Anmeldelse

Halo 4

Master Chief sparkar ned dørene med eit nytt superteam i ryggen.

1: Side 1
2: Side 2

Det er nesten som å banne i kyrkja. Det er litt som å vere utro mot ein langvarig elskar, men eg er likevel nøydt til å seie det. Halo 4 er det første spelet i den over ti år gamle Halo-serien som verkeleg har gjeve meg kjensla av å vere Master Chief. Eg innser det no. Dette er det første spelet – godt mogleg nokon gong – som verkeleg har fått meg til å fullt ut forstå kor fett det er å vere ein supersoldat. Korleis adrenalinet pumpar når du spring fram utan tanke for eigen tryggleik, og plukkar ned den eine fienden etter den andre med mekanisk presisjon.

Ein kan kalle det den perfekte kombinasjonen av rå makt og utfordring. Eg er fullstendig klar over at eg kan døy når som helst. Pipinga frå tomme skjold gjer meg veldig bevisst på at alt snart kan gå i svart. Likevel pressar eg på. Eg tømmer halve magasinet på kamprifla i ein covenat-elite, snur meg og plukkar ned ein liten grunt som prøvar å skyte lilla nåler i meg. Eg rundar eit hjørne, ladar om. Lener meg inntil veggen lenge nok til å trekke pusten, før eg spring fram igjen. Eg har ikkje tid til å gøyme meg. Tankane forsvinn, instinkta tek over.

Brått blir det stille. Det er over. Eg pustar ut og med nervane i spenn innser eg at det har gått alt for langt tid sidan eg trakk den inn.

Sjefen er tilbake.

Endeleg sjef

Ein kan byrje å lure på om målet heilt frå start var å skvise ut Bungie. Etter splitten mellom Bungie og Microsoft i 2007 har Microsoft sakte, men sikkert bygd opp eit superteam av utviklarar, og gjeve dei namnet 343 Industries. Dei har handplukka folk frå overalt i industrien. EA, Ubisoft, Kojima Productions, Gearbox, PIXAR, Industrial Light and Magic og ikkje minst NASA er alle tidlegare arbeidsplassar for folk som no kallar 343i sin heim.

Ikkje at dette eigentleg har relevans, men det får litt relevans når ein omsider sit der med handkontrollen i fanget og prøvar å gni synet tilbake i auga. Dette er eitt av dei flottaste og mest teknisk avanserte spela eg nokon gong har sett. Eg seier dette med tunga beint i kjeften, for eg veit det er store ord. Det er frykteleg lenge sidan eg har tatt meg sjølv i å måpe opp til fleire gongar i løpet av eit spel. Eg kan nikke og nøgd heve augebryna når eg ser noko bra, men dette overgår det meste.

Halo 4 ligg lysår framfor det vi har sett i tidlegare Halo-spel, men gløymer likevel aldri sine røter. Innestengt i eit romskip ute av kurs møter vi Master Chief og Cortana. Heile opninga av spelet er som eit nikk og ein honnør til det første Halo. Grå korridorar, stengde dører, eksplosjonar i det fjerne. Forskjellen kjem gjennom støvpartiklane i lufta, refleksjonane frå ulike lyskjelder, skuggane som klistrar seg rundt alle hjørne.

Nokre silhuettar kjem til syne gjennom støvtåka. Covenant, sjølvsagt. Dei likar meg ikkje, eg likar ikkje dei. Eg drep dei, alt går strakt åt helvete, og brått vaknar eg opp på ein framand planet. Det er då du verkeleg ser det. I eitt av dei definerande augneblikka vi opplever no og då, blir ein berre ståande og sjå. Skjeletta av havarerte romskip, mørk røyk, og ein raud solnedgang langt i det fjerne. Det er så vakkert, men samtidig trist. Du har merka den alt no. Den triste og nesten fortapte stemninga som heng over Halo 4. Ei stemning som heng tung til tross for at spelet kjem frå ein gjeng ivrige utviklarar som er svært lystne på å vise kva dei er gode for.

Ei stille stund i stormen.

Mykje av det emosjonelle teppet kjem gjennom musikken til Massive Attack-musikaren Neil Davidge. Å følgje i Marty O'Donnel sine fotefar er eit stort ansvar, men Davidge gjer jobben godt. Musikken til Davidge er kanskje ikkje fult så slåande og minneverdig som det O'Donnel har komponert, men den spelar på kjenslene dine i langt større grad. Dette vil du kjapt merke er essensielt, for aldri før har vi fått servert ei meir moden og personleg historie om vår grøne helt.

Mot framtida

Trass emosjonane er Halo 4 stort sett beint fram rock'n roll. Frå start til slutt får du veldig få pusterom, men blir i staden kasta frå den eine konfrontasjonen etter den andre.

På rekke og rad får vi kvar einaste vesle detalj som har gjort serien kjend. Action til fots. Action i lufta. Action susande på eit warthog. Action bak kanonen på eit massivt køyrety. Storleiken endrar seg heile tida, men action blir det uansett. Den eine stunda er du i tronge og klaustrofobiske område, før du det neste ser vidstrakte dalar og høge fjell. Variasjonen slår deg i trynet, sjølv om det aldri blir like massivt som Scarab-kampane i Halo 3 der vi kjempa mot fleire svære, mekaniske edderkoppar. Det er likevel nesten som om kvar einaste utfordring bringer med seg noko nytt å sjå og oppleve, og du rekk aldri bli vand med kulissane før dei er borte for alltid.

Det oppstår raskt ein glimrande balanse mellom pusterom og krig. Som nemnt innleiingsvis kan du verkeleg kjenne på kroppen korleis det er å vere ein spartanar i dette spelet. Den kunstige intelligensen byr deg på konstante utfordringar, og saman med eit nivådesign som for det aller meste er upåklageleg, blir spelet uhyre vanskeleg å leggje frå seg.

At dette er Halo finnest det ingen tvil om. 343 Industries har for det meste slavisk følgt formelen bygd opp av Bungie. Med uhyre få unntak byr spelet på det same kontrolloppsettet, og i stor del det same våpenarsenalet. Den største endringa til ditt liv som Master Chief kjem av at springing no ligg permament klistra til eit klikk på venstre analogstikk. Eit smart val, det kan redde deg ut av mange livsfarlege situasjonar.

Fiendane er som vanleg smarte og byr på solide utfordringar.

I kombinasjon med den forbetra DRM-rifla blir du ustoppeleg. DRM-rifla er som skapt for å plante kuler mellom auga på fiendane i eit høgt tempo, og det er nettopp det den blir nytta til. Kvart skot sender ein ny fiende i bakken, og når du omsider må lade om spring du bak eit hjørne, ladar om, og er på den i gjen.

Dialog og ny informasjon skjer både midtvegs i eit kapittel medan du skyt det som skytast kan, og gjennom filmsekvensar. Som tilskodar får du sjå filmar presentert både gjennom Halo 4-motoren og eit par førehandsrendra filmar som i nokre få sekund lurte meg til å tru det kanskje var ekte film. Det er nydeleg å sjå på slike forseggjorde filmar, men nødvendig er det eigentleg ikkje når Halo 4-teamet er i stand til å dytte ut animasjonar gjennom spelmotoren som får L.A. Noir til å sjå ut som eit spel laga av amatørar.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden