Anmeldelse

Final Fantasy XIII

Atter en konge

Den som ventar, ventar definitivt ikkje forgjeves.

1: Side 1
2: Side 2

Rollebyte

Final Fantasy XIII nyttar noko som blir kalla paradigmeskifte. Eit paradigme er ein kombinasjon av opp til tre forskjellige karakterklassar, sidan du kan ha tre personar med i kamp. Til dømes kan eit paradigme innehalde ein forsvarar og to angriparar. Eventuelt kan du ha ein forsvarar og to stykk som kastar lekjande og styrkjande magi på heile gruppa. Du har til saman seks forskjellige klassar å velje mellom, og utfordringa ligg i å setje saman dei paradigma som best kan hamle opp med forskjellige utfordringar.

Like vakkert som det er farleg.

Resultatet er eit intenst kampsystem som går i eit så vanvittig tempo av og til at eg er rett og slett glad for at eg ikkje må ha detaljstyring på kvar enkelt person. Det hadde blitt for mykje å halde styr på. På sett og vis er det større likskapar mellom Final Fantasy XIII og Final Fantasy XII, enn det er mellom dette spelet og dei tidlegare spela. Grunnen er at du i stor grad tek på deg rolla som ein oversjåar. Du passar på at alle gjer ein god jobb, og om du ser det er nødvendig å gjere nokre grep, går du inn med detaljstyring.

Det meste i Final Fantasy XIII er veldig automatisert. Du får aldri tid til å kvile, men du treng nesten aldri tenkje over kva gruppa di skal gjere, sidan kvar krigar automatisk vil velje dei beste handlinga i ein gitt situasjon. Er du krigar, vil du angripe med dei teknikkar som skulle passe best. Er du magikar vil du gjere det tilsvarande. Om du veit kva ein fiende er sterk eller god mot, vil alle personane i gruppa automatisk velje å bruke magi som er effektiv mot akkurat den fienden.

Livet som krystall

Final Fantasy XIII er mykje meir eit eventyr enn eit rollespel. Det har ikkje mykje til felles med Dungeons & Dragons og Oblivion for å seie det slik. Ein måte dette skin gjennom er korleis erfaring blir handtert. Som med resten av spelet er dette svært lineært, og du kan eigentleg ikkje velje noko sjølv. Kvar karakter er i utgangspunktet kapabel i tre forskjellige klassar. Når du vinn ein kamp vil du få krystallpoeng du kan bruke til å kjøpe deg nye eigenskapar, omlag på same måte som i Final Fantasy X sitt Sphere Grid.

Den majestetiske Lindblum.

Innanfor kvar klasse følgjer du ei bestemt linje med nokre få avstikkarar, og du kan ikkje på nokon måte velje kva veg du vil gå. Med tanke på korleis kampane fungerer, er dette ein veldig god ting. Hadde spelaren hatt mange val, kunne ho raskt ha enda opp med ei svært ubalansert gruppe det hadde vore vanskeleg å rette opp. Måten det er gjort på sørgjer for at du heile tida blir kraftigare, og det er det som er det viktige. Om du vil byggje opp ei heilt unik gruppe med krigarar, har du funne feil spel.

Det er ikkje før eit solid stykke ut i spelet at ting byrjar å bli friare. Du får tilgang på alle seks klassane, og med det står du litt friare til å byggje opp folka slik du vil. Du byggje framleis gruppa opp i rette linjer, men om du vil makse ut alle karakterane, har du sjansen.

Konklusjon

Det er snart fire år sidan Final Fantasy XIII for første gong blei vist fram på E3 2006. Det er fire år med venting i spaning på kva som ville skje vidare med Final Fantasy-serien.

Ein av mange heftige kampar.

Det eg sit igjen med er sterke kjensler det er vanskeleg å definere. Det finnest ingen tvil om at dette spelet har teke meg på eit stort eventyr få andre spel i nyare tid kan kome i nærleiken av. Det er ei dramatisk historie med mange element og detaljar, og eg veit alt for godt at det er umogleg for meg å vite akkurat no korleis den vil sitje i minnet om eitt år, eller etter å ha spelt gjennom spelet ein gong til. For kvar dag som har gått sidan eg avslutta mi reise gjennom denne verda, sit opplevinga sterkare.

Då eg omsider fatta at slutten på spelet var nærståande, var eg litt usikker på kva eg eigentleg meinte om spelet sidan inntrykka var overveldande. Men når eg ser på den bunken med spel eg no skal ta til på, og innser korleis eg mykje heller vil bli med Lightning, Snow og dei andre på tur ein gong til, finnest det ikkje tvil. Dette var stort Square Enix, stort.

Final Fantasy XIII er i sal 9. mars for PlayStation 3 (testa) og Xbox 360.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden