Anmeldelse

Halo 4

Master Chief sparkar ned dørene med eit nytt superteam i ryggen.

1: Side 1
2: Side 2

Eit nytt mørke

Å overgå dei tidlegare spela er naturlegvis eit høgt mål. Sjølv om kvaliteten har variert litt har serien alltid lagt lista høgt. Med Halo 4 prøvar 343 Industries å fornye serien ved å introdusere ein heilt ny fiende.

Eit stykke ut i spelet møter vi prometheanarane. Dei er teknisk sett ikkje ein ny art sidan dei i Halo-universet var dei eldgamle forløparane sine soldatar, men dette er første gong vi ser noko til dei. Ved første augekast er det litt vanskeleg å byggje opp den heilt store entusiasmen. Dei ser strengt tatt ikkje heilt ut som det du forventar frå ein av dei største produksjonane i nyare tid. Det er noko litt generisk og flatt over dei mekaniske hundane og riddarane som strengt tatt ser litt ut som ein spinkel versjon av ein covenant-elite med ryggsekk.

Nye fiendar byr på nye farer.

Det litt småkjipe førsteinntrykket endrar seg derimot i løpet av kort tid. Dei gror på deg, og i eit temmeleg stødig tempo. Prometheanarane opererer veldig ulikt covenant. Dei små hundeliknande beista svermar i små flokkar, klatrar både vertikalt og horisontalt og kan bli livsfarlege om du let dei kome for nære. Dei større riddarane teleporterar seg sjølv mellom små avstandar, og kan verkeleg bli ein nervepirrande trugsel når det er mørkt, og skjolda dine blinkar.

Desse to variantane av prometheanarane kjem i ulike nivå. Nokre er farlegare enn andre, og du ser lett på ein fiende kor kompetent den er ut av kor detaljert den er. Riddarar og hundar er derimot ikkje alt som byr på utfordringar med desse nye fiendane. Den verkelege utfordringa kjem frå dei svevande, små prometheanarar som hjelper riddarane og hundane. Desse flygarane kan setje ut skjold, kaste tilbake granatar, og vekkje døde prometheanarar til live. Om du er sløv og let desse flygarane leve, er du tom for ammunisjon lenge før fiendane er nede for telling.

Prometheanarane kjem samtidig med sitt eige våpenarsenal. Eg er litt delt i mitt syn på desse våpna. Det er godt mogleg å finne nye favorittar blant dei, og det har eg absolutt alt, men totalt sett synest eg dei ikkje tilfører serien noko nødvendig. Vi endar i praksis opp med eit våpenarsenal som er 50% større, og i mi erfaring fører det berre til at fleire våpen aldri blir brukt med mindre du ikkje har tilgang på noko anna. Dei skil seg ikkje nok frå dei andre våpna i spelet. Utover det kosmetiske snakkar vi berre om variantar av gamle kjenningar som enten er raskare, svakare, sterkare eller tregare.

Langvarig innsats

Halo 4 kjem på to diskar. Den eine presenterer det første kapittelet i den nye Halo-trilogien, medan den andre må installerast slik at du kan ta del i fleirspelarmodusen.

All fleirspelarmoro har no fått ei historie veva rundt seg. Du er ein spartanarrekrutt på det massive romskipet UNSC Infinity, og her skjer all treninga di. Den kan vere i form av War Games som er alle formene for konkurransespel, eller Spartan Ops, som er ein serie med oppdrag skrudd saman for samarbeid.

Den farlege kampmaskina Mantis kan raskt bli eit problem i War Games.

War Games vil vere kjende for alle. Her finn vi alt frå slayer – eller slakter som det så fint heter i den norske oversetjinga som ikkje tener noko større nytte enn å forvirre meg – til kampar mot den gamle Flood-fienden der du må overleve lengst mogleg, eller bli Flood sjølv. Vi får ei solid og variert dose brett å boltre oss på. Alt frå svære og opne landskap ideelle for køyrety og anna tungt maskineri, til små brett fulle av søyler, hjørne og gøymeplassar sørgjer for at du får nok å velje i. Halo 4 gjev deg det du vil ha, om det så er eit hagleskot i trynet, eller ei stygg kule frå lang avstand. Mange av karta er heilt nye, men vi finn likevel nokre variantar av eldre kart.

