Anmeldelse House of the Dead: Overkill

Blodbad og bannskap

Masseslakt av hjernedaude beist blir aldri det same igjen.

Om du har sett Planet Terror, den eine halvdelen av Quentin Tarantino og Robert Rodriguez si Grindhouse-pakke, har du ein svak idè om kva The House of the Dead: Overkill byr på. Spelet er Grindhouse, exploitation, «mother fucker» og mykje blod samla saman i ei herleg pakke som spyttar hardt på alt som stinkar av alvor og seriøsitet.

I eit klassiske scenario med «good cop, bad cop» møter vi Agent G som ikkje vil fortelje nokon kva G-en står for, og Isaac Washington, ein eksepsjonelt stereotypisk afro-amerikanar som seier «fuck» og «mother fucker» sånn om lag to-tre gongar i løpet av kvar setning. Utviklarane tek det heile så langt ut på feil jorde, i feil land, på feil kontinent, og godt mogleg feil solsystem, at der er absolutt ingen tvil om at dette sannsynlegvis er årets definitivt mest useriøse og tåpelege spel.

Spelet er så stappa fullt av toaletthumor at det blir så dumt at ein ler. Det blir av og til litt for teit for sitt eige beste, og når ein pervers jævel er så glad i mora si at han prøvar å krype tilbake dit han kom frå (les: kjønnslepper), då skjønar du at dei som laga dette spelet sannsynlegvis ikkje har hovudet skrudd fast riktig veg. Men samtidig er dei klare over dette, og vel å utnytte det for å lage eit spel som på alle tenkjelege måtar slår bein under heile imaget Wii har bygd opp over dei siste åra.

Familievenleg oppi rumpa mi.

Ikkje akkurat død

Isaac og G må stå saman i kampen mot den sprøyte galne professoren Caesar. Han er din typiske 70 år gamle playboy med brylkremhår og pornoskjegg, og han har ein litt for lang finger med i spelet når ein gjeng med mutantar (ikkje zombier, viktig) brått denger laus på folk. Med kuler og krut skal verdsfreden vinnast, og eit erketypisk skytespel på skinner er brått i gang.

Overkill er akkurat det ein reknar med å få frå eit The House of the Dead-spel, i alle fall om vi snakkar om kva du som spelar får gjere. Det er eit typisk lyspistol-spel, der du skal sikte på skjermen med Wiimoten, medan Isaac og G går av seg sjølv. Du treng aldri tenkje på kvar du skal gå, spelet fiksar den biffen for deg. Spelet tek deg gjennom ei ganske kort historie som sender Isaac og G gjennom eit sjukehus, ein tivolipark, og mykje anna. Overalt kvar dei går blir dei møtt av hjernedaude beist som stikker armane ut i eit fåfengt forsøk på å forsvare seg mot kulene.

Det er svært lite å seie om kva du som spelar eigentleg gjer i spelet. Det er berre å peike på skjermen, og fyre av alle kuler du skulle ha (uendelege mengder). Spelet byr på nok utfordring i menga med fiendar til at du aldri kan slappe av, men det blir aldri direkte vanskeleg. Skulle kinkige situasjonar oppstå, er spelet krydra med små bonusar du kan skyte for å gjere livet litt lettare. Nokre stadar vil du finne helsepakkar, noko som kjem godt med om mutantane skulle kome for nære. I tillegg kan du finne granatar, som er greie å ha om du blir møtt av ei flodbølgje av halvdaude skrotnissar.

Eit anna hjelpemiddel er nokre gen-greier som får tida til å stogge opp litt. Desse er ypparlege for å lett kunne skyte fiendane i hovudet, noko som får poengsummen til å gå opp. Poeng er ein stor motivasjonsfaktor i spelet. Ikkje berre gir høg poengsum meir pengar mellom nivåa, men dei låser opp ekstramateriell. I tillegg er det ein liten motivasjon i å slå sin eigen rekord, noko som kjem godt med sidan spelet er temmeleg kort.

Men ikkje levande

For å få ein høg poengsum må du halde det gåande, og skyte fiendar utan å bomme. Ein kombobonus går gradvis oppover for kvart skot som treff, og det er veldig mange poeng å hente på å vere treffsikker.

Som sagt får du meir pengar for ein høg poengsum. Når eit nivå er over, får du ein pen sum pengar basert på dine totale prestasjonar. Desse brukar du til å oppgradere, eller kjøpe nye våpen. Du startar med ein enkel pistol, men det totale arsenalet inneheld blant anna pumpehagle og automatrifle. Om det er best å oppgradere det du har, eller kjøpe nye våpen er ei smakssak, men det er fullt mogleg å kome seg gjennom heile spelet med berre pistolen, sidan oppgraderingane du kan gjere, har svært liten merkbar effekt.

Fordelen med pistolane, eller generelt alle våpen som skyt eit skot om gangen, er at det er mykje lettare å byggje opp ein kombo. Med eit automatvåpen er det veldig lett å bomme, sidan du ikkje alltid heilt veit når fienden dør, og når han først er død, kan resterande kuler frå våpenet ditt bli sett på som skivebom. For effektiv masseslakt er eit automatvåpen absolutt å anbefale, men for dei høge poengsummane finnest det betre vegar å gå.

Stygge storeslem

På slutten av kvart nivå møter du alltid ein eller anna sjef. Dette er alt frå ein fyr i rullestol med ein unormalt stor hjerne, til ei enorm kjerring som ein gong var ei kjærleg mor. Desse kampane byr sjeldan på den heilt store utfordringa, og det er alltid svært lett å finne ut kva du må gjere. Spesielt sidan spelet fortel deg svake punkt på fienden før kampen er i gong.

Skulle du likevel døy, er ikkje håpet ute. Du kan starte om igjen der du slapp, ved å ta farvel med ein del av poenga du har samla saman. Dette er igjen ein motivasjon for å byggje opp komboar. Om du sliter, og døyr ofte, kan du alltid kome deg på beina om du har poeng nok.

Mykje å tafse på

Når spelet er over, vil du få tilgang på ein «Director's Cut»-versjon av spelet, og denne er litt lenger, fortel litt meir, og er litt vanskelegare. For alle som vil spele spelet om igjen, er denne heilt ypparleg. I tillegg har spelet nokre andre kjekke modusar å bryne seg på. Du kan spele mot bølgje etter bølgje av fiendar, forsvare sivile, eller konkurrere mot vener om å skyte flest mål. Spelet er perfekt for alle som vil setje seg ned med litt enkel underhaldning i nokre timar, sidan spelet støttar opp mot fire spelarar samtidig.

Av det mindre interaktive ekstramateriellet finn vi eit galleri som fyller seg opp med konseptbilete, eller 3D-modellar av forskjellige ting i spelet etter kvart som du oppnår forskjellige mål. Det artigaste ekstramateriellet kjem likevel gjennom forskjellige videoar, og den aller største bonusen: Musikk. The House of the Dead: Overkill er stappfullt av herlege songar skreddarsydde for spelet. Desse er, i likskap med Isaac, fulle av bannskap og tematikk som vil få håra til å reise seg på ryggen til ein kvar forelder som ser på det som nødvendig å lære ungen sin folkeskikk.

Eg likar spesielt songen frå mannen som fortel sonen sin at han ikkje er faren hans, han berre lå tilfeldigvis med mora hans. Før han legg ut i ei ganske interessant forteljing om korleis han hadde seg med ein mutant. Artige saker dette her.

Konklusjon

Om du vil ha eit spel som utelukka er prepubertal underhaldning på sitt aller, aller verste, då er The House of the Dead: Overkill ein sikker vinnar. Historia er heilt på trynet, men du ler. Det er umogleg å ikkje le av dei håplause tinga som blir sagt i spelet. Det er som ein skikkeleg dårleg B-film, med skikkeleg lågt budsjett, og skikkeleg dårlege manusforfattar og ... ja, du skjønar nok kva eg vil fram til.

Eigentleg betyr det fint lite om du får noko ut av historia eller ikkje. The House of the Dead: Overkill er knall underhaldning for ein eller fleire spelarar. Spelet viser verkeleg at Wii er den ideelle maskina for ein sjanger som forhåpentlegvis har like lita interesse for å døy, som zombiene (unnskyld, mutantane) det handlar om.

Diskuter artikkelen i forumet

House of the Dead: Overkill Wii Wii 7/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 13. februar 2009
  • Plattform: Nintendo Wii
  • Utgiver: SEGA Europe
  • Utvikler: Kuju Entertainment

Forsiden akkurat nå

Til toppen