Anmeldelse

Dragon's Dogma

Kom inn i ei magisk verd der nokon alltid er tøffare enn deg.

Når skriving er det siste eg har lyst til å gjere, og alle tankane mine helst ser at eg returnerer til sofaen for å drepe den dragen som drap meg i stad, er det eit godt teikn. Det er dette med fokus. Fokus kan vere svært vanskeleg av og til. Spesielt no når alle mine tankar går til denne dragen som våga å snike seg innpå meg medan eg dreiv på med heilt andre ting.

Her i denne fagre verda spring eg og passar mine eigne saker. Plukkar nokre blomar, litt sopp, eitt og anna ugras med uvisse medisinske eigenskapar, før eg kneftar nokre goblinar under den store skoen min. «Ein heilt vanleg dag på jobben» kunne boka om mitt liv blitt kalla om tittelen ikkje allereie var teken. Poenget er at her anar eg fred og inga fare i det musikken brått gjallar rundt øyra mine og eg ser eit flammehav vakse opp mellom meg, mine lakeiar og goblinane eg leikar med.

Mine første tankar er at magikaren i gruppa mi har nokre feite triks, men det er før eg høyrer lyden av vengeslag, og i full panikk legg i sprang i eit nyttelaust forsøk på å kome meg unna.

Problemet med opne sletter er at griffen ser deg veldig lett.

Kritiske slag

Eg er fjorten år. Ved mi høgre hand sit min bror og ein kamerat. Ved mi venstre sit ein av mine beste vener og min fetter. Akkurat no er det krig. Med stødig hand har eg bak Dungeon Master-skjermen ført dei ned i ei djup grotte der dei møter eit svært troll. Dei diskuterer fram og tilbake, prøvar det eine og det andre, feilar og vinn. Dei tek knekken på trollet. Kjem seg opp på landjorda igjen, og tek inn synet av ei utstrakt slette med eit slått i det fjerne. Dei ser seg frå side til side og planlegg vegen vidare. Dei ser noko gjennom tåka. Eitt tårn? Dei kan ikkje seie sikkert. Dei bestemmer seg for å sjekke det ut, kanskje dei finn noko der.

Eg er fjorten år igjen. Kvar gong eg set meg ned, plukkar opp kontrollaren og trykkjer meg forbi den hårete rocken som pregar hovudmenyen i Dragon's Dogma blir eg seksten år yngre. Eg får noko tilbake. Eg mistar mange år som ikkje har gjort meg større tenester enn å gjere meg eldre.

Når eg spelar Dragon's Dogma er eg ung igjen. Ei barnsleg glede tek over. Her og der blir den avbroten av minst like barnsleg raseri når eg brått og uventa blir drepen, berre for å innsjå at eg har gløymt å lagre spelet. Eg er ikkje lenger vaksen og erfaren. Med omhug blir det banka inn i meg at denne verda er farleg. Kvar du enn går kan du møte nokon som vil deg vondt. Om du ikkje held deg til tråkket der ein og annan soldat no og då kan skimtast, endar du raskt opp med å ete jord.

Dragon's Dogma er det næraste eg har kome den kjensla eg fekk av å sitje rundt eit bord og vente i spaning på kva som kom til å skje. Eg får ei massiv kjensle av naiv undring, og den svære og opne verda dreg deg inn. Du kan heile tida skimte noko i det fjerne som utforskast, og vegen dit er krydra med farlege ting. Det er verkeleg som å vere på eventyr. Eit stort og utfordrande eventyr som kastar deg midt inn i ei verd og let deg gjere som du vil.

Fordelen med opne sletter er at ingen tre står i vegen mellom eldkula di og skrømtet som angreip.

Vegen vidare

Om du har lurt på kva som skulle skje med dei japanske rollespela etter at vestlege utviklarar av rollespel steig fram som ei kjempe med endring på timeplanen, får du svaret ditt no. Dragon's Dogma tek det beste frå to verder og skapar noko nytt. Dragon's Dogma er ein kompott av alt det eit solid rollespel skal by på. Ei svær og utfordrande verd med stadig nye utfordringar? Gransys byr på alt du kan ynskje. Verdskartet er kanskje ikkje det største, men ein tur i skogen byr alltid på noko nytt. Grotter, borger, og massive monster krydrar landskapet og gjev deg kjensla av å vere svært liten.

I hovudstaden kan du plukke opp eit mylder av oppdrag som lett kan sporast ved hjelp av kartet. Du slit aldri med å finne noko å gjere, og om du skulle setje deg fast er det berre å gjere noko anna medan du leiter etter svar, eller på at du skal bli sterk nok til å takle utfordringane. Etter kvart som du spelar finn du stadig nytt utstyr, våpen, rustningar og gjenstandar som kan gjere deg betre. Om butikkane skulle gå tomme for inventar finn du kanskje noko i ei kiste godt gøymt i ei grotte, eller du kan sanke ressursar ute i villmarka for å oppgradere det du allereie har til å bli mange hakk betre.

Kampsystemet er kjapt, presist og engasjerande. I tillegg til to angrep av forskjellig styrke kan du lagre forskjellige spesialangrep til ein meny du hentar fram med ryggknappane. Etter kvart som du drep fiendar, får gigantar til å dundre mot jorda, og løyser problematiske oppdrag blir du stadig sterkare, og kan låse opp nye angrep og eigenskapar som hjelper deg i kampen mot atter nye fiendar som kastar deg som småstein.

Når du startar spelet får du skru saman ein helt akkurat slik du vil ha den, heilt ned til kor tjukke lår du vil ha. Du får velje mellom å vere soldat, krigar med lette sverd og boge, eller ein magikar. Seinare kan du låse opp seks nye klassar som utvidar dei du startar med og spesialiserer seg innanfor forskjellige felt. Skulle du gå lei av den klassen du har, og vil prøve noko nytt er det ingenting som hindrar deg. Det er fritt fram for å spele nøyaktig slik du vil, og det skapar eit enormt rom for omspeling eller utforsking medan du spelar. Det er vanskeleg å bli lei.

Lakeiane dine kjem støtt og stadig med nyttig info.

Saman er vi eit flammehav

Du er aldri aleine i Gransys. Når du lagar karakteren din lagar du samtidig ein lakei som følgjer meg deg kvar du enn går. Som med avataren din kan denne skruast saman for å bli alt frå ein liten og spinkel dverg til ein gigant med hengemage og tjukke armar. Du gjev han eit yrke, og han haustar inn erfaringspoeng på same måte som deg. Du har aldri direkte kontroll over han, men du kan setje deg ned i eit vertshus for å slå av ein liten prat der du fortel han litt om korleis du vil han skal oppføre seg.

I tillegg til hovudlakeien din kan du i tillegg hyre inn to ekstra lakeiar frå diverse portalar som ligg rundt omkring i verda. Du kan velje akkurat dei du vil ha, og kan detaljsøke etter folk ned til kva eigenskapar dei har. Om du vil ha to magikarar for å spytte elementskade på våpna dine, medan dei sender eldkuler mot fiendane, er det fritt fram. Du kan skru saman gruppa di akkurat som du vil, og det gjev enormt med rom for eksperimentering. Baksida ved desse lakeiane er at dei ikkje får erfaringspoeng, og såleis må dei skiftast ut regelmessig for at du skal kunne hamle opp med utfordringane.

Dragon's Dogma byr ikkje på nokon fleirspelarmodus, men når du skal leige inn ein lakei kan du hyre inn lakeiane andre spelarar har laga. Det er eit fascinerande system som i tillegg til å by på mange val kan gi deg inspirasjon til korleis du skal byggje opp deg sjølv og din lakei. Om lakeien din blir hyra inn av nokon andre forsvinn han aldri frå ditt spel, men han kan kome tilbake med gjenstandar og kunnskap om korleis fiendar kan knusast meir effektivt enn du så langt har prestert.

Alt er derimot ikkje fryd og gammen med desse lakeiane. Når du er i kamp er dei ofte forbløffande flinke til å gjere smarte val, men nokre gongar blir dei ei pest og ei plage. Ved sidan av å vere litt for pratesjuke der dei gjentek dei same strofene om igjen og om igjen, kan dei vere irriterande sta. Du har svært lite kontroll over dei, og kan berre be dei kome til deg, hjelpe deg, eller angripe, og det er ikkje nok. Om du vil dei skal putte elementskade på våpna før du angrip, må du berre håpe dei gjer det før dei spring for å angripe. Andre gongar insisterer dei på å angripe eit troll sjølv om helsa er i ferd med å ebbe ut. Dei lev sitt eige liv nokre gongar, og det nyttar ikkje alltid å kommandere dei.

Dette synet er ikkje så veldig kult.

Når alt fungerer er det supert, men når lakeiane rotar det til blir det forferdeleg frustrerande, og du kan ende opp med å lide eit sviande nederlag sjølv om du gjorde alt riktig. Det skjer heldigvis ikkje ofte, men når du først får eit skår i gleda merkast det godt.

Konklusjon

Dragon's Dogma grip om deg og dreg deg inn i verda si på ein måte som får deg til å gløyme alt anna. Dette er ikkje eit spel som handlar om å følgje ei episk historie og redde verda, sjølv om desse ingrediensane sjølvsagt er med. Dragon's Dogma handlar om å vere ein helt i ei verd som sårt treng ein av ditt kaliber. Det handlar om å utforske, kjempe mot monster, og å heile tida bli sterkare og farlegare i takt med at du finn nye utfordringar.

Spelet har ein hypnotiserande rytme som tvingar deg tilbake sjølv om påkjenningane skulle bli store. Dette er ikkje eit lett spel. Der du trur du er kjempa sjølv, meisteren utan like, får du raskt passet ditt påskrive av alt frå landvegsrøvarar til massive beist med tre hovud. Det som ikkje drep deg gjer deg sterkare, og kjensla av å ha klart eitt av dei mange uventa åtaka frå brutale fiendar slår alt.

I seinare år er det svært få spel som har fått meg til å dvele ved dei når eg skal sove, når eg et maten min, og når eg arbeider med andre ting. Dragon's Dogma har prestert det, og lurer meg tilbake med eit livsfarleg glis.

Dragon's Dogma kjem i sal 25. mai, for Xbox 360 (testet) og PlayStation 3.

Siste fra forsiden