Anmeldelse

Fable III

Det siste eventyret frå Peter Molyneux er ambisisøst, storslaget og vakkert, men uferdig.

1: Side 1
2: Side 2

Eg har svært vanskeleg for å setje ord på mine tankar om Fable III. Det er på mange måtar eit komplett spel. Det har alt. Sjølv om mykje av det er ein illusjon får du verkeleg kjensla av å vere heilt fri til å gjere akkurat kva du vil. Du kan vere snill og hjelpe kvar einaste person du møter, eller du kan vere ein komplett dritsekk som pissar på alle og handlar utelukkande ut frå sjølvsentrerte motiv.

Her kan du vinne Fable III!

Det er eit val kvar enkelt må ta, og det er eit val som byr på mykje moro. Til dels blir det ikkje alltid like enkelt å vite kva val som blir dei «riktige» heller, sjølv om dette høyrer til unntaka. Fable III er i korte trekk ei stor oppleving. Det er eit magisk og fargerikt spel som ber meg om å kome tilbake kvar gong eg tek ei lita pause. Det er enormt vanskeleg å leggje frå seg, og innerst inne trur eg at eg elskar det.

Fable III byr på seriens vanskelegaste val

Men, og det er eit stort «men» her. Fable III har så mange små feil og irriterande designval at eg blir dratt i to forskjellige retningar. Eg er enormt glad i spelet og den magiske verda Albion, men det er ikkje alltid ein hyggeleg stad å vere.

Mr. Buggy

Feila er kanskje små, men dei er mange. Noko som etter kvart blir svært tydeleg, og då spesielt etter kvart som du kjem lengre ut i spelet, er at Fable III er både ubalansert og uferdig. Ideelt sett hadde Fable III ruga i omnen i nokre månader til, for det er ikkje mykje som skal til for å få orden på ting. Eg vil faktisk anbefale deg å vente med å spele det. Vente til Lionhead har fått på plass ei solid oppdatering som rettar opp ein del gnagande irritasjonsmoment.

Eg skal ikkje bruke for lang tid på dei små detaljane, men dei må nemnast. Heilt frå starten vil du merke rare ting. Det kan vere symbol og informasjonsbobler som ikkje dukkar opp, eller meir graverande ting som manglande løn for eit fullført oppdrag. Det gule sporet som viser deg kva veg du skal gå er veldig ustabilt, og nokre gongar forsvinn det heilt. Samtidig er hunden din tidvis fullstendig hjernedaud. Han spring rundt og leitar etter skattar, men når han først har funne noko brukar han gjerne lang tid på bestemme seg for om den ligg ein fot til høgre eller venstre for der han no står. Eventuelt set han seg fast bak eit tre. Småting kanskje, men det er irriterande når det blir eit vedvarande problem.

Verre blir det når du skal ut i kamp og ting ikkje heng på greip. I eit par kampar merka eg meg at ingen av slaga mine traff fienden. Ein annan og meir vanleg frustrasjon er korleis dei same fiendane utan indikasjon blir sterkare eller svakare. I ein kamp tek eg nokre fiendar på to slag med den svære hammaren min, og i ein annan kamp nokre meter lenger borte må eg banke dei same fiendane med så mykje som ti slag før dei fell mot bakken. Kampane er ikkje vanskelege, men du brukar veldig lang tid på ting som eigentleg burde gå fort.

Din bror kongen er ikkje så veldig snill

Kampsystemet i seg sjølv er veldig bra. Det er ekstremt enkelt, og lar deg angripe med tre forskjellige våpentypar som alle ligg på kvar sin knapp. Det er kjapt og effektivt, og du skiftar mellom våpna slik det passar seg. Så lenge utfordringa held seg tilpassa dette systemet er det kjempemoro, og du sender den eine fienden etter den andre til dei evige jaktmakter. Ironisk nok har tydelegvis ikkje Lionhead sjølv forstått korleis kampsystemet deira fungerer, for mot slutten av spelet blir du kasta inn i kampar som bryt heile dynamikken og øydelegg balansegangen fullstendig.

Alle våpna varierer mellom korte, lette angrep, og kraftigare angrep du ladar opp ved å halde knappen inne. Tøffare fiendar må du slå hardt, men når det kjem sju av dei samtidig og alle likar å angripe deg med mange slag av gangen, blir det nesten umogleg å lade opp eit angrep sidan du blir slått bakover midtvegs. Alternativet er å bruke ei solid salve med eksplosiv magi over eit større område, men eg vil gjerne ha valet. Spelet legg opp til at du skal kunne bruke det eller dei våpna du vil, og då hadde det vore fint om vi hadde fått lov til det òg.

Fortryllande

Det seier mykje om Fable III at det til tross for sine svakheiter er eit ekstremt engasjerande spel. Albion er ei fengslande verd som set alle andre spel til skamme. Heile verda er så gjennomført i kvar minste detalj at det er lett å bli lamslått. Det spelar inga rolle kvar du er. Frå tette skogar til mørke grotter og livlege byar er det alltid noko å sjå. Auget for detaljar utviklarane demonstrerer er i ein klasse for seg sjølv, og akkurat dette er mykje av grunnen til at du ikkje ein gong drøymer om å leggje spelet frå deg.

Purka er eit vanleg ridedyr i Albion

Sjølv om det meste strengt tatt er overflatisk får ein kjensla av det motsette. Berre det å kunne kjøpe opp bedrifter og hus for så å justere prisar og leige er eit element som skapar ei kjensle av direkte påverking. Folk reagerer på prisane, og medan du ruslar gjennom ein by høyrer du kanskje nokon mumle i bakgrunnen at husverten er triveleg, sjølv om prisane er litt høge. Folka i Albion ser deg, dei veit du er der, og effekten dette har på di rolle i spelet er stor.

Dette er ikkje noko nytt for Fable III sidan desse elementa har vore på plass før, men korleis det heile fungerer har fått seg ei grundig oppgradering. Du kan no gå inn på eit verdskart der du kan gå til kvart enkelt område for å sjå på ting i nærare detalj. Frå eit forenkla 3D-kart kan du studere byane, velje blant mange tilgjengelege oppdrag, og finne alle hus som kan kjøpast. I staden for å springe opp til kvart enkelt hus kan du kjøpe alt frå kartet, og setje dei prisane du vil. Som eit ekstra element må du i tillegg passe på å reparere dei med jamne mellomrom for å halde dei i stand.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden