Anmeldelse

Damnation

Vill vest i ustand

Lite fungerer når western-sjangeren går fullstendig av hengslene.

1: Side 1
2: Side 2

Eg har to teoriar som kanskje kan forklare kva som har skjedd med Damnation. Den første er at Blue Omega rett og slett ikkje hadde nok ressursar og nok tid til å gjere den jobben dei helst ville gjere med Damnation. Den andre teorien er at dei enkelt og greitt mangla talentet som krevst for å kunne fullføre eit så ambisiøst spel, som Damnation på papiret ser ut til å vere.

Damnation er eit spel som vågar å gjere ting litt annleis. I staden for eit typisk skytespel der du spring frå det eine lineære området til det andre, har du enorme leikegrinder å boltre deg i. Du kan springe og hoppe mellom hus og fjellsider, i eit spel der like mykje skjer høgda, som bortover relativt flate område.

Opp og ned er like langt

Heile spelet er vertikalt. Når du kjem til eit nytt område, er ikkje nødvendigvis fiendane framfor deg. Dei kan vere under deg, eller over deg, og du må klatre og hoppe for å finne ein god posisjon. Vi snakkar ikkje om at fienden er over deg som i at han står på toppen av eit tak. Her kan du sjå klynger med bygningar langt under deg, og det er dit du må kome deg, på ein eller annan måte. Du heng frå vindauge, du hoppar mellom veggar, og du sklir ned strategisk plassert tau for å nå målet ditt.

For det meste fungerer det veldig bra, og du opparbeider deg ein god flyt i kva du gjer. Diverre hender det samtidig litt for ofte at vegen vidare er så anonym at du rett og slett ikkje ser at den ligg rett framfor deg. I slike situasjonar møter du gjerne ein vegg i form av at spelet krympar inn til ei smal fil der du berre har ein veg ut. Sjølv om det ser ut som om du har fleire moglegheiter, har du i realiteten berre ei. Eit døme på dette er korleis du kan utføre vegghopp frå dei fleste veggar, men ikkje alle, og sistnemnde gjeld som regel der du endar opp med å sitje fast.

Det blir etter kvart tydeleg at sjølv om vi blir plasserte i temmeleg store område, og sjølv om du stort sett er fri til å gå fram slik du sjølv vil, manglar utviklarane den sansen for god flyt som til dømes Ubisoft har med Prince of Persia og Assassin's Creed. Der Ubisoft har bygd opp spel som praktisk talt let deg klatre og springe som du vil, der du vil, blir du i Damnation låst til gelender, bjelkar, tak og vindauge. Du kan til dømes ikkje hoppe mellom to vindauge som ligg side ved side, og du finn ingen små avsatsar og gripepunkt i forskjellige former, som kan hjelpe deg vidare.

I tillegg oppstår det problem i form av at du brått ikkje anar kvar du skal. Arkitekturen på forskjellige bygningar kan tidvis bli så einsformig at du endar opp med å springe rundt i ring på eit veldig lite område. Du gjer ditt beste for å finne eit godt punkt som gir deg god oversikt over situasjonen, men likevel endar du opp med å springe heilt feil veg, sjølv om du trur du er på rett spor.

Skyting for spirituelle

Damnation introduserer eit interessant element, Spirit Vision. Ved å stå i ro ei lita stund, vil du kunne sjå kvar alle fiendar og allierte er. Dette er noko som kjem veldig godt med, både når du spelar aleine, og når du er på nett. Du ser lett kva veg du bør gå, sidan du ser klynger med raude og blå silhuettar. Du blir aldri springande rundt på måfå om det er fiendar du er på jakt etter. I tillegg kan denne funksjonen vere til hjelp mot vanskelege fiendar. Om du blir plaga av ein praktisk talt usynleg snikskyttar, er det berre å gøyme seg bak ein vegg, danse litt i drømmeland, og du veit umiddelbart kvar han er.

Diverre er ikkje våpenutvalet det beste. Spelet gir oss absolutt ingenting utanom det vanlege, og det vi får er ganske tamt. Det går for det meste i det typiske utvalet av automatrifle, pumphagle, sniper og granatkastar. I tillegg har utviklarane putta inn eit våpen som er henta rett ut av F.E.A.R.-serien. Om du likar å skyte naglar på folk, kjem du i alle fall til å finne ein ting som gir deg glede i Damnation.

Det meste er likevel langt frå godt, og skytinga er spelets absolutt verste del. Siktet er forferdeleg upresist, og går i rykk og napp medan du prøver å få inn nokre skot på ein fiende som spring rundt i ring som ein komplett idiot. Dette vil raskt gjere deg merksam på eit anna problem. Det einaste verkeleg allsidige våpenet i spelet er automatrifla, men den er blant dei dårlegaste automatvåpna eg har vore i kontakt med gjennom heile mi karriere spelentusiast.

Den er så upresis at du kan bruke opp ei heil runde med kuler på å drepe ein fiende, sidan kulene forsvinn så raskt at du knapt får tid til å fjerne fingeren frå skyteknappen før dei er borte. Heile magasinet tek berre omlag tre rundar, så du kan jo tenkje deg sjølv kor lenge det varer.

I tillegg til dette har vi den imponerande dårlege kunstige intelligensen. Enten spring fiendane fram og tilbake i enkle mønster, eller så står dei heilt i ro, sjølv om du skyt på dei. I mange situasjonar kan du ta deg god tid og skyte ei og ei kule mot fiendar som ikkje gjer anna enn å nikke på hovudet når dei får ei kule i brystkassa.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden