Anmeldelse

Hitman: Absolution

Elsk det eller hat det, Agent 47 har gått gjennom store endringar.

1: Side 1
2: Side 2

Frå den eine til den andre

Dei ulike nivåa i Hitman: Absolution varierer stort i både storleik og omfang. Nokre område er ganske små. Av og til må du berre kome deg gjennom nokre korridorar og rom. Andre gongar blir du møtt av eit stort uteareal som til dømes ein marknad i det kinesiske strøket, eller ei gate i ein by. Andre gongar får vi full pakke med fleire gater og ulike bygningar du kan gå inn i. Dei største områda byr alltid på mange valmoglegheiter, medan små områda kan gjere det veldig tydeleg at det finnest ein god måte å kome seg gjennom på, og mange dårlege.

Som regel vil det finnest eit mylder av vegar å ta, og sjølv om dei på ingen måte slår deg i trynet, kan du definitivt sjå moglegheiter etter kvart som du utforskar områda. Når du får ein god idé er det kanskje for seint å gjennomføre den, men dette gjev deg i tur berre ein god grunn til å gå tilbake for å prøve å løyse nivået på ein annan måte. Likevel er det ikkje heilt det same som før. Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har luska rundt i skuggane i eit forsøk på å finne ein måte å kome meg vidare på utan å skape kaos. Hitman: Absolution byr kanskje på mange val, men ikkje like mange val som vi er vande med, og nokre gongar har du nesten ingen.

Eit skap kjem godt med, spesielt sidan ingen er smarte nok til å sjekke dei.

Du vil til dømes møte fleire situasjonar der det einaste som løner seg er å bli offensiv. Skytemekanikkane er solide, og du finn som regel mykje å gøyme deg bak, men det er likevel lett å få ein mistanke om at ein har gått glipp av noko. Eg har møtt område som ser svært lovande ut. Spelet dekkar kanskje eit bord for deg der du blir lurt til å tru noko skal fungere, berre for å slå deg tilbake med hyperaktiv kunstig intelligens som rettar våpna i din retning umiddelbart når ting ikkje går heilt etter planen. Skyt eg ein person med lyddempa pistol, merkar ingen kvar det kom frå. Skyt eg veggen i staden, bryt helvete laus og neste stopp er ei tidleg grav.

Uavhengig av kva dei byr på er nivåa lenkja saman i ein A til B-struktur. Kvart kapittel sender deg gjennom ei rekke nivå som alle byr på diverse mål, og eitt nivå kan vere noko så enkelt som ein ny del av ein bygning. Når du først enden på eit nivå får du ikkje gå tilbake. Her merkar vi igjen nokre logiske brestar. Når du utgangen blir alt nullstilt, og sjølv om du høglydt skulle ha plaffa ned alt av fiendar i eitt område, vil alle vakter og sivile i det nye vere totalt uvitne om akkurat det.

Dine eigne oppdrag

Alle vil nok ikkje vere like glade for korleis kapitla blir delt opp i fleire nivå, men det har sin openbare grunn. Dette vil du merke så snart du bryner deg på Contracts-modusen. Contracts er IO Interactive sitt forsøk på å lage ein slags fleirspelarmodus utan at du nokon gong spelar saman med andre. I staden skal du inn på eit nivå for å lage eit oppdrag sjølv, eller bryne deg på oppdrag andre har laga.

Konseptet er enkelt; finn eitt eller fleire mål og drapsmetodar. Når du lagar ei kontrakt noterer spelet alt du gjer. Det registrerer om du har skifta klede, kva våpen du brukte for å drepe målet, og om andre enn målet blei drepne. Når du har funne ein utgang – og har brukt den – er kontrakta laga. Her er hovudpunktet. Du finne ein utgang for å lage ei kontrakt. På denne måten beviser du sjølv at kontrakta kan gjennomførast.

Hitman-serien har lenge inspirert folk til å prøve å gjere ting på ulike måtar, og Contracts nærer verkeleg opp under dette. No kan folk vise kva dei er i stand til å få til, og det blir veldig spanande å sjå kor populær denne modusen blir. Eg har ikkje noko problem med å sjå føre meg at det blir hard konkurranse om å få til dei mest imponerande kontraktene.

Sånn kan det gå om du ikkje er forsiktig.

Konklusjon

Hitman: Absolution lev i ein bølgjedal. Det har dramatiske høgder og stygge avgrunnar. Nokre gongar er det frykteleg frustrerande, andre gongar skrik ein ut i glede over å ha fått til noko fantastisk. Spelet er på sitt aller beste når du klarar å snike deg rundt alle fiendar usett, medan du metodisk legg ned livsfarlege feller for måla dine. Det er frykteleg lite som slår den herlege kjensla av å fått til noko på best mogleg måte.

Om dei beste sekvensane i Hitman: Absolution hadde vore gjeldande for heile spelet hadde dette vore eit obligatorisk kjøp. Diverre er det alt for mange ting som trekk ned. Forkledningssystemet er høgst problematisk, og den kunstige intelligensen vekslar mellom det solide og det horrible. Samtidig er det eit meir lineært spel enn vi er vande med. Du har ofte svært mange val, men samtidig det motsette.

Det er ikkje nødvendigvis negativt. Hitman: Absolution er eit ganske varierte spel som vekslar mellom det kreative og inspirerande, og det intense og nervepirrande. På sitt verste blir ein berre oppgitt, men når alt treff blink kan ein ikkje be om meir.

Hitman: Absolution kjem i sal for PC, PlayStation 3 og Xbox 360 20. november.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden