Anmeldelse

Heavy Rain Move Edition

Stappfull godtepose

Atter ein gong blir det regntunge dagar og dyster stemning.

Heavy Rain er årets viktigaste spel. Det er eigentleg ikkje noko eg er interessert i å diskutere. Det er eit faktum så såre enkelt at eg har vanskeleg for å sjå korleis nokon kan vere ueinige. Det Quantic Dream har prøvd å gjere – og det dei får til å gjere – er ein viktig brannfakkel for at vi ikkje berre skal finne valdelege og actionfyllte spel låst til generiske formlar i butikkhyllene. Det er eit spel som utvikla av eit team som innehar ein arroganse som er heilt nødvendig for at vi skal kunne karre ut nye vegar å gå.

Spelet aukar dramatikken ved å vise fleire ting samtidig.

Eg likar actionspel. Eg likar skyting og sverdfekting like mykje som alle andre, men eg blir metta. Tidvis blir eg så ekstremt metta at eg ser den kreative avgrunnen til heile spelmediet stire meg i kvitauget heile vegen frå start til slutt. Gjennom årevis med «utvikling» har vi enda opp med eit «mangfald» som stort sett har utgangspunkt i ein av to ting: førsteperson eller tredjeperson. Samtidig ser det store spørsmålet ut til å vere ein ny variant av Hamlets gamle «å vere eller ikkje vere». I våre dagar heiter det «å vere fri eller ikkje vere fri». Mange – og sjansen er stor for at du er ein av dei – meiner at eit spel skal vere slik eller slik for å i det heile kunne kallast eit spel.

Men må det vere noko som helst? Er ikkje reglar for korleis kunst eller underhaldning skal vere nettopp det som hindrar det frå å bli noko som helst?

Er det ikkje dei som bryt ut av mønsteret som blir hugsa for framtidige generasjonar?

Takk Gud for Heavy Rain

Eg er varm av beundring for tankegangen til Quantic Dream. Heavy Rain er eit makelaust prosjekt. At dei har feila med å gjere det fantastisk på fleire punkt spelar eigentleg inga rolle. Det er trivielt. Trass logiske bristar i historia er spelet svært intelligent, og i fronten ligg eit nyskapande kontrollsystem. Det treff ikkje alltid dei rette notane, men det bryt rytmen alle dei andre storseljarane har låst seg fast til. I staden for å gjere den same handlinga kvar gong, gjer du ei unik handling tilpassa kvar situasjon.

Ja, det blir rotete. Ja, det blir unødig tungvindt i visse situasjonar, men når det fungerer er det på ein så meisterleg måte at du gløymer at du spelar eit spel. Du blir dratt inn i ei anna verd og du er ein virtuell person i vill og panisk kamp mot ein annan person.

Fantastisk detaljrikdom i persongalleriet.

Kva forskjellige personar gjer – eller har vore ute for – kan tidvis vekkje kraftige reaksjonar i deg. Spesielt etter kvart som timane går blir spelet kontinuerleg mykje vanskelegare å leggje frå seg i takt med at dramatikken stig. Du veit aldri kva utfallet vil bli. Når du sit der blå i trynet og slepp ut eit «å faen» etter å ha gjort ei instinktiv handling du ikkje hadde planlagt, er det lett å klandre spelet for å vere forvirrande. Vel, gjett kva? Det er meininga. Spelet prøvde å stresse deg, og du blei så stressa at du ikkje tenkte over kva du gjorde. No må du leve med konsekvensane.

Det er dette som er valfridom, ikkje å ha ei enorm verd der du kan gjere diverse lineære oppdrag i den rekkefølgja du vil.

Ein – null til Heavy Rain.

Ny framgangsmåte

Eg skal ikkje seie meir om kva Heavy Rain eigentleg er, og kva det går ut på. Om du vil vite fleire nøyaktige detaljar om spelet vil eg oppmode deg om å lese vår omtale av originalversjonen frå tidlegare i år. Grunnen til at eg skriv om Heavy Rain nå er at spelet er ute i ny utgåve skreddarsydd for PlayStation Move. På papiret kan det kanskje høyrest ut som ein god idé å bruke ekte rørsler i Heavy Rain. Eit spel bygd opp rundt simulerte rørsler, må jo nesten bli betre av å verkeleg la deg gjere ting med henda, eller kva?

Les også
Anmeldelse: Heavy Rain

Ikkje nødvendigvis. Det er mange positive sider ved ekte rørsler i Heavy Rain, og på sett og vis blir spelet meir involverande. Likevel er eg ikkje nøgd. Dei elementa som allereie var unødig tungvinte er no ofte verre.

Det første ein vil leggje merke til er likevel av den positive sorten, sidan du no kan gå med analogstikka. For å ha alt på det reine, du spelar spelet med ein Move-kontroll og ein Navigation Controller. Har du ikkje sistnemnde kan du bruke din kjære DUALSHOCK i den eine handa. Sjølv om Heavy Rain sitt finurlege kontrollsystem for det meste fungerer godt, var mi største innvending at du går ved å trykkje inn ein ryggknapp. Dette fungerte optimalt berre om du gjekk i strak linje, navigering i tronge rom er ei anna sak sidan personane av og til låste seg fast i ein retning.

Ethan Mars har berre dårlege dagar.

Ved å la deg bruke ei analogstikke til å gå blir dette svært mykje enklare med ein gong, og det vitnar om at ting absolutt kunne ha vore gjort betre i originalversjonen. Eit anna positivt element ved Move-utgåva er kampane. Dei var allereie hektiske og høgst stressande, men i Move-utgåva blir det heile skrudd opp mange hakk. Du kastar og hiv på kontrollaren som ein helt der du gjer ditt beste for å følgje symbola på skjermen, og sluttresultatet er at du verkeleg pustar letta ut etter eit basketak.

I tillegg blir enkle rørsler som å bruke kontrollaren til å peike opp eller ned, eller frå høgre til venstre svært naturlege. Så lenge kontrollane held seg enkle fungerer det stort sett veldig godt, men utviklarane har ikkje sett seg nøgde med det. Det blir raskt fleire og meir kompliserte måtar å gjere ting på, og dette lid spelet under. Det verste er at PlayStation-kameraet ikkje alltid les kva du har gjort før du får beskjed om ei ny rørsle. Ei konstant plage for min eigen del er når eg skal dytte kontrollaren nedover, for så å dytte den framover. Eg byrjar høgt oppe, men får ikkje gjort ferdig rørsla sidan handa mi blir stogga av låra mine som sit godt på ein sofa. Dette hindrar meg i å halde fram, og eg må starte på ny.

Dette er svært plagsamt og vitnar eigentleg om at spelet ikkje fungerer optimalt i sitjande stilling, noko som sjølvsagt sender meg opp i ståande for å utforske meir. Joda, det fungerer betre. Eg har større vertikal rørslefridom sidan eg ikkje blir stogga av ein sofa, men det er likevel ikkje godt nok. Eg vil ikkje stå i ti timar medan eg spelar gjennom ei kriminalhistorie. Eg bryr meg eigentleg ikkje om kva Sony og Quantic Dream skulle meine om saka, det blir ikkje aktuelt. Heldigvis kan du skifte mellom kontrolloppsetta som du vil.

Livet heng ofte i ein tynn tråd.

Snop for den trengande

Move-kontrollane er tilgjengeleg for alle som har Heavy Rain via ei patch, så om du skulle ha lyst til å prøve må du ikkje punge ut for å få det til. Det finnest likevel andre grunnar for å skaffe Heavy Rain Move Edition. Disken er full av godsaker og viser atter ein gong at Sony er milevis framfor alle andre utgjevarar på eit spesielt punkt: Ekstramateriell.

Originalversjonen kom med nokre konseptskisser og videoar som viste kva som skjedde bak scenene, men Move-utgåva spyttar på enda meir. Vi får fleire videoar som går meir i detalj på korleis spelet blei til, og dei viser både utviklinga og reaksjonar frå folk i etterkant. Eg er svært svak for slikt ekstramateriell, og det er ein veldig fin bonus å få sjå korleis ting blir til, sjølv om eg absolutt ikkje hadde sagt nei takk til enda fleire detaljar.

I tillegg får du ta del i The Taxidermist, eit lite kapittel der Madison Paige bryt seg inn i huset til ein fyr som er glad i å stoppe ut skapningar som tidlegare var i live. Dette kapittelet var brukt for å demonstrere Heavy Rain til pressa før lansering, og er spanande nok sjølv om det er temmeleg kort.

Om du skulle like musikken i spelet vil du i tillegg kunne leggje inn 40 minutt med klassisk musikk på maskina di, og heilt til slutt finn vi tre lekre interaktive tema for PlayStation 3. Desse tredimensjonale bakgrunnane gjev meg lyst til å ha maskina ståande på heile dagen lang berre fordi det ser tøft ut.

Konklusjon

Om eg skulle basere mine tankar om Heavy Rain utelukkane på at dette er Move-utgåva av spelet hadde dei blitt nagla ganske hardt midt på treet. Å bruke rørsler fungerer her og der, men ikkje alltid. Det er dramatiske oppturar og katastrofale nedturar, og i så måte endar det totalt sett opp med å vere ingen av delane.

Jason!

Sidan det er heilt valfritt om du vil spele med Move-kontrollane eller ikkje vel eg difor å sjå på denne pakka totalt sett, og det er ei flott pakke. Vi får eit minneverdig spel du garantert vil plukke opp fleire gongar for å sjå kva som kunne ha skjedd, og du får ta del i noko heilt unikt som eg håpar vil vere til stor inspirasjon for andre utviklarar som vurderer å gjere noko utanom det vanlege. Disken kjem i tillegg med ein solid porsjon bonusmateriale.

Mykje kunne ha vore betre med Heavy Rain, og dette vil nok slå deg mange gongar gjennom spelet. Kontrollane kunne ha vore betre, og historia kunne ha vore betre. Til og med den vakre grafikken kunne ha vore gjort betre sidan animasjonen tidvis blir litt stive og farleg nær Uncanny Valley, noko som her og der hindrar deg i å tru heilt og fullt på personane. Likevel grip spelet deg. Med for det meste flott skodespel, truverdige karakterar, og dramatiske hendingar blir det umogleg å leggje spelet frå seg. Heavy Rain maktar å reise seg stolt over sine manglar, og viser seg som eit spel du bør få med deg.

Siste fra forsiden