Anmeldelse Final Fantasy Crystal Chronicles: The Crystal Bearers

Retningslaust Kaos

Spelet for dei som ikkje heilt veit kva eller kvar dei vil.

Det har gått nokre år sidan E3 2006 då Square Enix slo seg på brystet, kunngjorde heile tre Final Fantasy XIII-spel, Dragon Quest Swords til Wii, og sist men ikkje minst eit spel med eit namn så langt at eg berre kjem til å skrive det ein gong; Final Fantasy Crystal Chronicles: The Crystal Bearers.

Videoen eg såg på pressekonferansen til Square Enix den gong minnar svært lite om sluttproduktet vi har enda opp med. Borte er dei barnlege figurane som minna mest og dei vi såg i det aller første Crystal Chronicles-spelet på GameCube, og borte er den velkjende middelalder-settinga. Utviklinga har heilt tydeleg vore lang og komplisert for Square Enix, for det vi har enda opp med er heilt umogleg å setje i bås. Eit steampunk-spel med countrymusikk og eit hav av minispel er ikkje akkurat det vi tenkjer når vi høyrer namnet Final Fantasy.

Tøffare enn toget

Layle er ein Final Fantasy-helt litt utanom det vanlege. Han har ikkje piggar i staden for hår og han er ikkje deppa. Han har i tillegg ringbrynje på jakka i staden for beltespenner, noko som er ein ganske frisk variasjon frå standarden. Det er eigentleg ganske herleg at Square Enix sin hovuddesigner Tetsuya Nomura heilt tydeleg ikkje har hatt ein einaste finger med i dette spelet.

For å vere eit Wii-spel er The Crystal Bearers vanvittig pent. Det har eit detaljnivå på høgde med Final Fantasy XII, og den grafiske stilen minnar eigentleg mykje om det førre storspelet i den nummererte Final Fantasy-rekka. Det blir aldri like realistisk og alvorleg, men om du tenkjer deg Final Fantasy XII retta mot ein litt yngre garde, der Chocoboane har svært store auge, er du inne på noko.

Med ein imponerande grafisk presentasjon som blir kasta mot deg frå første sekund, er det lett å bli frelst. Den første tida med The Crystal Bearers er absolutt solid moro. Noko av det første som skjer er at Layle hiv seg ut frå flyet sitt og stupar mot avgrunnen med ein gigantisk kanon på slep. Med denne skal du skyte ting før Layle krasjar i dei, og dette er ein fabelaktig måte å starte spelet på. Du blir engasjert, anspent, og pulsen blir litt høgre. Det er moro, veldig moro.

Slik held det fram. Kvar einaste situasjon ser ut til å by på nye utfordringar i form av skreddarsydde kontrollar, om det så er når du skal navigere eit styrtande luftskip gjennom ei ravine, eller kaste vekk alle soldatane som halar innpå under i intens jakt på Chocobo.

Mange triks i ermet

Det er veldig mange forskjellige minispel i The Crystal Chronicles. Til tider kan det sjå ut til at det er dette som er heilt poenget med spelet; å lage eit spel som heilt utan tvil demonterer at Square Enix verkeleg forstår kva ein kan bruke Wii til. Dei skal kanskje ha litt ros for nokre av utfordringane du møter på, men det er mykje unødvendig søppel her òg. Nokre utfordringar er så hjernedaude at det ikkje skulle ha vore lov. Ei jakt etter små gnagarar i skogen er til dømes noko av det mest frustrerande eg har vore med på i nyare tid.

Det er derimot ikkje alt som kjem i form av minispel. Store delar av spelet spring Layle rundt i ei forholdsvis opa verd der du kan gå akkurat dit du vil. Med jamne mellomrom vil du møte monster, og her kjem eit ganske spesielt kampsystem inn i biletet.

Det finnest ingen våpen i The Crystal Bearers, og all kamp skjer i form av at Layle brukar sine krefter til å løfte opp fiendar for å kaste dei på kvarandre. Det heile kan ofte bli ganske slitsamt og teit, men av og til treff utviklarane blink. Mange fiendar har forskjellige reaksjonar på kva du gjer. Nokre fiendar kan du plukke opp, berre for å bruke dei som skytevåpen mot andre. Nokre krabbeliknande beist kan du i tillegg kaste mot kvarandre for å lage ein provisorisk bowlingball.

Lang nedtur

Ein kan ha mykje moro med kampsystemet, men generelt sett blir du alltid litt lei. Det er fleire problem som hindrar kampane i å bli engasjerande, og dei er i tillegg noko som burde ha vore mogleg å luke ut. Først og fremst har vi eit håplaust kamera som aldri gjer det du vil. Den einaste kontrollen du har over det kjem gjennom å sentrere det bak Layle, eller ved å rotere det med D-paden. At du ikkje kan låse blikket på ein fiende er ganske håplaust.

