Nintendo på området. Chasing Aurora, utvikla av Broken Rules, verkar nemleg først og fremst å vere utvikla med tanke på fleirspelarmodusen. Det gjer meg ørlite skeptisk, fordi det kan vere eit begrensande utgangspunkt, og fordi spelet då avhenger av at fleirspelardelen er verdt prisen åleine. Men det er svært positivt på ein annan måte, nemleg i den forstand at andre enn Nintendo såpass kjapt er i stand til å sjå, og bruke, potensialet i GamePad-en.

På Wii såg me ein klar tendens til at dei spela som best klarte å utnytte Wiimoten sine mogelegheiter veldig ofte var utvikla av Nintendo sjølv; på den andre sida hadde ein ei rekkje tredjepartsspel der rørslekontrollane verka svært kunstige og påtatte, og i mange tilfelle ikkje anna enn ein gimmick. Det er å håpe på at utviklinga blir ei anna på Wii U – og det ser lovande ut.

Fargesterk origamiverd

I Chasing Aurora styrer du ein fugl, eller i det minste eit vesen som minner veldig om ein fugl, i det ein vel må kunne kalle ei lita samling med små, todimensjonale flygespel. Ved første augekast ser det heile svært lovande ut: Visuelt er dette eit av dei vakraste spela eg har sett på lenge. Grafikken er enkel, men fargesterk og nydeleg utforma, i ein stil som kan minne om origami-bretta papir.

Den første menyen er lett forvirrande, der vala i realiteten er fleirspelar og einspelar, mens det som står på skjermen er høvesvis «Tournament» og «Challenge». Det tar likevel ikkje lang tid å finne ut av kva som er kva, og neste skjerm er eit lite høgdepunkt i seg sjølv: Enten ein har tenkt seg inn på fleir- eller einspelarmodusen, så kjem ein no til ein skjerm der ein får velje mellom ein handfull forskjellige fuglar, som alle har forskjellige flygekvalitetar. Her får ein teste dei forskjellige fuglane i nokolunde fri flukt over eit lite vatn, med ei søkkjande sol over eit snødekt fjell i bakgrunnen. Ikkje berre er det vakkert, det er òg ein svært god måte å få prøvd seg litt på korleis dei forskjellige fuglane oppfører seg i lufta, før alvoret set inn. Det store spørsmålet er om sjølve spelet klarer å halde same nivå.

Einspelarmodusen består utelukkande av ei rekkje på 20 baner, der formålet er å plukke poeng ved å runde bana så mange gongar ein klarer før tida går ut, og så blir ein tildelt stjerner for prestasjonen sin etterpå. Bana følgjer tett plasserte portar som ein må gjennom for å byggje seg opp tidsbonusar, som igjen gjer at ein får eit par ekstra sekund på seg til å hente fleire poeng. Fordi portane er plassert såpass tett, står ein svært lite fritt når det gjeld vegval; hamnar ein utanfor ein port, mistar ein nemleg storparten av oppspart tidsbonus, og då ryk stjernene fort.

Omgjevnadane er, som resten av spelet, svært fine reint visuelt, enten dei finn stad i skogen, i våte fjellholar eller på isete fjelltoppar. Sjølve banene er stort sett heilt ok utforma, om enn i utgangspunktet ikkje veldig ulike på kvarandre.

Fengselsfugl

Som naturleg er, stig banene i kompleksitet og vanskegrad etter kvart som ein jobbar seg gjennom dei, men enkelte av vala Broken Rules har gjort her skurrar litt for meg. Noko av det beste med dette spelet er nemleg flygekjensla når ein er i fri flukt, og klarer å manøvrere fuglen sin unna veggar og andre hindringar. Når ein då blir belemra med tidvis uunngåelege steinras, fossar og lynnedslag for å auke vanskegraden, så øydelegg det mykje av flyten i flyginga. Ein blir bremsa ned uansett kva ein gjer, og flygekjensla får seg ei ripe i lakken. Når då styringa på fuglane i utgangspunktet er ganske god, kjenst det endå meir unødvendig å måtte kjempe mot slike hindringar.

