Anmeldelse

Dead Rising 2

Livslang shoppingtur

Chuck Greene får prøvd seg mot zombier, psykopatar og ikkje minst klokka.

Stakkars Chuck Greene. Ikkje berre har dottera hans blitt zombifisert, men no har han fått skulda for eit massivt utbrot av zombier i festbyen Fortune City. Framfor deg står tre beinharde døgn der du må kjempe mot klokka for å reingjere namnet ditt. På vegen vil du møte nokre overlevande i nød, nokre psykopatar som gjerne vil deg til livs, eit enormt og endelaust hav av zombier, og nokre av dei mest lattervekkande og fascinerande våpna i verdshistoria.

Tidsklemma

Du kan seie at Dead Rising 2 handlar om å drepe zombier. Det ser slik ut, og alt i spelet er bygd opp om å gjere sport av å slakte dei på kreative måtar. Det er likevel noko heilt anna som styrer spelet ditt. Rundt omkring i Fortune City vil du finne forskjellige overlevande. Nokre er svake og treng hjelp for å kome seg i tryggleik, medan andre spring rundt med våpen og berre treng ein guide. Andre igjen har fått fullstendig fnatt, og har enda opp med å leve i eit parallelt univers der ingenting heng på greip.

Mitt namn er Greene, Chuck Greene.

Ta den tidlegare sheriffen som eit godt døme. Før var han rota til lov og orden, no henger han uskuldige menneske og meiner det er jobben hans. Eit større problem er dei fire beinharde patriotane som godt plassert med sniper-rifler mellom nevane har funne ut at kaoset er eit middel dei kan bruke for å få Amerika på rett kjøl igjen. Ein kjøl som for dei fleste med meir enn eit par støvkorn mellom øyra vil sjå på som rein galskap.

Desse psykopatane, i godt fellesskap med dei forskjellige sjefskampane historia tvingar på deg, er Dead Rising 2 sin store nedtur. Ingen av dei heng på greip, alle er mange hakk for kraftige i forhold til kva som skulle ha vore genetisk mogleg, og det heile er tvers igjennom dårleg speldesign. Chuck er ikkje rask, han spring, men ikkje spesielt fort. Desse psykopatane spring som om dei har eit dusin rakettar køyrt opp i endetarmen. Dei spring, dei rullar, dei reagerer på eit nanosekund, og sjølv eit gammalt postbod med solid ølvom presterer å oppføre seg som ein atlet frå ein annan planet.

Det blir for teit, og det blir direkte provoserande. Du veit sjeldan når ein slik kamp vil oppstå, og når det først skjer er du ikkje alltid klar for det. Du har ikkje alltid all den appelsinjusen du treng når du bli skada, og det er ikkje sikkert du har dei rette våpna for jobben heller. Det er ikkje før Chuck kjem så langt opp i erfaringsnivå at han lettare kan ta knekken på dei at ting betrar seg, men då er du likevel så lei at det freistar mest å ignorere dei fullstendig til fordel for dei tinga i spelet som faktisk er moro.

Hjelp til trengande

Det finnest ein del overlevande i Fortune City, og mellom historiesekvensane blir det din jobb å redde så mange av dei du kan. For å redde alle skal du verkeleg vite kva du driv med. Alt går på tid i spelet, og når du først får beskjed om at det er ein person i eit område må du leggje det inn i planane dine som stort sette allereie er på bristepunktet. Du må prioritere i slik grad at det ofte er på hengande håret at du kjem fram tidsnok, og prisen du må betale er blod og sveitte.

Eitt oppdrag tvingar deg faktisk til å gå rundt slik.

Å kome seg frå den eine enden av kartet til den andre er ikkje så enkelt som å berre gå dit. Du skal forbi zombiene, og dette er noko som òg krev god planlegging. Du må ha gode våpen, og du må helst ha mange av dei sidan dei ikkje varer lenge. I tillegg må du ha rikeleg med mat. Du veit aldri når ei zombie vil ta tak i deg bakfrå å rive bort nokre prikkar frå helselinja, og om du ikkje har utrusta deg godt kan du nå målet haltande og med tomt inventar.

I motsetning til Dead Rising 1 er det ikkje nok å berre plukke opp ting du finn. Det som ligg strødd rundt omkring i Fortune City er svært sjeldan av den effektive sorten. I tillegg får du ingen nemneverdige erfaringspoeng for å bruke dei. Nøkkelen til suksess kjem gjennom å skru saman våpen sjølv på dei forskjellige arbeidsbenkane som stort sett ikkje er langt unna. Ved å gå inn i små rom vil du finne det du treng for eit våpen eller to, og du kan springe vidare mot målet ditt.

Desse våpna er spelets store høgdepunkt. Du kan skru saman alt frå ein propellhjelm til eit vanngevær som skyt eldkuler. Du kan flerre gjennom zombiene med boksehanskar med knivblad, eller du kan feste ein machete til eit kosteskaft for å gjere reint bord. Det er nesten overveldande kor mykje du kan setje i hop, og du kjem garantert til å bruke mykje tid på å eksperimentere for å finne nye våpen. Det er ikkje alle ting som passar i hop, men ein tommelfingerregel er at om det ligg nær ein arbeidsbenk, kan det sannsynlegvis brukast i lag med andre ting som ligg nær benken.

Det glade fellesskap

Når du først har dei våpna du skal, og du har kome deg fram til den overlevande personen du er på jakt etter, startar neste fase av oppdraget. Ikkje berre skal du kome deg fram til personen, du skal få personen tilbake til basen òg. Dette er derimot noko heilt anna enn vegen dit var. Som regel er det ein god idé å redde fleire personar av gangen. Kvar person som spring saman med deg er ein ekstra person som kan kjempe mot zombiene, og dei gjer alle ein god jobb i akkurat det. Du kan i tillegg gi dei våpen for å bli meir effektive, sjølv om nokre idiotar tydelegvis ikkje ser på eit zombieutbrot som ein god grunn til å forsvare seg.

Pene damer er sjeldan snille. Merk mine ord.

Kor vanskeleg spelet er endrar seg massivt om du spring rundt med ein stor gjeng. Ikkje berre blir det lettare å kome seg gjennom zombiene, det blir samtidig lettare å ta knekken på psykopatane, og dette i seg sjølv er god nok grunn til å skaffe seg nye disiplar.

Det er likevel i lita hake ved det heile. Nokre av dei overlevande er skada og må difor få hjelp. Det er null problem å hjelpe bere ein person sidan zombiene praktisk nok blir mindre aggressive mot deg når du gjer det (takk, Blue Castle), men det kan blir ei utfordring om du endar opp med to eller fleire skada personar. I slike situasjonar må du gjerne springe fram til ei dør som fører vidare til ein annan del av Fortune City, setje personen frå deg, og få følgjet ditt til å bli akkurat der før du spring tilbake og hentar den andre skada personen. Når alle er på plass kan ein gå vidare mot neste sone, og du er eit stort steg vidare ei massive dose erfaringspoeng som vil få deg til å klatre i nivåa, og med det få betre helse, meir styrke, og fleire nye idear til artige våpen.

Denne strukturen er absolutt krevjande, men den er samtidig høgst tilfredstillande. Spelet stiller enorme krav til deg som spelar, og det presterer å byggje opp ei kjensle av at det du gjer er viktig. Du gjer det du kan for å redde alle, og det er eit enormt nederlag å ikkje få det til. Kjensla du får når du har prestert det som burde ha vore umogleg er derimot så nært monumental stoltheit som du kan kome.

Sosial slakt

Om du er av den sosiale typen har Dead Rising 2 litt å by på for deg òg. Du kan samarbeide med ein ven over nett om å spele gjennom historia, sjølv om du berre kan gjere framgang i historia om du har starta spelet sjølv. Den som blir med får riktig nok behalde alle erfaringspoeng, så litt samarbeid har absolutt sin verdi utover moroa ein får av å gjere ting saman. Eg har diverre ikkje fått prøvd dette sjølv, sidan det tydelegvis berre er eg som er litt sosial for tida. Ved å spele sjølv blei ingen med, og om eg prøvde å finne nokon å spele med, var det ingen som ville gjere det same.

Klokka. Din beste ven og din største fiende.

Litt større hell hadde eg med Terror Is Reality, Dead Rising 2 sin eigen vesle konkurransesport. Her skal du saman med tre andre spelarar konkurrere om å hove inn poeng, og drepe mange zombier i same slengen. Du må rulle i ei kule, stange zombier inn i ein ring ved hjelp av massive elghorn, samt køyre gjennom havet på motorsykkel. Det er heilt grei moro ei stund, men det er nok ikkje noko du vil kome tilbake til med mindre du er veldig lysten på å tene nokre dollar. Alle pengar du tener i denne sporten kan du overføre til spelet ditt, og dette kan kome godt med om du må kjøpe medisin eller nokre heftige våpen frå dei litt spekulative sjappene du finn i spelet.

Konklusjon

Kva som ville ha vore best i dag om begge Dead Rising-spela kom samtidig er ikkje heilt godt å seie, men eg held likevel ein knapp på det første spelet. Det var friskare, og hadde strengt tatt betre variasjon i kva du faktisk tok deg til. I Dead Rising 2 handlar alt om å slakte zombier, og utan noko til å bryte opp den rytmen med blir det litt i meste laget om du sit fleire timar om gangen.

Samtidig er sjefskampane og kampane mot psyokopatane i spelet så elendige at dei ikkje maktar å byggje opp entusiasme på nokon måte. Psykopatane kan du heldigvis styre unna om du ikkje er sterk nok, så det er ikkje noko stort problem.

Det Dead Rising 2 gjer bra, gjer det derimot fantastisk bra. Det er enorm moro i å utruste seg med vanvittige våpen for å slakte ned zombier i hopetal. Spelet har ein enormt bra driv, og jakta på fleire overlevande er både spanande og høgst motiverande. Dette er den typen spel der tida berre flyg, og om det ikkje hadde vore for eit par skår i gleda, hadde dette vore noko verkeleg stort.

Siste fra forsiden