Den mest irriterande biten er derimot av ein heilt anna natur. Kampane varer berre i ei bestemt tid. Spelet har ein «natt og dag»-syklus der ei giftig tåke legg seg over verda med jamne mellomrom. Fiendane dukkar berre opp når denne tåka er til stade, og dette gir deg avgrensa tid til å reinske opp. Om du skulle bli kvitt alle fiendar i eit område før tida går ut, vil du få ein gjenstand som gir deg meir helse, men ofte har det seg slik at ein eller fleire fiendar ligg så godt gøymt at du ikkje får tid til å finne dei og knerte dei før tida går ut. Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har høyrt klokkelyden som varslar om at det snart blir tomt for monster, akkurat i det eg held på med å gjere meg ferdig med den siste fienden.

Det er forferdeleg demotiverande, og når du i tillegg ikkje få eit einaste erfaringspoeng for fiendane, blir kampane eigentleg veldig meiningslause. Du tener ingenting på dei. Om det er nye gjenstandar du vil ha, finnest det mykje betre måtar å få tak i dei på enn ved å gamble på at du skulle få noko frå ein fiende.

Veldig forvirrande

Om du trudde sytinga mi var over no, tok du veldig feil. Mellom alle kampane blir du nøydt til å reise mellom dei forskjellige stadane i verda. Dette er noko som på papiret er ei smal sak, sidan verda ikkje er spesielt stor og alle område heng saman. Spelet er derimot så rotete sydd saman at det er vanvittig lett å gå seg vill. Eg har vandra rundt på måfå i så lenge som ein time for å finne området eg er på jakt etter.

Du kan ta tog, og du kan vandre til fots eller ri på ein Chocobo, men skilta som viser veg fortel deg berre kva som er i umiddelbar nærleik. Om du vil sjå på kartet er det til inga hjelp. Det viser kvar du er, og kvar du skal, men når du ikkje har snøring på kva som er nord og sør medan du spring rundt i verda, er du like langt. Samtidig er ein del område bygd opp på ein måte som tvingar deg til å ta lange omvegar for å kome til ein stad som i teorien ligg vegg i vegg med området du er i.

Grei underhaldning

Sjølv om det er mykje med The Crystal Bearers som ikkje held mål, er det likevel eit spel det er lett å bruke timar på. Det er mange underhaldande hendingar i spelet, og mange av minispela er av ein så kreativ natur at du garantert vil kose deg med dei. Kampane er generelt sett morosame berre i kort stund, men det er ingenting i vegen for å berre ignorere dei, sidan dei på ingen måte er påkravde.

I staden kan du bruke tida di på forskjellige ekstraoppdrag som kan gi deg litt ekstra pengar i banken, eller eventuelt forskjellige gjenstandar. Med dette kan du kjøpe eller byggje nye gjenstandar for å bli sterkare og betre i alt du måtte finne på, og det er eit greitt system sjølv om det aldri blir veldig engasjerande.

Det som engasjerer mest er eigentleg historia. Den er ikkje gripande i den forstand at du følgje med vidare, men den er underhaldande nok til at ein blir sitjande. Dei forskjellige personane er truverdige og varierte, og det er eigentleg ein rimeleg elskverdig gjeng Square Enix har skrudd saman. Diverre er skodespelet av svært variabel kvalitet. Layle høyrest ut som om han kjeder seg noko heilt grusamt der kvar linje er om mogleg meir monoton og livlaus enn den førre. Resten av rollebesetninga er noko betre, der det varierer frå rutinedialog til artige og engasjerte prestasjonar frå skodespelarane.

Når vi snakkar om lyd går det ikkje an å gløyme musikken. Her finn vi alt frå funk med sekkepipe til rock og jazz blanda med vaskekte country. Det er eit lydspor eg garantert aldri vil lytte til i fritida mi, men det er spenstig nok til at det stort sett kler spelet temmeleg godt.

Konklusjon

The Crystal Bearers er eit spel som både kunne og burde ha vore mykje meir. Det har sine stunder der det underheld i stor stil, men for det meste er det litt vanskeleg å bry seg. Historia er underhaldande, men det du gjer er fullstendig meiningslaust. Du spring rundt i ei forvirrande verd der du ikkje veit kva retning du skal gå, medan du kjempar mot fiendar med eit kampsystem som er mangelfullt på sitt beste.

Om Square Enix hadde droppa alle minispela hadde vi enda opp med eit spel eg hadde bedt deg styre unna for ein kvar pris. Heldigvis for spelet sin del har det nokre høgdepunkt. Spelet er vakkert og har ganske kul musikk, men innhaldet er for tomt. Det kunne i tillegg godt ha vart i meir enn omlag ti timar.

Vurdering


Final Fantasy Crystal Chronicles: The Crystal Bearers Wii Wii 5/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. februar 2010
  • Plattform: Nintendo Wii
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Square Enix

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen