Anmeldelse

Ghostbusters: The Video Game

Udødeleg moro

Tidenes fremste ekspertar på paranormal aktivitet endeleg tilbake.

Ghostbusters-spelet er utan tvil eit av dei aller beste lisensbaserte spela eg nokon gong har vore i nærkontakt med. Det er eit spel som utan å gjere nemneverdig mykje nytt, presterer å framstå som utruleg friskt og aktuelt, sjølv om alle hovudrolleinnehavarane er godt oppe i pensjonistalder.

For det er når du ser rollebesetninga at det verkeleg byrjar å demre at dette kan vere alvor. Dette er kanskje eit spel, men eigentleg er det Ghostbusters III. Historia er skriven av Dan Aykroyd og Harold Ramis, og nettopp desse gjentek rollene sine som overnaturlege jaktmenn. Dei er sjølvsagt berre halvparten av teamet, som blir utfylt av Bill Murray og Ernie Hudson.

Desse fire skodespelarane, samt eit knippe fleire som gjentek rollene sine, er med på å skape eit spel med noko av det beste skodespelet, og den mest underhaldande historieforteljinga du kan tenkje deg. Du finn ingen tam og uinspirert dialog i dette spelet. Det er komiske geni som har skrive det, og det merkast. Om du likar humoren til Bill Murray, kjem du til å elske Ghostbusters. Spelet er fullt av små gullkorn og vittig utlevering av dialog, og du høyrer heile tida noko nytt.

Eit nytt ansikt

Du spelar den nye rekrutten, og i eit smart val handlar ikkje spelet om deg på nokon måte. Du seier faktisk ikkje eitt einaste ord. Du har ikkje ein gong eit namn. Alt som står på kjeledressen din, er «Rookie». Dette er ein veldig smart måte å la deg ta del i spelet, samtidig som det er dei gamle heltane som styrer showet. Dei nydelege filmsekvensane driv historia vidare som ein god gammal Ghostbusters-film, ved å så godt som utelukkande å fokusere på det gamle teamet. Du blir ein litt anonym skugge som heng med resten av teamet.

Spelet driv deg heile tida framover, og dette er gjort både gjennom dei fabelaktige ferdigstilte filmsekvensane, til filmsekvensar som brukar spelets motor, og ein del dialog som skjer medan du spelar. Ein viktig nøkkel til suksessen akkurat her, er den fantastiske likskapen mellom 3D-modellane og dei faktiske skodespelarane. Som oftast i ei spelmatisering, ser ikkje hovudpersonane ut. Dei ser ut som stygge monster frå ein svært ubehageleg dimensjon. I Ghostbusters får vi digitale kopiar av skodespelarane, slik dei såg ut på tidleg nittital. Det går eigentleg ikkje an å håpe på større likskap, og når heile spelet osar av visuell kreativitet, gjer dette utruleg mykje for autentisiteten.

Ansikta er der, stemmene er der, og animasjonane er der òg. Det meste er gjort med stor omhug, og akkurat difor er det ein ting som blir veldig skuffande. Sidan vi får fabelaktig skodespel frå pensjonist-gjengen, samt noko av den beste leppeanimasjonen du nokon gong har sett, kvifor, kvifor er ikkje desse to bitane som høyrer saman som hip-hop og bling, skikkeleg synkronisert? Stemma kjem enten brøkdelen før animasjonen, eller omvendt, og det fjernar akkurat nok av heilskapsinntrykket til at ein ikkje blir heilt imponert over innsatsen til Terminal Reality.

På jakt mot det ukjende

Det seier nesten seg sjølv at Ghostbusters måtte bli eit actionspel. Som ein ghostbuster får du ein Proton Pack, og dette er ein ganske firkanta ryggsekk som har sitt utløp i eit våpen som etter kvart får ganske mange bruksområde. I startfasen har du berre tilgang på eitt våpen, men det er absolutt godt nok til å gjere jobben i kampen mot avskummet som ikkje vil døy.

Alle spøkjelsa har ein todelt helsemålar. Først er den grøn, men etter at du har frest beistet lenge nok, vil den bli raud. Herifrå kan det gå to vegar. Nokre spøkjelse må du berre ta knekken på fullstendig, medan du må fange andre. Denne prosessen er blant dei elementa som verkeleg får Ghostbusters til å skine. Alle i Ghostbusters-teamet har ei felle dei kan fange spøkjelse i. Denne kastar du ut der du er i kamp. Utfordringa er å få spøkjelset ned i fella. Sjølv om eit spøkjelse er i dårleg stand når helsemålaren har blitt raud, vil den likevel kjempe mot deg med all si kraft.

Du fangar den med Blast Stream-våpnet, og må kaste beistet fram og tilbake før du slit det ut, og kan dra det mot fella. Denne prosessen er fantastisk godt gjennomført, og du kan praktisk talt kjenne kor tungt det er å slenge rundt på desse beista. Du blir nesten fysisk sliten av det, og kvar gong du dreg spøkjelset til den eine eller andre sida, endar du opp med å gjere det same med heile kroppen.

Massiv øydelegging

Medan du held på med dette, vil du samtidig leggje merke til korleis området du er i kjapt blir forvandla til ei slagmark. Våpna dine svir svarte striper i golv og tak, og alle gjenstandar blir smadra fullstendig. Du kan jo tenkje deg sjølv, korleis eit ballrom i byens flottaste hotell ser ut etter at Ghostbusters-gjengen er ferdig. Eller kva med biblioteket? Der kvar einaste bok kan fly veggimellom uavhengig av dei andre. Det er ikkje rart at ikkje alle i byen er like begeistra for å få besøk av spøkjelsesjegarane.

Du har etter kvart fire forskjellige våpen å rasere interiørdesignet med. Hendig nok er dei alle i fire forskjellige fargar slik at dei er lette å skilje frå kvarandre. Teknisk sett er dei ikkje våpen, men i staden innstillingar på Proton Packen. Kvar innstilling har to funksjonar, som ligg til ryggknappane, og dei er forskjellige nok til at vi etter kvart får eit svært solid arsenal å leike oss med. Dei forskjellige innstillingane fungerer samtidig forskjellig på forskjellige spøkjelse, noko som gir oss litt rom for strategisk tenking.

Du kan gjere alt frå å skyte den velkjende raude strålen, sprute grønt slim, blåse demonar vekk med noko som minnar om ei pumpehagle, samt knuse fiendane med eksplosive bomber eller heimsøkjande lyskuler. Det er samtidig til stor hjelp at om du ikkje skulle vere sikker på kva våpen du bør bruke, vil dei andre spøkjelsesjegarane skifte til det mest passande våpenet, noko som fortel deg at du bør gjere det same.

Om du likevel gjerne vil ha litt meir detaljert informasjon om kvart spøkjelse, kan du bruke PKE-metret. Dette vesle apparatet let deg søkje etter paranormale signal i nærleiken, og det har fleire bruksområde. Når du møter eit nytt spøkjelse for første gang, kan du skanne det for å få vite all vital informasjon, slik som til dømes kva våpen det er svakt mot. I tillegg kan du bruke PKE-metret til å leite etter forbanna gjenstandar, eller viktige område.

Godt blir betre

Etter kvart som du finn gjenstandar, og fangar eller drep spøkjelse, vil du tene pengar. Desse pengane brukar du til å oppgradere det varierte utstyret ditt. Her får du svært få val, men det er nok til at dei utgjer ein forskjell, og få nok til at det aldri blir ein jungel du ikkje heilt greier å få oversikt over.

Kraftigare våpen kan kome godt med her og der. Ghostbusters blir aldri spesielt vanskeleg, men om du først skulle bli slått ut, kan det vere temmeleg frustrerande. Grunnen til dette er ganske enkel; kvar gong du blir slått ut, vil dei andre i teamet kome for å få deg opp igjen. Diverre er ikkje denne logikken så veldig solid. Om fleire av spøkjelsesjegarane ligg nede samtidig, er det ikkje alltid du blir prioritert først, eller det tek veldig lang tid før dei kjem fram til deg, av grunnar du ikkje veit sidan kameraet ikkje let deg sjå stort i desse situasjonane.

Du endar difor opp med å bli liggjande ei god stund og berre sjå på deg sjølv medan røyk og lys herjar rundt deg. Det er litt keisamt, men heldigvis er det ikkje noko du vil oppleve ofte. Spelet blir som sagt aldri utprega vanskeleg, og om du først skulle døy, er det ikkje verre enn at du klarar det på andre eller tredje forsøk. Fornuftig plassering av sjekkpunkt sørgjer i tillegg for at du aldri må gjenta mykje.

Konklusjon

Ghostbusters er eit fabelaktig spel. Det har heftig action der du går laus på alle tenkjelege paranormale skapningar, samtidig som du heile tida blir fora med herlege kommentarar frå den stjernespekka rollelista. Spelet dreg deg heile tida vidare, og det er eitt av dei få spela der du faktisk ler godt medan du spelar, utan at det er ein konsekvens av kor mykje blod ein fiende produserer når han omsider døyr.

Dette er eit spel alle vil kunne kose seg med, om du så er action-fan, eller gammal tilhengjar av Ghostbusters-serien. Det gjer ingenting nytt, men er likevel eit spel som presterer å skilje seg dramatisk ut frå mange andre spel som prøver å vere for vaksne, ved å vere mest mogleg valdelege. Ghostbusters er berre moro, og det er slik vi likar det.

Ghostbusters: The Video Game kommer i salg 24. juni, for PlayStation 3. PlayStation 2-utgåva følger 1. juli. Versjoner for andre plattformer er ventet til høsten. Ghostbusters inneheld ein fleirspelar-modus vi ikkje har testa på grunn av mangel på spelare før lansering.

Diskuter artikkelen i forumet

Siste fra forsiden