Det som likevel er mest fortærande ved einspelarmodusen, er mangelen på innhald. Ein har desse 20 ganske korte banene å runde – og det er det heile. Det er så si sak at dette er eit spel der fleirspelarmodusen sit i førarsetet, men i eit spel der premissen er at «du er ein fugl», er det ikkje til å fatte at ikkje utviklarane lar spelaren fly fritt i større grad enn dette; det heile verkar så innesperra. Om ein først skal kunne fly, er det ikkje då fridomskjensla som er noko av det sentrale?

Eit anna snodig val av utviklarane er mangelen på ein funksjon for å samanlikne rekordrundar over nett. I staden konkurrerer ein utelukkande mot sine eigne beste rundar. Det er gøy ein stund, men når ein har meistra kvar bane såpass at ein har maksa ut stjernene, tilbyr spelet ingen ekstra motivasjon for å fortsetje. Då har du i praksis runda einspelardelen.

Moro enn så lenge

Fleirspelardelen tilbyr, som nemnd i innleiinga, eit par-tre variantar med asymmetrisk speling, som alle er rimeleg underhaldning for pengane. «Hide and seek» er sånn nokolunde det namnet tydar på, der Wiimote-fuglane har som felles mål å finne GamePad-fuglen. «Freeze» kan minne om barneleiken stiv heks: GamePad-spelaren er ein isfugl som skal fryse dei andre ved å røre borti dei, mens dei som ikkje er fryst kan «avfryse» dei frosne fuglane igjen. Den siste varianten er «Chase», og denne er ikkje asymmetrisk. Her er det berre om å gjere å kapre ein edelstein som heng i lufta, og halde den unna dei andre fuglane så lenge som mogeleg.

Til slutt finst det òg ein variant som tilbyr éin runde med kvar av dei tre føregåande. Som sedvanleg når det er snakk om fleirspelar, så er dette meir moro jo fleire som er med og spelar, opp til maksgrensa på fem stykk. Her er det verdt å merke seg at kvar spelar må ha både Wiimote og nunchuk for å kunne spele.

Diverre har fleirspelardelen det til felles med einspelaren at det ikkje er nok innhald her. Det heile er for så vidt underhaldande nok i seg sjølv, det er ikkje det. Eg skulle berre ønskje meg meir. Ikkje berre fleire spelvariantar, men fleire og større brett – rett og slett meir flyging. Ein står rett nok ein heil del friare til å utforske fleirspelarbretta, og dermed får ein òg nyte fuglen si fridomskjensle i noko større grad. Men det er likevel ikkje nok, det blir for einsformig i lengda. Alle bretta er i essens så godt som like, det er grovt sett berre omgjevnadane som skil dei. Det same problemet gjeld til ein viss grad dei tre spelvariantane; dei er for like på kvarandre, alle saman.

Konklusjon

Chasing Aurora er eit av desse spela som kunne ha vore strålande, som har fleire herlege anslag, men som til sjuande og sist endar opp med å kjennast halvgjort. Flyginga er vanskeleg i starten, læringskurva er bratt. Men når du endeleg kjenner at det er du som har styringa, når du endeleg klarer å unngå å fly inn i alle veggar og hindringar som finst, når du klarer å runde hjørna i full fart, stupe perfekt ned til botnen av bana, og flakse deg til topps igjen på eitt enkelt vengeslag, då kjenst det verkeleg som om du styrar ein fugl. Det er ein fantastisk augneblink.

Men når den augneblinken er over, så er du på mange måtar i mål – for det er i den augneblinken at dette spelet når toppen. Resten av tida består i stor grad av forsøk på å finne tilbake til dette, men sjølv når du får det til så er det ikkje heilt det same. Du har klart det. Det var det. Det ein då sit igjen med er denne kjensla av kva Chasing Aurora kunne ha vore. Det er ei ganske tom kjensle, ei som får ein til å tenkje at ein kanskje heller skulle bruke tida si på andre spel.

Eg blir litt trist på Broken Rules sine vegner, for eg har så lyst til at dette visuelt nydelege og, eigentleg, fantastisk spelbare spelet skal oppnå meir. Men det er som det er: For lite. For trongt. For tomt.

Chasing Aurora er i sal på Wii Us nettbutikk, eShop.

Siste fra forsiden