Anmeldelse

Damnation

Vill vest i ustand

Lite fungerer når western-sjangeren går fullstendig av hengslene.

1: Side 1
2: Side 2

Tannlaus historie

Damnation kastar oss inn i ein alternativ vill vest der borgarkrigen aldri slutta. Utviklarane blandar god gammal western med sinnssjuke folk som vil ta over verda, samt avansert dampteknologi. Ein cowboy i kamp mot ein primitiv robot dannar eit godt bilete av korleis ting ser ut. Diverre er det alt anna enn pent, og spelet er blant dei styggaste spela som brukar Unreal 3-motoren. Teksturar brukar tidvis nesten eit heilt minutt på å kome fram, og alt for ofte kjem lasteskjermen til syne. Ofte skjer dette medan du er midt i ein kamp, eller eit akrobatisk hopp, og den kan bli der i så lenge som eit halvt minutt. Det einaste som eigentleg reddar presentasjonen, er musikken, som av og til glimtar til med nokre pompøse salver. Historia derimot, kan du berre gløyme.

Dialogen er søppel, framføringa er søppel, og hovudpersonane sjølv er så stereotypiske og ukarismatiske, at dei óg kan karakteriserast som søppel. Vi kan starte med karen du er så heldig å få spele, Rourke. Han har eit ansikt som ser meir ut som om det høyrer heime i ein pornofilm frå Latin-Amerika, enn under hattebremmen til ein hardbarka pistolslyngar. Solbrun, ubarbert, tydeleg eyeliner rundt auga, og eit andlete som er så blotta for ansiktsuttrykk at du like godt kunne ha stira på ei porselensdokke.

Den kvinnelege motparten er ei indianarkvinne som ser ut som om ho er Frankenstein-monsteret til ein gjeng med prepubertale fjortisar, som har eit desperat håp om å få kvitta seg med jomfrudomen, utan å faktisk måtte snakke med ei dame først.

Har du forresten sett Zoolander? Ben Stillers film om mannlege modellar? Hugsar du Blue Steel, Le Tigre, eller kanskje Magnum? Har du ikkje sett filmen, sjå den, og hugs kva desse namna betyr, for det er akkurat slik alle dei «viktige» personane i Damnation ser ut. Når dei snakkar, er det eigentleg ei god beskriving å seie at dei pressar ord fram gjennom strame lepper medan dei desperat prøvar å halde maska. Blue Steel, Le Tigre, eller Magnum-maska altså.

Nesten katastrofe

For det meste er Damnation eit sørgjeleg kapittel, men det hender at du vil kome over sekvensar som får engasjementet opp litt. Skytinga er aldri interessant, med unntak av nokre snikskyttar-episodar, men akrobatikken kan bli ganske underhaldande til tider. Alt kjem an på om utfordringa er sett saman på ein smart måte. Det er ikkje så ofte vi får sjå verkeleg god nivådesign, men det skjer, og det er ei litt trist påminning om kva dette kunne ha vore.

På den positive sida kan du spele gjennom heile spelet saman med ein ven, på delt skjerm eller over nett. Dette aukar underhaldningsverdien litt, men ikkje nok til at du heller spelar dette, enn eit anna spel.

Fleirspelarmodusen er på si side full av gode idear, men blir fullstendig øydelagt av det håplause siktet. Dette er litt betre på PC, men ikkje nok til å gjere noko utslag. Det er moro å kjempe mot andre i eit spel der du verkeleg kan herje både opp og ned, i tillegg til fram og tilbake, men det er ikkje nok. Damnation har for mange grunnleggjande feil og manglar til å kunne halde på interessa over lengre tid.

Konklusjon

Damnation er eit trist spel. Det er trist fordi det er forferdeleg lett å sjå alt det potensialet som ligg både i verda, og i spelmekanikkane. Berre tenk på det: Eit Western-spel med avansert dampteknologi som får robotar til å gå. Eit spel der du kan klatra like mykje i høgda, som du spring framover. Eit spel der du kan stå høgt oppe i fjellsida og plukke ned alle fiendane med kikertsikte, før dei får tid til å reagere.

Det høyrest ut som eit spel med potensiale, men når gjennomføringa er så dårleg som den er her, endar vi opp med eit spel det er umogleg å like. Akrobatikken er ikkje så flytande som den burde ha vore, og skytinga er håplaus takka vere eit elendig sikte som berre går i rykk og napp. Ei elendig historie gjer det ikkje betre, og alt vi står igjen med er eit tvers igjennom uferdig spel, som berre underheld i små doser.

Damnation er i salg for Xbox 360, PlayStation 3 og PC.

Diskutér artikkelen i forumet

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden