Anmeldelse

Dead Block

No er det på tide å la dei døde kvile i fred.

Merkar du kløa? Du er kanskje ikkje heilt bevisst på den, eller kva den eigentleg er, men du har sannsynlegvis erfart ei litt plagsam kløe i det siste. Som om maur kryp over kroppen, eller at nokon gnir sand inn i huda di. Ikkje fortvil min ven, for du er ikkje aleine. Innerst inne er du ein zombiehatar.

Symptoma på denne tilstanden er ganske enkle, sjølv om dei ikkje alltid er like lette å tolke. Sjansen er stor for at du ein gong fryda deg over alt som hadde med dei levande døde å gjere, og du har eigentleg aldri stoppa å like dei, trur du. Over dei siste åra har du derimot erfart ei endring. Kvar gong eit nytt spel, ein film, ein serie, eller ein teikneserie med zombier dukkar opp tenkjer du instinktivt «Ja!», men så demrar det for deg at du kvir deg. Det er som om du er programmert til å takke ja til alt du får, medan du ein stad inne i hjartet gler deg like mykje til dette som om du skulle utsetjast for drypptortur i eit par veker.

Om du berre kunne gjere dette heile tida.

Akk og ve

Du er som sagt ikkje aleine, for det er ganske mange av oss. Vi liksom berre spele det neste spelet. Dette sørgjer for at utviklarar tomme for genuin fantasi spyr ut enda fleire spel. Vi druknar i zombier, og vår reelle kvardag med dei er i ferd med å bli like oversvømt som byane zombiene gjerne har ein tendens til å terrorisere.

Dead Block er sommarens tilskot på zombietreet, og det er ein ubrukeleg liten skitklump som prøvar alt for hardt, men får ingenting til. Dette er den typen spel der du konstant frå start til slutt berre sit der og lurer på kva i alle dagar utviklarane har tenkt på. Zombier er på ein måte den fattige manns oppskrift på suksess. Gi spelaren eit våpen, gi han nokre tronge passasjar, og kast zombier på han. Det er vanskeleg å ikkje gjere dette moro, men Dead Block er alt anna enn moro.

Hovudproblemet til Dead Block er at du brukar alt for mykje tid på ubrukelege og keisame ting, og alt for lite tid på det som er – eller kunne ha vore – moro. Dead Block er ein kombinasjon av action i tredjeperson og Tower Defense, men feilar i begge endar. Du spring rundt i forskjellige bygningar som ein av tre banalt stereotypiske karakterar (les: muskelmann med anleggshjelm, mørkhuda politiberte med afro, og ein tjukk drittunge med lollipopp), og må barrikadere dører og vindauge. Dette er i all hovudsak alt spelet går ut på, og jobben din blir først og fremst å sanke ressursar slik at du kan byggje desse barrikadane.

Og det er her problema oppstår: Spelet har fleire forskjellige tidvis artige barrikadar, men alle kostar noko. Enkle plankar kostar ved, og avanserte feller kostar skruar. For å finne desse ressursane må du springe rundt og hogge opp møblar, og rote gjennom søppel og forskjellige boksar. Du brukar meir tid på dette monotone arbeidet enn noko anna i spelet, og du går raskt lei.

Byggmester Bob! Kan det fiksast?

Hei på deg småen!

Fokuset på å samle skruar og plankar drep spelet. Du brukar latterleg lang tid på å samle kvar gjenstand, og dette sørgjer for at det blir veldig lett å setje seg fast i farlege situasjonar. Du vil ha flest mogleg slik at du kan byggje feller, men om du ikkje har ein plan frå første sekund kan du raskt finne deg sjølv innelåst i eit rom der alle utgangar er fulle av vandrande lik. Zombiene kjem sakte, men når dei først kjem er det gjerne i store flokkar, og det kan bli vanskeleg å kome seg forbi. Alle dei tre heltane har kvart sitt spesialvåpen som utover i spelet blir temmeleg potente, men det går lang tid mellom kvar gong du kan bruke dei, og dei blir difor reservert for ekstreme naudstilfelle.

Du kan slå zombiene, men kampsystemet er knekt på midten. Angrepa er svake og like trege som om du skulle prøve å vifte med ei lang flaggstang. Den beste taktikken er å stå eit stykke unna, og trykke inn knappen før du spring mot fienden. Det er tregt. Om du berre spring opp til fiendane er sjansen stor for at dei slår deg før du rekk å slå dei, og når kvart slag tek ein solid prosent av helsa di er du raskt i trøbbel.

I staden må du heile tida prøve å blokkere alle inngangar. Du går til eitt rom, reinskar det ut, og barrikaderer alt før du går vidare til neste rom. Din beste sjanse er å prøve å geleide alle zombiene langs ein veg, og prøve å drepe så mange som mogleg av dei i løpet av prosessen.

Det er her spelets einaste eigentleg positive side kjem fram. Dei tre heltane har alle sine unike feller å plassere ut. Her finn vi alt frå solide og permanente betongveggar, til bomber som sprenger når zombiene bryt seg gjennom. Du kan helle kloakk på dei for å skade dei over tid, eller du kan grille dei med elektrosjokk. Eventuelt kan du sleppe ei pappkase over hovuda deira, noko som av ein merkeleg grunn får alle andre zombier til å gå til angrep.

Kanskje den mest ubrukelege spelkarakteren gjennom tidene.

Du kan ha det moro med desse fellene, men med tanke på at du treng mange skruar for å byggje dei opp, er det ikkje alltid like enkelt å kome så langt. Samtidig er spelet forferdeleg ubalansert, sidan nokre karakterar har ekstremt potente feller, medan andre igjen er heilt ubrukelege.

Det finnest ei og anna løysing på vanskeleg situasjonar når dei skulle oppstå. I enkelte rom kan du finne ein jukebox, og om du puttar ein mynt på dei vil zombiene danse. Kvifor zombier dansar til rock anar eg ikkje, men det gjev deg no ein sjanse til å leite etter fleire ressursar. Alternativt kan du finne ei antenne å plassere på ein TV, noko som gjev meir meining, sidan TV-slavar og zombier allereie har svært mykje til felles. Ein siste vri er å leggje ein kotelett på ein elektrisk omn, noko som endar i fres.

Målet med det heile er stort sett ikkje meir avansert enn at du skal finne ein gitar, ein forsterkar, og eit kabinett. Når alle delane er på plass kan du plukke opp gitaren og vrenge laus ein nesten lyslaus gitarsolo gjennom eit ekstremt forenkla Guitar Hero-konsept. Nokre baner gjer det litt enklare, og skal berre ha deg til å drepe mange zombier før du slår på ei maskin som drep alt og alle.

Moro for fleire?

Merkeleg nok kan du ikkje spele Dead Block over Xbox Live, men må i staden ta til takke til samarbeid i sofaen. Dette i seg sjølv er ikkje så gale, det er for lite sofaspeling i 2011, men det hadde no vore greitt med eit val. Ikkje at du eigentleg treng det, eit dårleg spel blir ikkje nødvendigvis betre av at fleire tek del samtidig, og dette er Dead Block eit godt døme på.

Ein ekte mann drep sofaen!

Det einaste positive er at det går litt raskare å sanke inn ressursar, samt at det sjølvsagt hjelper at to spelarar kan byggje barrikadar samtidig. Dette gjer likevel svært lite med spelets aller største problem: at det er dørgande keisamt.

Eg skal ikkje sjå bort frå at utviklarane har innsett at Dead Block ikkje akkurat er ei perle, og at dette er grunnen til den pinlege presentasjonen. Dead Block framstår som eit særs billeg og dårleg forsøk på å lage Grindhous-underhaldning, der kvart nivå blir introdusert av store ord frå ei stemme som ikkje får til å imitere stemmene på filmar frå 50-talet. Ei litt flau og krampeaktig kjensle breiar seg over deg, og sjølv om Dead Block utan tvil prøvar å vere parodisk og morosamt, får det ikkje til noko som helst.

Konklusjon

Dead Block er eit ganske ubrukeleg spel. Det er verken moro eller engasjerande, og sjølv om du ein og annan gong kan ha det litt moro med å knerte vandrande lik, er det berre av og til. Stort sett grev du berre gjennom søpla på jakt etter ein skrue eller to for å kunne byggje ei ny felle, og dette blir du raskt ekstremt lei.

Zombiane er trege og hjernedaude, men det hindrar dei ikkje frå å kome i så store mengder at du får problem uansett kva du gjer. Du er ein krøpling i kamp mot verre krøplingar, men når det er mange av dei slemme krøplingane får du eit problem. Eit elendig kampsystem, ubalanserte feller, og ein total mangel på essensielle adrenalinkick sørgjer for at Dead Block på sitt aller, aller beste aldri blir meir enn hjernedaudt tidsfordriv du ikkje kunne brydd deg mindre om.

Det har sine små stunder der du får ei viss glede av å sjå at din bruk av feller får full utteljing, og dette er det einaste som no og då hevar dette over søppelbøttestadiet, men berre ikkje tru at det varer lenge.

Siste fra forsiden