Anmeldelse

Fighters Uncaged

Så ille kan det bli folkens. Så groteskt dårleg kan det gjerast!

Først sette eg inn disken og lasta opp Fighters Uncaged. Fem minutt seinare vurderte eg å gi blanke i spelet sidan eg rett og slett ikkje har mage til å utsetje meg for slikt møl i travle periodar. Det var før ein annan tanke slo meg: Om eg ikkje mannar meg opp til å spele dette spelet i minst ein time før eg hiv meg over tastaturet, kan du som sit og les dette akkurat no kanskje kome til å plukke det med deg frå hylla i den naive tru at «hey, eg kan bokse mot skjermen jo, det blir sikkert fett».

Feil!

Eg har no lida meg gjennom ikkje berre ein, men tre timar av eit av dei største makkverka gjennom tidene. Neste gong Ubisoft sender eit Kinect-spel min veg kjem eg til å be om risikotillegg.

Ser det ikkje fantastisk ut?
Ser det ikkje fantastisk ut?

Det handlar om trening

Fighters Uncaged tvingar deg gjennom den lengste og mest infantile treningsmodusen eg har sett på år og dag. I tur og orden må du lære deg at for å ta eit knespark, då må du ta eit knespark. Nei jøss då mann! Ikkje berre må du lære denne avanserte teknikken, men du må i tillegg lære den for kvar fot, med ikkje fullt så god hjelp frå ein figur som ser ut som om han stammar frå Bullfrog sine første eksperiment med 3D.

Dette held fram for alle slag og spark i alle tenkjelege former, og figuren som prøvar å hjelpe deg blir berre verre og verre å forstå. Dei meir avanserte teknikkane blir så vanskelege å tolke at eg berre gav opp. Spelet aksepterte ikkje mine tapre forsøk på å dukke og sparke samtidig uansett kva eg gjorde, og eg valde å hoppe over til ekte kampar før eg gjorde alvorleg skade på meg sjølv.

Dette valet gjorde derimot berre vondt verre. Etter å ha kaste bort alt for mykje tid på ein meiningslaus treningsmodus du ta del i, blir du berre kasta inn i nokre banale kampar mot trenaren du allereie har blitt veldig lei av. I runde etter runde må du sparke og slå denne fyren som ikkje har noko meir vettugt å seie enn «sjå opp for denne», om igjen og om igjen med veldig få variasjonar. Poenget? Gudane veit. Du skal berre slå han. Det er ikkje snakk om interaktivitet. No skal du hugse alle dei forskjellige slaga du allereie har fortrengt sidan du prøvde å tenkje på andre ting under opplæringa. Nei du, i staden for å fortelje deg kva som kan passe når, må du berre gjere ditt beste.

Det er som om Ubisoft veit dei har laga ei katastrofe og vil hindre deg i å kome langt nok til å finne ut av det. Eg kan ikkje akkurat kalle det sunn og god logikk, men det er den einaste måten eg kan få meg til å forstå kva dei har laga.

Tru meg, det er ikkje det
Tru meg, det er ikkje det

Er det nokon her?

Om du har stålkontroll på dine eigne nervar, og eit tolmod som ikkje liknar grisen, vil du omsider kome deg vidare til dei verkelege kampane. Her handlar det om å kome seg gjennom kampar mot forskjellige kamphanar henta ut av spel frå tidleg nittital, og kanskje dei første (og forkasta) idéforslaga til Mad Max. Dei er fulle av tatoveringar, hanekammar, barske tryne, teite namn som Ratface, og Ubisoft har hyra inn dei billegaste skodespelarane i bransjen for å rive alle teikn til sjell ut av dei.

I første omgang får du bryne deg på seks forskjellige kamphanar. Ingen av dei byr på ei underhaldande utfordring, og for å gjere vondt verre må du slå kvar av dei fleire gongar for å gå vidare. Om varsellampene ikkje allereie lyser sterkt bør du få dei på no. Progresjonen i spelet er hårreisande dårleg. Du må kjempe mot dei same apekattane om igjen heile tida, og det berre for å kome deg vidare til fleire apekattar. Du får inga løn for noko som helst undervegs, og sidan spelet allereie har teke livet av all moroa, pissar det no på grava.

Nemnde eg forresten at Ubisoft har sett alle klutar til og oversett spelet til norsk? Ikkje?

Kampane skapar ein illusjon av å vere bygd opp rundt logikk og sunn fornuft. Du har tre forskjellige avstandar til motstandaren din, og dei forskjellige angrepa fungerer berre om dei blir utførte i riktig avstand. Om du står nær fienden er det forskjellige slag som gjeld, om det så er enkel boksing, eit kakk med olbogen, eller litt stanging med hovudet om du er riktig så dristig.

Ikkje tru på alt du ser
Ikkje tru på alt du ser

Flyttar du deg litt lengre frå motstandaren kan du bruke beina for å få dei indre organa til å kapitulere, eller du kan gjere eit tappert forsøk på å få til eit rundslag med knyttneven. Den lengste avstanden til motstandaren let deg bruke rundspark, eit hoppespark, og nokre andre spark spelet nekta meg å utføre.

Så langt er alt eigentleg greitt. Av og til let til og med spelet deg gjere akkurat det du vil, men strukturen og gjennomføring på så godt som alt sørgjer for at dette blir ein tur gjennom helvete du seint vil gløyme.

Når ingenting fungerer

Fighters Uncaged kunne blitt eit fascinerande spel. Det er absolutt ingenting gale med tanken bak. Eit spel der du står framfor TV-en og boksar i lufta for så å få alt umiddelbart gjenteke av ein figur på skjermen? Ja takk, eg er med på den.

I Fighters Uncgaged er det derimot ingenting som fungerer. Om figuren din på skjermen i det heile utfører eit angrep er det høgst vilkårleg om det er det same angrepet du ville han skulle ta. Du kan bokse og sparke så mykje du vil, og desto lengre du held på, desto tydelegare blir det kor gjennomført øydelagt spelet er.

Du hoppar fram og tilbake mellom nære og lange angrep, og du blir fullstendig forvirra. Brått ser du ikonet som fortel deg at du bør bruke spark, og du gjer noko så tåpeleg som å leggje den eine foten bak den andre (tenk litt god gammal hip hop og vi er på riktig spor) for å utføre eit rundspark, berre for å bli stogga midtvegs av at du brått er i nærkamp igjen. Det er ingen samanheng mellom noko som helst, og om spelet skulle få det føre seg at det vil gjere som du instruerer det til, er det alltid noko som øydelegg. Du endar opp med å hive på armane og sparke frenetisk i rein frustrasjon for å sjå om spelet er i stand til å fange opp noko som helst.

Du har flaks om du får til dette
Du har flaks om du får til dette

Eg veit ikkje heilt kor mange måtar eg kan gjere dette klart på, men Fighters Uncgaged er eit spel der det er absolutt null kommunikasjon mellom spel og spelar. Det er skrekkscenarioet over kor forferdeleg dårleg det kan gå. At Microsoft har tillete dette makkverket å bli ein lanseringstittel er utanfor min forstand. Det er berre ein ting som alltid fungerer i dette spelet, og det er kjipe slag rett framover når du er heilt inntil fienden. Alt anna kan du like godt kaste mynt om.

Grotesk motstand

For å gjere vondt verre er fleire av fiendane dine synske. Den første runda er som regel barnemat og du kan berre sparke og slå det du vil. Jyplingen forsvarar seg ikkje uansett, så du kan like godt berre ture på med det du vil. Noko som er veldig triveleg sidan spelet lev sitt eige liv og fyrer av eit skikkeleg hakeslag fordi du var frekk nok til å pille deg i nasa. Runde to er derimot noko heilt anna. I denne runda vaknar villdyret, og villdyret veit kva du vil gjere før du veit det sjølv.

Eg må forresten slå dette poenget ekstra godt fast. I Fighters Uncgaged veit stort sett ikkje du kva du driv med, sidan utfallet som regel ikkje stemmer overeins med direksjonane, så det er ganske imponerande at fienden alltid dukkar unna rundsparka, alltid forsvarar seg, alltid hoppar unna, og slik går no som kjent dagane.

Vanskegrada i spelet er så fullstendig ubalansert at kvar kamp blir eit sjansespel. Det går frå lett til vanskeleg på veldig kort tid, og du kan jo tenkje deg sjølv kor artig det er å spele eit spel som fangar opp kva du vil gjere berre ein knapp brøkdel av gongane medan motstandaren din blokkerer og hoppar unna det meste du finn på. Det er eksepsjonelt frustrerande, og den einaste positive tanken eg har å kome med om Fighters Uncaged er at eg ikkje har ein kontrollar i henda. Hadde eg hatt det hadde den sigla inn i TV-skjermen med rekordfart.

Det einaste som fungerer er at motstandaren stort sett greier å slå deg
Det einaste som fungerer er at motstandaren stort sett greier å slå deg

Konklusjon

Fighters Uncage er eit flaut kapittel i Ubisofts mangeårige historie. Det er eit uferdig produkt som heilt sikkert er laga berre for å fortelje kundane at Kinect har meir å by på enn sosiale familiespel. Vel, på tide å vakne opp. Folk er smartare enn dette. Eit jippospel med idiotisk design og eit påtatt røft ytre er ikkje nok til å imponere nokon. Spesielt ikkje når denne grelle innpakninga skjuler eit makkverk som aldri burde ha sett dagens lys.

Det verste av alt er likevel at sjølv om spelet manar fram utenkjelege former for hat innvendig, kan eg likevel sjå tendensane til kva som kunne ha blitt eit godt spel, om utviklarane hadde brukt meir tid på det. Om alt hadde blitt gjort riktig, kunne alle systema her ha fungert. Hadde nokon berre tenkt langt nok til å sørgje for at kameraet greier å lese kva spelaren gjer, kunne det faktisk ha vore nok. I staden får vi rein søppel. Eit spel som ikkje forstår kva spelaren vil gjere, og i staden gjer heilt andre ting.

Styr unna kjære lesar. Du fortener betre enn dette. Ubisoft burde skamme seg. Fy!

Vurdering


Fighters Uncaged X360 X360 1/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. november 2010
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: AMA Studios

Kommentarer (30)

Forsiden akkurat nå

Til toppen