Anmeldelse

Final Fantasy Crystal Chronicles: Echoes of Time

Sjarmtroll i ulveham

Echoes of Time er eit spenstig eventyr som lid under ei tvilsam innpakking.

Dette er ikkje første gang Square Enix har gjort sitt beste for å smelte saman forskjellige plattformer for å oppnå sosial speling på høgt nivå. Det første Crystal Chronicles-spelet tvinga alle spelarar til å kople ein Game Boy Advance til GameCuben om meir enn ein person skulle kunne spele. Eit artig konsept, i og med at kvar spelar hadde individuell informasjon på kvar sin skjerm, men i praksis ganske tungvindt. Det var ikkje nok å berre ha spelet, ein måtte ha eit lager av handkonsollar i tillegg.

Med Final Fantasy Crystal Chronicles: Echoes of Time gjer dei eit nytt forsøk på å spleise konsollar. Dette er ikkje berre eit spel med eit sjukt langt namn, det er eit konsept som eigentleg gjev svært lite meining, når ein tenkjer over det.

Same spel på ulike format

Echoes of Time er ute på både DS og Wii. Vi har diverre berre fått i hende Wii-versjonen, men den i seg sjølv demonstrerer tydeleg at Square Enix kanskje burde ha tenkt litt nøyare over kva dei laga. Den einaste grunnen til at spelet er på desse to formata, i staden for berre til DS eller Wii, er at folk skal kunne spele saman, på tvers av konsollane. Kvifor dette er viktig har eg enno ikkje funne eit godt svar på. Problema er, for å seie det slik, større enn fordelane.

Som vi alle veit har DS to skjermar, og dette er faktumet som endar opp med å bli eit skot for baugen for Wii-versjonen. Spelet er heilt likt på begge plattformer, og i praksis betyr det at Wii-versjonen har to «skjermar», i skjermen. Den eine viser figuren du spring rundt med, og den andre gir deg tilgang på alle menyane. Dette er problematisk på mange måtar, men først og fremst sidan dei to «skjermane» ligg side om side på TV-en din. Har du ein liten TV har du eit ørlite problem som ikkje er tenkt over frå utviklarane si side. Mykje av skrifta blir direkte uleseleg sidan den blir veldig liten, noko som ikkje blir betre av at Wii ikkje akkurat kan skryte av bilete i høg oppløysning.

Du kan heldigvis ordne litt på dette gjennom å justere storleiken på kvar skjerm, men problemet forsvinn ikkje av den grunn. Det er kronglete og unødvendig å skulle bli nøydt til å heile tida justere storleiken på kvar skjerm når går frå det eine bilete til det andre. Samtidig er det mykje ubrukt plass på skjermen uansett korleis du vel å gjere ting.

Square Enix kunne ha gjort nokre svært enkle grep for å endre dette. I staden for å tvihalde på dei to skjermane, kunne dei ha delt opp menyane til å liggje rundt speleskjermen, omtrent slik det er gjort på forskjellige former for SMS-TV.

Lettbeint eventyr

Eit lite gjestmildt oppsett til side, spelet byr på mykje god underhaldning. Dette er eit spel som ikkje druknar deg i statistikk og kompliserte system, men heller byr på rask og umiddelbar underhaldning. Du vel deg ein helt, gir han eller ho eit namn, og kastar deg ut i det. Spelet byr på ei triveleg historie om krystallar og vonde makter, men det er ikkje historia som først og fremst vil halde deg gåande.

Spelet går i sanntid, og held såleis fram Crystal Chronicles-tradisjonen med raske kampar og lettfattelege system. Innleiingsvis let ikkje spelet deg gjere stort meir enn å slå eit enkelt slag mot fienden, men etter kvart som du spelar vil du låse opp nye angrep, og dette kan vere alt frå å lade opp eit sverdslag, til å stupe nedover med eit spyd frå lufta. Om du kombinerer dette med at du kan gripe tak i fiendar for å kaste dei eller utføre eit angrep, har du raskt eit kampsystem med mykje potensiale for mange timar med moro. Det heile er veldig lite originalt, og hentar inspirasjon frå både Zelda og diverse plattformspel, men til formålet fungerer det heilt utmerka.

Eit veldig enkelt magisystem gjer òg sitt for å piffe opp kampane. Når du skal bruke magi, får du fram ein sirkel du kan styre dit du vil. I tillegg kan du leggje den same magien oppå kvarandre fleire gongar, noko som gjer den sterkare. Akkurat her kjem den andre «skjermen» godt med, sidan du ved å peike med Wiimoten lett kan velje mellom dei fem typane magi når som helst. Dette eliminerer veldig kjapt alle former for tungvinte val i menyar når du er midt inne i ein kamp, og innser du treng anna skyts.

Du kan velje blant dei maksimalt fire krigarane i gruppa di på same måte. Eit kjapt klikk på skjerm nummer to, og du hoppar inn i andre sko. Desse krigarane kan du hyre inn om du spelar aleine, og dei blir styrt av kunstig intelligens. Dei er ikkje så smarte at det gjer noko, men med nokre enkle innstillingar kan du i det minste justere på om dei skal angripe eller forsvare.

