Anmeldelse

Fairytale Fights

Drypptortur

Perfekt julegåve til den som hatar seg sjølv.

1: Side 1
2: Side 2

Men vi har berre starta på elendet. Sjefane er eit kapittel for seg sjølv. Ikkje berre sørgjer spelet for at du mistar det våpenet du måtta har, rett før kampen startar, men i løpet av desse kampane vil du miste alle pengane dine. Kvifor? Fordi sjefskampane for det første er alt for lange, og for det andre er dei urettferdig vanskelege å kome heilskinna gjennom.

Ser det ikkje enkelt ut?

I ein sjefskamp vil du ofte bli nøydt til å gjere forskjellige presisjonshopp eller presise navigeringar for å unngå den visse død. Dette er i praksis så godt som umogleg med mindre du har litt hell, fordi kontrollane er håplaust vinglete. Det går ikkje an å vere presis med ein kontroll som tvingar karakteren din til å gå eller skli et par steg etter at du har stogga. Resultatet blir at du døyr og døyr, om igjen og om igjen berre fordi spelet er skrudd saman på ein forvridd måte som ikkje heng på greip. Du døyr ikkje fordi du er for dårleg, du døyr fordi spelet ikkje tillet deg å gjere det du må gjere for å kome heilskinna gjennom.

I tillegg var det dette med pengane dine. Eg hadde 80 000, som kjapt blei kappa ned til 60 000 rett før sjefskampen. Etter berre nokre få dødsfall medan eg er i kamp mot sjefen, er eg brått nede på 20 000. Etter at den provoserande kampen som eigentleg ikkje gjer stort anna enn å repetere dei same frustrerande mønstra om igjen i det uendelege, er du heldig om du har nokre få tusen grunkar igjen.

Smak litt på den. Rett før du er ferdig med eit nivå har du 80 000 i skattekassa di. Mindre enn eit kvarter seinare er du nesten på null. Du blir kontinuerleg straffa for absolutt alt du gjer i dette spelet. Det er som om nokon vil torturere deg berre for at du er frekk nok til å spele det. Du får aldri noko tilbake. Du får aldri noko ut av det. Det einaste du får er eit svakt håp og ei eim av optimisme før alt berre rasar saman, og du sit igjen sint, provosert, og med ei trong til å øydeleggje eitt eller anna. Er det rart folk blir valdelege, når det blir laga slike spel? Eg berre spør.

Tenk deg heile skjermen dekka i desse.

Ingenting fungerer

Når du ikkje drep fiendar, vil du springe frå venstre mot høgre, og hoppe deg gjennom ei og anna utfordring. Felles for ein del av dei er at du ikkje anar dei er der før du blir drepen av dei første gong. Etter det vil du som regel greie å kome deg gjennom, men ikkje alltid. Mange av dei krev ein presisjon som dei upresise kontrollane gjer svært vanskeleg. Om du skal kome deg over to sagtakka tannhjul, og er nøydt til å spring ei veldig smal linje for å få det til, kjem du til å slite. Kontrollane er så upresise at noko så enkelt som å springe beint kan bli vanskeleg.

I tillegg er det unødvendig vanskeleg å plukke opp skattar. Du er nøydt til å springe nøyaktig på millimeteren der dei ligg, og igjen, med desse kontrollane blir det vanskeleg. Om det ikkje er nok, tek det berre nokre sekund frå dei dukkar opp, til dei forsvinn. Du har dårleg tid å plukke dei opp på, og dårlege kontrollar å plukke dei opp med.

Akkurat dette kan kanskje bli lettare om ein er litt fleire om å gjere jobben. Fairytale Fights har ein samarbeidsmodus for til saman fire spelarar, og heldigvis kan du slå av venleg skade. Det hjelper likevel ikkje, for dette spelet er så kaotisk og håplaust at ikkje ein gong samarbeid kan redde det.

Dette vil du sjå svært ofte.

Konklusjon

Fairytale Fights er eit patetisk spel. Det spelar på den søte grafikken med mykje blod, men eg synest veldig synd på dei stakkarane som endar opp med å betale for denne skiten. Det blir heilt feil å seie ingenting fungerer. Det er faktisk ein del som fungerer her. Problemet er at det fungerer så pass greitt at når spelet bestemmer seg for å verkeleg rive teppet vekk under deg, då riv det teppet vekk under deg. Spelet øydelegg for deg bevisst heile tida. Du går frå å nesten kose deg, til å bli fullstendig rasande.

Det er freistande å gi dette spelet total slakt, men det har (diverre) visse kvalitetar. Det kan underhalde her og der, det er veldig vakkert, og det byggjer opp ei veldig fin stemning. Men som sagt, dette er berre lureri. Det er eit triks. Fairytale Fights er ein psykopat som flørtar med deg, kosar med deg, elskar med deg, giftar seg med deg, og så stikk av med huset ditt, bilen din, og alle pengane dine.

Om du likevel skulle bli freista, veit du kva du går til.

Fairytale Fights er i sal for PC, PlayStation 3 og Xbox 360 (testet).

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden