Anmeldelse

Fable III

Lionheads vesle sjamtroll tek eit vellukka hopp over til PC.

Denne omtala tek føre seg kva som er nytt eller endra i PC-versjonen, om du vil vite meir om historia i spelet, les vår omtale av Xbox 360-versjonen.

Då Fable III landa på Xbox 360 i fjor haust var det med litt blanda kjensler eg skreiv mitt punktum på vurderinga mi. Spelet var ekstremt bra og glei inn i Fable-serien som eit modig spel som tok dristige grep for å ta det heile eit steg vidare. På mange måtar var det utan tvil det beste spelet i serien, men eg reagerte på fleire små irritasjonsmoment som enda opp med å hindre spelet i å verkeleg nå dei store høgdene.

Når PC-versjonen er her omlag eit halvt år seinare er det ikkje overraskande eit snev av spaning i lufta. Er alle småfeil retta opp? Er dette den endelege versjonen av som sørgjer for at alt er som det skal? Svaret er eigentleg både og. Det er mange forbetringar her, og dei endringane som er gjort er i stor grad positive for å få spelet til å framstå som eit solid PC-spel, men samtidig får det meg til å stille spørsmål om ikkje Lionhead kunne gjort enda meir for å gjere PC-versjonen optimal.

Bowerstone i Fable III på Xbox 360.

Makelaust skue

Det første som kjem til å slå deg, om du har ei solid maskin å køyre Fable III på, er kor hinsides vakkert dette spelet er. Den fargerike grafiske stilen som har prega serien når nye høgder i PC-versjonen, og det er lett å berre springe rundt for å sjå på ting. Eg har fleire gongar blitt sitjande og stire på skjermen i ei tilstand nær vantru sidan eg ikkje heilt klarar å forstå at dette er ei verd eg faktisk kan springe rundt i, i staden for eit nydeleg bilete måla av ein av Lionheads flinke kunstnarar.

Spesielt på tur gjennom ei grotte tidleg i spelet blei eg mektig imponert over kva eg såg. Eg stogga ved ein skrent og såg den stemningsfulle utsikta bade meg i sitt blålege lys. Alt var så reint og pent at eg fekk lyst til å forevige dette augneblikket ved å henge det opp på veggen.

Du vil nok ikkje få slike tankar heile tida, men så snart du får ei god utsikt blir det ekstremt tydeleg kor stor forskjellen på PC og Xbox 360 er. Synsvidda går så langt auge rekk, og den høge oppløysinga får alt til å hoppe ut av skjermen på ein måte Xbox 360-versjonen ikkje kan måle seg med. Lionhead har ikkje gjort mange store grep for å få dette til, men har i staden gjort fleire små endringar som samanlagt skapar eit mykje betre ytre. Om det så er i oppløysing, lyssetjing eller detaljane har alt fått seg eit lite løft, og resultatet er upåklageleg.

Som ein del av den visuelle presentasjonen hadde Xbox 360-versjonen eit par irritasjonsmoment. Til dømes var det gule sporet som viste veg tidvis heilt håplaust, og hunden gjekk seg ofte fast i ting. Dette har eg framleis erfart på PC, men i så lita grad at det ikkje er noko problem lenger.

Bowerstone i Fable III på PC

Nytt kontrolloppsett

Den største endringa frå Xbox 360-versjonen kjem gjennom kontrollsystemet. Du kan framleis spele med ein kontrollar om du skulle ynskje det, men om du heller set din lit til mus og tastatur, har Lionhead gjort ein god jobb i å gje deg det du vil ha.

Du styrer helten din med det vanlege PC-oppsettet, og dette er noko som for det meste fungerer veldig bra. Du kan bruke kvart våpen på to måtar, der du vekslar mellom kva måte du brukar med dei to museknappane. Resultatet er lett å merke sidan responsen i kampane er eit hakk betre enn med ein kontrollar. Kampane blir lett kjappare og meir intense, og det er til dømes lettare å reagere kjapt på situasjonar som skulle oppstå. Dette systemet fører derimot med seg nokre endringar som fundamentalt endrar korleis kampane i Fable III fungerer.

I Fable III har du som i dei tidlegare spela tilgang på tre forskjellige typar våpen. Alt etter kva som passar deg best kan du bruke nærkampsvåpen som slegge eller sverd, skytevåpen, eller magi. Med ein handkontroll får alle desse tre våpentypane kvar sin knapp slik at du raskt og impulsivt kan skifte mellom våpen alt etter kva ein gitt situasjon skulle krevje. Er du til dømes i ein sverdkamp og fienden brått hoppar eit stykke unna, kan du berre trykke på knappen for skytevåpen for å ta han ned kjapt. Eventuelt kan du frese heile området rundt deg med eit flammehav om du skulle bli omringa.

Dette kan du berre gløyme om du spelar med mus sidan kvart våpen teknisk sett byr på sin eigen våpenmodus, og du må først skifte våpen før du kan bruke det. Dette blir ein litt tregare prosess som fjernar ein del av det umiddelbare preget Fable III hadde på Xbox 360. Du blir ikkje ein multikunstnar, men held deg i staden til eitt våpen om gangen, og skiftar våpen der sjansen byr seg.

For hans mor hadde sagt at svømming var sunt

Du brukar ikkje mange sekundane på å skifte våpen, men det er nok til at det blir litt kronglete å byte våpen midtvegs i ein kamp. Dynamikken frå Xbox 360-versjonen blir borte med mus, og tidvis er dette eit sakn. Denne endringa tvingar deg derimot til å tenkje hakket meir strategisk når du møter fiendar. I staden for å berre ture på slik du lett kunne gjere på Xbox 360, er det no lurt å sjå an kva fiendar du møter før du vel våpen.

I tillegg har vanskegrada fått seg ei oppjustering, med smartare fiendar, mindre helse og generelt større utfordring. Om du vil kan du i tillegg velje å spele på høgste vanskegrad der du er nøydt til å drikke ei flaske helsedrikk for å lege dine sår sidan regenereringa då er borte. Sistnemnde er ei like stor endring som det nye kontrollsystemet sidan eit møte med til dømes ein flokk hyperaktive Balverines kan bli livsfarleg om du ikkje held tunga beint i munnen.

Nye utfordringar

Det meste er veldig likt originalversjonen når du spelar på PC. Vi finn det same menysystemet der du spring rundt i ein liten base for å gjere alt frå å skifte våpen til å endre kleda dine. Sjølv om Lionhead sjølv seier dei ikkje vil spelet skal framstå som ei portering, er det veldig tydeleg at PC-versjonen av Fable III kom i ettertid.

Spesielt gjeld dette verdskartet og korleis du studerer kva dei forskjellige områda og tettstadane har å by på. Som i Xbox 360-versjonen møter vi eit stort og interaktivt kart der du flyttar eit forstørringsglas over skjermen for å velje eit område å sjå nærare på. I kvart individuelle område kan du sjå kva oppdrag som er tilgjengelege, samt at du kan kjøpe hus og forretningar for å tene pengar. Skal du kjøpe hus og fikle med leige og reparasjonar er dette ein prosess som kler ein handkontroll greitt, sidan alt ligg ved fingertuppane dine, men med mus og tastatur blir det knotete og lite intuitivt. Skal du kjøpe opp alle husa i ein by, for i tur å leige dei ut og reparere dei, er dette ein omstendeleg prosess der du må inn på kvart enkelt hus og trykke deg vidare gjennom knappetrykk som ikkje alltid gjev heilt meining.

Sjå på meg når eg snakkar til deg!

Korleis du bekreftar eit val er til dømes ofte forskjellige avhengig av om du er i ein meny eller spring rundt med helten din. Nokre gongar trykkjer du høgre museknapp, andre gongar eit tal på tastaturet. Det er eit litt forvirrande system som aldri gjer det heil tydeleg kva som skal brukast til kva, og det tek difor litt tid før ein kjem inn i ein grei rytme der alt ligg impulsivt i fingertuppane.

Samtidig er det ekstremt konsollifiserte menysystemet noko tungvindt når du brukar PC. Å måtte dra eit stort og tregt forstørringsglas over skjermen for å kunne velje forskjellige område på eit kart fungerer heilt fint på ein konsoll sidan vi der er vande med at analogstikker ikkje har den same responsen som ei mus, men på ein PC der vi forventar umiddelbar respons blir det berre tregt og tungvindt. Nokre enkle menyval for å justere leige, reparasjonar og oppkjøp av fleire hus i same slengen hadde gjort underverk.

Konklusjon

PC-versjonen av Fable III er både betre og dårlegare enn sitt opphav. Dei mange tekniske småfeila frå Xbox 360-versjonen er for det meste luka ut, men vi sit igjen med eit spel som trass ei solid konvertering likevel framstår som eit konsollspel stappa inn i ein PC. Dette betyr ikkje at det ikkje er verdt å spele på PC, tvert i mot. Det nye kontrollsystemet er annleis, men det byr på sine eigne utfordringar og nye måtar å spele på som ikkje nødvendigvis er verre enn med ein kontroll.

Den makelause grafikken er òg sjølvsagt eit pluss, og får den kreative og fargerike verda Lionhead har bygd opp til å nå nye høgder. Det er ikkje dei små detaljane i nærbileta som er Fable III si styrke, det er det totale biletet du får når du ser alt som er stappa inn i denne eventyrlege verda for å få deg til å tru på den.

Og pokalen for årets styggaste tryne går til Hobbs!

Som ein sterk kontrast til dette står spelets største minuspunkt. Menyane høyrer heime med ein handkontroll eller på konsoll og spesielt når det gjeld verdskartet er det ikkje optimalisert godt nok for PC. Det fungerer heilt greitt, men du brukar meir tid enn nødvendig på å utføre enkle ting, og dette kunne godt ha vore gjort noko betre.

Alt i alt er Fable III på PC det same flotte spelet vi fekk på Xbox 360 i haust, med solide endringar, samt mangel på nokre endringar eg gjerne skulle sett.

Siste fra forsiden