Desse krigarane kan du lage sjølv hos eit laug, men etter kvart som du går opp i erfaringsnivå, vil andre og mykje kraftigare soldatar bli villige til å reise saman med deg.

Alle for ein

Om du skal spele Echoes of Time slik det er tenkt, vil dei andre soldatane i gruppa di bli styrt av andre spelarar. Spelet er lagt opp for fleirspeling, sjølv om det eigentleg ikkje byr på større samarbeid enn kollektiv monsterjakt. Dei forskjellige bretta i spelet byr sjeldan på utfordringar som krev velutvikla logikk. Når det først skjer, vil det vere til forarging for dei som spelar aleine, sidan den kunstige intelligensen ikkje er smart nok til å skjøne at han kanskje burde hjelpe til. I staden må du gjere ting på rekordtid. Dette kan bli ganske provoserande når du skal dytte ei kasse, som tydelegvis er smurt inn med eit veldig effektivt glidemiddel, ut av ein heis før døra lukkar seg, og heisen forsvinn nedover.

Dette er likevel blant dei store unntaka. Spelet demonstrerer verkeleg at Square Enix kan å skru saman engasjerande og flotte utfordringar. Kvart område du går inn i er inndelt i forskjellige små soner, slik at du aldri får for mykje å ta stilling til. Det er ganske imponerande kor god variasjon, og kor smarte utfordringar utviklarane har prestert å få inn på temmeleg små område. Resultatet er eit spel som aldri dreg ut i det lange, men i staden kastar deg ut i kjappe og underhaldande scenario heile tida.

Som regel må du ikkje gjere stort meir enn å finne ein nøkkel, men vegen dit er veldig underhaldande. Du angrip fiendar, spring opp ein bakke full av brennande eldkuler, og slenger deg gjennom lufta på små taubaner. Det er absolutt ingenting nytt her, men det er gjort i så pass konsentrerte og gjennomtenkte doser, at kvart område byr på ei artig utfording.

Ein tur til skreddaren

Mange timar med eventyr er eigentleg synonymt med at du har kvesta mange monster. Når du drep dei, vil dei som regel leggje frå seg forskjellige gjenstandar. Dette er alt frå helseflasker som fiksar helsa di på flekken, til forskjellige komponentar du kan bruke for å lage nytt utstyr. Denne prosessen er veldig enkel og grei, og let deg finne oppskrifter sjølv, eller kjøpe dei. Har du nok ingrediensar til å lage nytt utstyr, kan du mot betaling få lage deg nytt utstyr. I tillegg til dette, kan du putte steinar på utstyret, for litt ekstra bonusar.

Denne delen av spelet blir raskt veldig engasjerande for alle som lett blir hekta på å gjere karakteren sin betre. Du kan heile tida finne nye oppskrifter, og om du manglar ingrediensar, kan du alltids ta på deg eit oppdrag for å drepe monster. Ekstra positivt, og som eit lite unntak frå dei fleste japanske rollespel, er det at du får sjå det nye utstyret på karakterane, om det så er våpen eller rustning.

Ikkje eit vakkert syn

I tillegg til å slite med eit tungvindt menysystem, har den direkte porteringa frå DS-versjonen ein anna negativ konsekvens. Spelet er ganske langt frå å vere pent. Det ser enkelt og greitt ut som eit DS-spel med litt svak 3D-akselerasjon. Eit kjapt blikk på skjermen vil nok først og fremst få deg til å tenkje på Nintendo 64. Figurane er udetaljerte, har svak teksturering, og ser ikkje bra ut på ein stor skjerm. Dei forskjellige områda er fine i design og fargeval, og du blir etter kvart vand med stilen, men om du vil ha eit pent spel, bør du springe langt unna.

Lyden er heldigvis mykje betre. Musikken er direkte herleg, og gir ei skikkeleg god Final Fantasy-kjensle, samtidig som det får fram på ein god måte at dette er eit søtt og engasjerande eventyr du ikkje treng ta alt for alvorleg.

Konklusjon

Final Fantasy Crystal Chronicles: Echoes of Time er eit veldig underhaldande spel som slit med nokre veldig dårleg gjennomtenkte designval. Kvifor det var nødvendig å lage ein Wii-versjon av dette spelet, som er heilt identisk med DS-versjonen, utan å ta inn over seg det ubestridelege faktum at det faktisk er lov å tilpasse to skjermar til ein enkelt skjerm, er litt vanskeleg å forstå. Skal du inn i menyar er spelet unødvendig tungvindt, og det er storleiken på ting som skrifta du gjerne vil lese, blir eit anna problem.

Når du først kjem over denne kneika, vil du likevel lett kunne kose deg stort med spelet. Det byr på artig og enkel underhaldning med nok djupne til å vare lenge. Du kan spele aleine, eller saman med vener, og kan lett hoppe frå det eine til det andre. Som vi alle veit er det svært få spel som ikkje får seg eit saftig løft av samarbeid. Akkurat det er Echoes of Time eit glimrande døme på.

Diskutér artikkelen i forumet

Siste fra forsiden