Ei stor endring frå tidlegare spel er at våpen ikkje dukkar opp på faste plassar. I staden finn vi fleire utvalde punkt der ulike våpen kan dukke opp. I tillegg til dette kan du sjølv velje kva våpen du vil skal bli sendt ned frå himmelen, noko som sørgjer for at du har mykje større fridom til å velje din eigen stil.

Fridom får vi òg gjennom skru saman fleire ulike startpakkar. Du kan setje saman ulike våpenkombinasjonar, og velje kva spesialeigenskapar du vil bruke. Blant desse finn vi aktive dingsar som til dømes ein liten jetmotor som let deg suse ut av ei intim kampsone, eller eit skjold. Vi får òg tilgang på passive eigenskapar. Desse kan gjere alt frå å få skjolda dine til å regenerere kjappare, la deg springe så langt du vil, til å bruke to store våpen i ei startpakke, i motsetning til eit stort og eitt lite. Alle våpen og eigenskapar du vil bruke i ei startpakke må låsast opp ved å tene Spartan Points. Desse får du for å gjere det godt i War Games, men du tener dei òg i den nye Spartan Ops-modusen som tek over for Firefight.

Spartan Ops på er noko heilt nytt for Halo-serien. I essensen er Spartan Ops ikkje stort meir enn små historiebaserte oppdrag som kan spelast aleine, eller helst saman med andre. Kvart nivå i Spartan Obs sender oss inn i ei sone der vi møter fiendar, og må utføre ulike oppdrag. Nye Spartan Ops-oppdrag vil bli tilgjengelege i løpet av månadane etter lansering, og alle blir gratis.

Spartan Ops byggjer ei underhaldande handling rundt nokre nye spartanarar som skal trene på UNSC Infinity. Det heile blir introdusert med ein forseggjort filmsekvens, og etter det ber det ut på forskjellige oppdrag. Kvart av dei byr på heilt nye utfordringar, og så langt finn vi oppdrag som utfordrar oss til å prøve ulike våpen og måtar å spele på. Ein forskjell i Spartan Ops i forhold til kampanjen er at om du skulle døy blir du berre gjenfødd i staden for å starte frå sjekkpunkt.

Spartan Ops byr på krig og moro for heile familien.

I tillegg til dette kan vi som vanleg leike oss med å fikse og trikse på fleirspelarbretta i Forge, og sjå videoar av kampar i teatermodusen.

Konklusjon

Halo 4 gjer så og seie alt riktig. Det er den perfekte starten på ei ny historie. Det er eit uhyre intenst spel med solid driv, som heile tida held fast på alt det som har gjort serien populær i utgangspunktet. Dei nye utviklarane hos 343 Industries har ikkje gjort noko forsøk på å finne opp hjulet på ny, men dei har tilført nye element på ein glimrande måte slik at du knapt nok merkar det.

Det som verkeleg sit igjen når det heile er over er enkeltståande opplevingar der du verkeleg har fått den fulle og heile Halo-opplevinga banka inn i kroppen. Ved sidan av dette framstår historia som uvanleg sterk. Den er presentert på ein uhyggjeleg god måte, og gjer dramatiske og drastiske vendingar i universet mange har blitt glade i. Når det glir mot den intense slutten sit ein igjen med mange svært massive spørsmål, og eg vil tru det er akkurat det 343i ville oppnå.

Dei vil du skal glede deg til Halo 5. Eg for min del er forferdeleg frustrert akkurat no. Frustrert over at det vil ta år til eg får vite kva som skjer vidare med vår grøne ven.

Halo 4 kjem i sal for Xbox 360 tysdag 6. november.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden